Jump to content

Bugten

Members
  • Posts

    24
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Bugten

  1. Har stort sett brukt 65 grain N 140 bak 250 grain swift. Denne kula er som kjent ganske hard , og hadde sikkert passa betre med N 150, men eg har kun 51 cm løp, og seinare krut gjev masse munningsflamme.
  2. Lurer på kva skinne det blei, den ifrå Ken Farrell eller ? Stål eller alu ?
  3. Heilt eining med Barks, dette er ikkje å rekne som noko salgsvare. Hadde sjølv ein 4 - 14 x 44 , og i motsetning til Barks hadde eg ikkje god erfaring med den. Over 9 x forstørrelse var det umuleg å skarpstille trådkors med bakgrunn , fekk dobbelt kors når resten var ok. Men denne går jo berre til 9 so ... Ein annan (og i dette tilfelle svært viktig) ting er at det har vore problematisk å få utført garantisaker på desse Conquest-kikkertane. Mvh Bugten
  4. -Fylke: Sogn og Fjordane -Kommune: Førde -Fadder: Bugten -PM -Riflepatroner, enstasjonspresser. -Ca 20 års erfaring, 6-7 ulike kaliber.
  5. Då ser det ut til å løyse seg, Spesialvarer i Førde kunne skaffe ein brosj i 9,3 mm. Med ein slik innvendig brosj er det ikkje rare jobben å fikse dette antar eg ...
  6. Kan sjølvsagt kjøyre nye hylser, men syns i utgangspunktet ein smultring var litt for lite problem til å kassere denne lotten på 100 hylser Hadde tenkt å la dei gå so lengje halsane ikkje sprekk og det ikkje blir urovekkjande tynt med gods ved trykkringen . Må inrømme at eg ikkje har prøva forestertrimmeren til utvendig fresing endå , men den "er ikke tilstrekkelig til jobben" also ? Ole-Johan og 35VRM; dersom de veit om ein innvendig brosj til 9,3/.366 so fortel meg kvar eg kan få tak i den !
  7. Det er fullt forståeleg det ! Og slik eg trudde det var. Det som eg finn litt pussigt er at mange die-fabrikantar har dier for 6,5mm-06 Ackley Improved , men ikkje for kaliberet som den utgår ifrå. Takk til PLÅ , skal snakke med Trond ang. RCBS. Om nokon kjenner til fleire alternativ so fyr laus. Dette er elles eit ledd i førebuingar til eit evetuellt ekstra løp til Kongsbergen min. Det er jo alltid fornuftig å sondere tilgongen på verktøy ein treng før ein kontraherar.
  8. Ok, ser ut til at eg må ta den utvendige jobben då. Takk for svar !
  9. Javel, takk for svar ! Forstår ditt svar som at det ikkje er samme kaliber ? Samtidig ser eg ikkje nokon 6,5-06 i listene, kan nokon hjelpe meg her ?
  10. Har lada 9,3x64 i lengre tid, med RWS-hylser. Dei er sikkert lada om 15-20 gonger og har blitt gløda no og då. Har halspressa, men likevel har det danna seg ein smultring i overgong skulder / hals. Denne er det vel best å fjerne innvendig (?) , men fres til dette formål har eg ikkje klart å oppdrive. Har Forster-trimmar. Men dei leverer ikkje "inside neck reamer" til .366 seier Trond (Hjemmelading). Han kunne heller ikkje sjå at andre levrandørar hadde dim`en. Alternativet er vel å dreie av på utsida, men er dette god praksis ?? Ser for meg dette som litt "skummelt", dvs bruddanvisning , lite kontroll på godstjukkleik i overgang hals / skulder osv. Er eg på bærtur her ? Tar imot råd med takk !
  11. Kjapt spørsmål: Er dette identiske kaliber ? Har sett etter dier i 6,5-06 , og ser at diverse produsentar har verktøy i 6,5mm-06 Ackley Improved. Vanlegvis er vel "Ackley Improved" - patroner retta ut , fått brattare skulder og kortare hals, er dette tilfelle her og ?
  12. Jackrussel har rett, og dei (jerven) anbefalar Kiwi Camp Dry. Ein ting til ; pass på å velge eit program utan sentrifugering ....!
  13. 64'en er breiere over ræva. 66 går vel i standard(30-06, 308 osv.) støtbunn. Og ikkje berre over ræva, 64 -hylsa har større diameter på resten av kroppen og (utanom halsen sjølvsagt) ,ein reknar at volum på -64 og -66 er tilnerma lik. Ergo kan ein og bruke ladedata frå den eine til den andre (med varsemd sjølvsagt). Ei -66 patron vil mate betre i ei ex -62 kasse , dvs billegare konvertering , + ein slepp og å gjere noko med bolten. Hadde nok konvertert til 9,3 x 66 sjølv istaden for -64 om den hadde eksistert på den tida.
