Jump to content

rsubsonic

Members
  • Posts

    197
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by rsubsonic

  1. Har ein kompis som har ein eldre Coonan. Har prøvd den en god del gonger. Her er litt erfaringar: Avtrekket er heilt greiit. Sikta er ikkje optimale til konkurransebruk. Bittesmå og ikkje justerbare. Det har vore ein del problem med å finne ammo som får den til å repetere pålitelig med .38 Special, sjøl med svak rekylfjør. Fordi slide'en er så tung må det være ein del futt i ammoen, så det er ikkje all fabrikkammo som er pålitelig. Funker som regel, men av og til får ein feilfunksjon. Som regel midt i eit stevne. Mi meining er at dette er eit magnumvåpen, så bruk det til magnum. Bruk noko anna til Militær og grov.
  2. Kronograferte Coonan'en til ein kompis med 357Mag ladninger. Huskar ikkje tala, men eit viktig poeng er at vi fekk litt høgare hastigheit i 5" Coonan enn i min 6" S&W 686 revolver. Det er nok på grunn av gasslekkasjen mellom tønne og løp i revolveren. Hvis ammoen held faktorkravet i 6" revolver vil den sannsynligvis gjere det i ein 5" Coonan også.
  3. Kjøpte ein sprayboks på Våpenloftet for ei stund sia og har brukt det på pistol og rifler. Som våpenolje er det den beste eg har hatt. Veldig gode smørjande egenskaper. Metalloverflatene blir skikkelig "smooth" (i mangel av eit bedre ord). Vær forsiktig med avtrekk som ikjke er justerbare. Hadde ein liten sprut i avtrekket på Tanfoglio'en min og då vart det ein del gram lettare. Er nåkken få gram over vektkravet endå, men fekk meg ein liten overraskelse på første vektkontroll etterpå. Når det gjeld rustbeskyttelse så veit eg ikkje kor effektivt det er. Har coat'a ei blånert Tikka T3 med stoffet. Har gått bra så langt, men så har eg ikkje akkurat prøvd å framprovosere rust på rifla heller. Fungerer forresten bra i dørlåsar og på glidelåsar i skytedressen.
  4. Vi satser på å rekke et par runder før vi må flise tilbake til byen for å rekke lagsmesterskap i felt i Olsvika.
  5. Kan fortelje litt om min Tanfoglio i tilfelle det kan være til hjelp for andre. For 5-6 år sia kjøpte eg ein Limited. Måtte inn til børsisen og få justert returfjøra på avtrekker fordi avtrekket var på ca. 100g. Ellers hadde den store problemer med å dra ut tomhylser på en del sorter fabrikkammo. S&B ammo var spesielt ille. Fikk feilfunksjon på kvart 5. skudd. Minst. Børsemaker justerte på utdrager for å utbedre problemet, men det vart aldri heilt bra. Eg fann ein lot med ammo som fungerte bra så eg klarte å leve med problemet eit par år. Etter kvart begynte eg å lade sjøl og det viste seg at pistolen fungerte problemfritt med heimelaga ammo. Til slutt vart eg lei av å lade disse småpatronene og eg fekk lyst til å få den til å fungere med all ammo. Børsemaker nevnte at han kunne prøve å polere kammeret litt for å lette utdrag av hylse. Fekk aldri somla meg til å levere den inn til børsemaker, men tok ein tur til Biltema og kjøpte poleringsbits og voks. Etter ein runde med polering vart funkjsonering betydelig bedre, men ikkje heilt bra. Tok ein skikkelig runde til med polering av kammeret i forrige veke og monterte ei “Extra power extractor spring” som eg kjøpte fra Henning for eit par år sia. Reiste på bana forrige onsdag for å teste med ein pakke S&B og ein pakke Geco ammo. Lo and behold! No tygde den S&B ammo som om det var smågodt. Ser ut til at den endelig er friskmeldt.
  6. Har ikkje prøvd alle, men Dillon sin Case Lube har aldri gitt meg problemer. Lader mest 6,5x55 til baneskyting. Tømmer hylsene i ein isboks, 3-4 sprut med lube, røre litt rundt og la det tørke nåkken minutt så er hylsene klar til sizing. Tumbler vekk Lube'en etter sizing. Kjem ALDRI til å ta i ei smørepute igjen.