  14. Hei Poacher ! Kva heiter støtta / arrangemanget du brukar på bildet ? Er det ein kombinasjon av fleire innretningar ? Den såg stødig ut
  15. Det var vel helst omvendt vel ? Ein robust ekspanderande først (f.eks. swift A-frame) , og so solide deretter ( når dyret f.eks. er på farten vekk og oppfølgjingsskot må passere 3/4 av dyret for å komme til maskinrommet). Har ikkje erfaring på området sjølv (dessverre) , støttar meg på litteratur frå Svein Solli her (anbefalt på det sterkaste).
  16. Prisen på ladekomponentar er vel å ansjå som lik ja. Lange , gode låskasser passande .375 H&H er skjeldnare , og dyrare. Sjølvsagt utan betydning for dei som allt har ei. Nokon vil meine at kortare og meir kompakt kasse kan vere ein fordel (i so tilfelle vedvarande), men bevares .375 H&H er ei glimrande patron for det ! Men dette er jo ein tråd ang. fordelar/bakdelar med 9,3 x 64 .
  17. Det er heva over tvil at .375 H&H er meir kurant som kaliber. Men den krev ei laaang kasse... Og det er ein kostnad og "ulempe" som vedvarer , hugsar ikkje sist eg leita etter tomhylse-leverandør.. Men det er klart, om ein likar å kjøpe "ferdigrulla" so..., med meg er det omvendt
  18. Har ei Tikka M65 i 9,3 x 64 . Fekk kamra om frå 62 for ca 10 år sidan. Om du har kome over ei fin rifle i kaliberet er det slettes ikkje "høl i huet" å kjøpe den. Kva rifle er det ? hadde den dette kaliberet originalt ? Då eg kamra om, måtte det justerast litt på mating og magasin, so sjekk at den matar fint, -og med butte kuler. Pipa bør vere 60 cm eller meir (synest eg) for å få utnytta det ekstra volumet i.f.t. 62-en. Hvis ikkje vil mykje av krutet brenne opp utanfor pipa når ein prøver å utnytte potensialet med dei seinare krutsortane. Det er og ein fordel om stokkjen ikkje er allt for kontinental, d.v.s ikkje har mykje fall ved hælen. Ein vil då unngå mykje munningshopp, og nærkontakt med siktet. Desverre tilbyr monge Europeiske produsentar kun svineryggar som mest er tilpassa ståande skyting , men dar finst unntak. Den største fordelen med 64 vs 62 synest eg er at den er meir fleksibel å lade. Ein kan "fyre opp" dei tyngste kulene litt om ein vil , eller ein lade behagelege treningsladningar. Ein kan og velge mellom fleire krutsortar og ladningar, ergo betre sjangs å finne go-ladninga. Den vil og ofte få lavare trykk sidan ein anvender seinare (medium) krutsortar, d.v.s meir harmonisk patron. Hylsa er 2mm lengre og diameteren på hylsekroppen er jamt over ca 1,5 mm større enn på 62-en. Den brenn ganske rett ein del meir krut , men ikkje 10-15 grain . Dette ser du sjølv i Ladebokja. Då eg "konverterte" skifta eg samstundes originalkappa til ei deccellerator, og totalt sett vart børsa mykje behagelegare å skyte med enn før. Det er alltid bra å bruke ei solid kule. Dar er monge kuler idag som er gode nok , sist kjøpte eg Accubond , dei har eg ikkje har prøva ut endå. Hylser er i værste fall eit problem ein gong. Men eg trur vi kan avblåse dette problemet og, meiner Trond "Hjemmelading" Alvestad hadde RWS-hylser inne sist eg spurde han. Om ikkje fiksar han sikkert snart. Sitat Leon: "820m/s med 286grs nosler og 833m/s med 18,5 oryx, begge fyrt med 77grs norma 4 og fed. 215 hetter. Patronlengde i min børse var 90-91mm" Eit godt råd: Ikkje start med denne ! Leon har tydelegvis ein long magnum-kasse og tilpassa friflukt , dette går vel ikkje ned i ei standard mauser ? Normal makslengd for patroner hjå meg er 85-87 mm. N 150 er svært anvendeleg i dette kaliber.
  19. Stiller meg "på vent"-lista, sidan det passar dårlegt med arbeidsperioden min.... Men kven veit ? brått dukkar Flesland opp i siktet
  20. Bugten