  7. Takk for eit artig stevne. Her ein liten snutt frå skytinga: http://vimeo.com/48285146
  8. Det høres bra ut. Skulle akkurat til å høre om 0930 ferga var tidlig nok. Då har vi brukt dagen på å montere kikkerter og skyte inn rifler så no er vi klar.
  9. Eg kjem. Har klart å rekruttere ein kompis til også, Er det 100 penger i startkontingent? Er nok bare 3.5-15x, men syns foreløpig optikken er bra. Håper berre posten får montasjen fram i tide.
  10. Nice! Får forresten kanskje testa nyekikkerten min hvis eg får tak i montasje før helga:
  11. Her er kart for dei som ikkje har vore der før.
  12. Værmeldinga ser bra ut: http://www.yr.no/sted/Norge/M%C3%B8re_og_Romsdal/Haram/S%C3%A6berget/langtidsvarsel.html Vurderer å drite i samlagsstevnet og heller reise til Sæberget. Treng litt trening med jaktrifla også. Edit: Det er vel samme bane fremdeles?
  13. Det kan vel beskrivast som eit jaktfelt stevne med litt meir romslige reglar en njff har. Og med innlagt teoridel. Det er krevande og varierte hold. Skiva som skiller gutter fra menn er vel stående på grevling, 100m. BR-holdet er også ei lita utfordring på 200m hvis det bles litt. Stevnet kan absolutt anbefalast og det er glimrande trening til jakta.
  14. Skal delta i klasse 2 på lørdag. Felt på tirsdag.
  15. Det er jo nesten i nabolaget, så det blir eg gjerne med på.
  16. Tesla32: Trur eg skjønner ka du meiner. DFS har hatt eit problem med rekrutteringa i mange år. Det er få personar i alderen 20-40 som er aktive i mange skytterlag og då må gamlegutta holde koken og drive laget vidare. Derfor er nok gjennomsnittsalderen veldig høg i styret i mange skyttarlag. Slike "eldre herrer" er gjerne generelt litt skeptisk til endringer, spesielt når det gjelder ny teknologi. Dei veit heller ikkje så mykje om nyare skyteformer som praktisk, langhold og slike ting og er derfor gjerne skeptisk til denslags. Derfor er det viktig at vi som er "unge" tar oss tid til å være med på dugnader, i kommiteer og styrer. Det er den beste måten vi kan være med på å påvirke ting i laget.
  17. Hvis styret eller konkurranseskytterane i laget er "pamper og bedrevitere" så er det fordi dei er "pamper og bedrevitere". Ikkje fordi dei er medlem av DFS. Kan ikkje huske å ha sett nåkke vedtak frå DFS om at ein skal oppføre seg som rævhol mot andre skyttera. Det er viktig å skille mellom enkeltpersoner i skytterlaga og forbund.
  18. Dette er nåkke som går på tillit, så det blir gjerne slik at det er personar som styret kjenner og stoler på som får egen nøkkel. Dermed blir laget kritisert for å være ein "gutteklubb" eller "kompisgjeng" der utenforståande ikkje får tilgang (les: nøkkel). Men eg har ikkje nåkken bedre idé til korleis det kan gjerast.
  19. Hojsann. Gjekk glipp av starten på denne, men hiver meg inn. Som høggern lurer eg også på ka vi i DFS egentlig har gjort gale for å fortjene sånn kritikk? Eg høyrer ein del sure kommentarer i blant og vil kommentere nåkken av dei her: Her syns eg faktisk DFS har gjort ein genistrek i å standardisere våpenet som blir brukt. Også å begrense modifikasjoner. 1. Saueren kostar i dag under 16000,- klar til bruk, inklusive reim. Det er mindre enn mange matchpistoler. Korkurranserifler for match skyting i NSF kostar gjerne ein plass mellom 20000 og 60000, men typisk rundt 30k. 2. Fordi det ikkje er lov å modifisere Saueren er det ganske trygt å kjøpe ei brukt børse. Eg hadde ikkje nølt med å kjøpe ein 5 år gamal Sauer fordi den vil være nesten nøyaktig som den kom frå fabrikken. Det er sikkert derfor folk er villig til å betale nesten nypris for børsene. 3. Eg begynte med DFS skyting for å bli ein bedre skyttar, ikkje for å bli børsemaker. Og har du sett... Jaggu vart eg bedre til å skyte etter kvart. Også med jaktvåpen. Sånn sett har DFS forbedra MIN praktiske skyteferdighet, heilt i henhold til formålsparagrafen. Forske på våpen og ammunisjon gjer eg med jaktbørsa og "langholdsbørsa". 4. Alle stiller på like vilkår. Eg slepp å konkurrere mot folk som har 3 ganger dyrare våpen enn meg berre fordi dei har råd til det. 5. Eg slepp å være misunnelig på andre sine børser. Ellers så er det i alle fall slik at hos oss kan jegerar godt stikke innom elektronikkbane når det er trening og prøve jaktbørsa si på 200m eller 100m elektronikk. Forutsatt inskoten børse og ammunisjon som ikkje ekspanderer. Kvifor jobbar ikke Norges Fotballforbund for å fremme basketball, håndball og golf i norge? Dei brukar jo alle ball, så derfor burde det største forbundet jobbe for all ballidrett i Norge. Eller? Det er vel naturlig at eit kvart forbund jobber for å fremme SIN idrett. Er det ikkje? Eg er medlem i pistolklubb der alle får egen nøkkel til anlegget og slik som det ser ut der vil vi ikkje ha det på vår riflebane. Ingenting uten kulehol. Dei fleste riflebaner har utstyr for fleire hundre tusen og då seier det seg sjøl at folk ikkje han herje med det som dei vil. Folk gjer mykje rart når dei ikkje blir observert av andre. Derfor blir det ofte til at det er aktive konkurranseskyttarar som får tilgang til bane utenom faste tider. Det er som regel dei som må reparere ting som blir ødelagt, så dei har stor interesse av å halde ting i orden.
  20. Eg hadde heilt klart valgt Zeiss'en sidan du skal bruke den til jakt. Eg kjøpte ein slik Vortex Viper PST 4-16x50, men returnerte den fordi eg syns optikken var for dårlig. Har ein Zeiss Conquest på jaktrifla og den har mykje bedre optikk.
  21. Ooops. Eg vart vist litt politisk korrekt, ja. Det er ikkje ein vane eg har og det var heller ikkje med vilje. Misforstå meg rett. Eg betviler ingens evne til å skyte og faktisk treffe på lange hold. Det eg betviler er viltets vilje til å stå i ro etter at kula har forlatt skytteren. For å presisere så er det skudd på vilt når flygetida er lang eg ikkje liker. Holdet er egentlig mindre relevant hvis skytteren er god.
  22. At det er mange som regelmessig kan treffe ein blink på størrelse med ei kråke på over 200m er det ikkje tvil om. Det er ikkje spesielt vanskelig med skikkelig utstyr. At ei .22lr kule er i stand til å drepe ei kråke på over 200m tviler eg heller ikkje på Den har tross alt godt over 200 m/s fremdeles. Å skyte på vilt på 200m+ med .22LR er likevel ein forbanna uting. Grunnen til det er at ei standard velocity kule bruker ca 0,7 sekund på å komme fram til 200m og over 1,1 sekund på å nå 300m. Derfor har ein null kontroll på kor kråka er, eller ka den driver med når kula når fram. Hvis ikkje den sitter og sover, da. Dette sure oppstøtet var ikkje meint spesielt på deg barerobert, men til alle som syns at slik "langholdsjakt" er veldig kult.
  23. Takk for et supert stevne. Koste meg virkelig i sola. (Spesielt etter 98p på finfelten med X-esse'en. ) Standplass 2 var litt for vanskelig for meg med militær. Den kan nok med fordel få litt lenger tid på militær og revolver. Syns fallfigurane på ligg var greie. Med bra innskutt våpen går det greit å treffe dei sjøl om framsiktet blir større enn figuren. Halve figuren stikk jo over siktet. (I alle fall på mine våpen.) Blir kanskje litt verre dersom ein har fiberoptisk sikte og er innskutt til å treffe der prikken er. Ellers såg vingemutteren litt stressa ut bak pc'en, så han kunne nok trengt ein assistent frå starten av. Hvis det blir vanskelig å få tak i nok mannskap neste år, så er det jo mulig å høre med Ålesund PK om dei kan låne ut eit par kropper. Litt samarbeid burde være mulig i eit så lite skyttermiljø.
×
×
  • Create New...