    .45 Blaser

    Har interessert meg litt for denne kreasjonen. Passar vel godt ihop med Blaser-konseptet i og med at den er kompakt og sånn, elles kastar vel Solheimen seg over telefonen til Blaser imorgon for å forhøyre seg om alternativet.... Då kan det vel hende dei svarar "-425 What ???" So då vil det avhenge av eventuell levering av Blaserpipe frå Fossdal ! Veit ikkje heilt kor hard konkurransen er her, men kva var dei viktigaste kvalifikasjonane ? Reknar med dette er ein av dei. Elles hadde den vel "rebated rim", er vel heller ikkje sett på som ein styrkje ? Hmm, om ein halspressar ,- vil ein ikkje då unngå den meste av hylsestrekkjet ?
  21. Tikka M 65 heilstokk - 9,3 x 64 (ex 62).
  22. Wow ! må seie dette var ei særs komfortabel børse å skyte med ! Men eit av vilkåra for det er nok at ein enten har skytestøtte som her eller to-fot, og det er vel og det som er meint frå produsent. Vekta og den rette stokken gjev lite munningsvipp, og venstrehanda kan gjerne brukast til å halde stokken i rett posisjon mot skuldra (a-la mg) v.h.a. den vesle kanten under kolben. Avtrekkjet var prima , og ein fekk fort følelsen av kontroll over "timinga" på skotet. Om ein hadde valet so ville nok eg valt vekk rekyldemparen/"trykkbølje-generatoren", den er fullstendig overflødig på ei børse med denne vekt, iallefall med den ladninga vi prøvde . Moglegt ein hadde fått litt meir munningsvipp då, men dar er plenty å gå på. For samtidig som om ein dempar litt rekyl, er det ikkje so triveleg å vere den som eventuellt skulle konsentrere seg ved sidan av... Det var betydeleg skilnad på å stå ved sidan av skyttar , og 1m lengre bak (samt å skyte sjølv). Dørene på standplassen stod regelrett å blafra etter kvart smell.. (hmmm, kanhende vinden og spela in her..) Det er jo litt krut som skal forbrennast her, og det blir vel kanhende endå verre med seinare og meir krut (vi brukte N560 x 85 grain). Det einaste eg hadde å anmerke var altfor long auge-avstand med denne montasjen, skulle tru eiegaren hadde dårlege erfaringar frå "nær-kikkert-opplevelsar " frå før.
×
×
  • Create New...