Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Posts posted by magnum_mauser

  1. I 9,3x62 har eg skutt ein del hjort med 250 grns barnes tsx (gamletypen utan plastspiss), heimelada. Eg hugsar ikkje i farten kva ladning og fart eg hadde, men eg begynte på minimum og lada meg ca halvvegs til maks, då fekk eg god presisjon og stoppa der. Eg skaut dyr (hjort) opp mot 200 meter og hadde aldri problem med manglande ekspansjon - men tanken var der kvar gang eg skaut dyr på lengre hold.
     

    Eg kjøpte også eit par pakker med Fox fabrikkammo, 220 grns. Eg testa desse først på 10 meters hold på vannkanner med plankebiter mellom, eg synes dei opna i underkant lite. Eg skaut ein hjort med desse i fjor, og det er einaste dyret eg har skutt med 9,3 som hadde meir enn 5 meter fluktstrekning. Dyret kom seg ca 50 meter og på oppsparka der dyret låg, kunne ein sjå at dyret hadde kava ei stund før det var over - lungeskot. Slaktet var naturlegvis ikkje fint, svært mykje blodslag. Eg har skote eit knippe dyr i 9,3 med gamle tsx og nosler partition - og felles for desse har vore kort/ingen flukt og flotte slakt.

     

    Eg kjøpte eit par pakker 250 grns naturalis som eg har tenkt å prøve på hjort i haust, men eg kjenner at eg ikkje er heilt overbevist om at det blir bra. Eg har ikkje høyrt om dårlige erfaringar med denne kula i 9,3. Men eg kjenner fleire som har forsøkt den i 6,5 - og det gjekk ikkje bra.

  2. Eg har mest erfaring med å spore skada hjort med hunden i band. Eg har ved nokre tilfeller slept hunden laus og det har resultert i stålos og fall - seinast for få dager sia. Men dette har vore tilfeller der dyra har vore relativt hardt skada, men fortsatt relativt mobile. Dei har ikkje vore villige til å ta ut når dei får hunden etter seg, det har blitt stabil stålos etter maks 200 meter. 
     

    Nokon som har erfaring med å sleppe hunden etter skada dyr som ikkje nødvendigvis er hardt skada? Til dømes eit dyr som har skade i fot, ryggtagg, streifskudd osv - vil desse dyra stå for hunden på samme måte som eit dyr som er vomskutt?

  3. Egg er blitt veldig glad i anorakker - kenguru-lommen er vanedannende! Eg har anorakker med vanntett membran, hybrid og ein i vadmel. Dei fungerer godt til kalde og våte dager, men eg savner ein anorakk til dei varmare haustdagane - har ein gode alternativer der? 

  4. Handle børsa der du får den til 12500.- 

    Ein ting er at selger ikkje forsøker å matche ein konkurrerende pris, nokon han på ein eller anna måte burde gjere. Men det vesentlige her er måten han møter deg på! Folkeskikk burde ikkje vere mangelvare i servicenæringer, og blir du møtt på denne måten i ei forhandlingsrunde, korleis blir det dersom det blir reklamasjon i etterkant av handelen?

    • Like 1
  5. Eg har skjeldent vore so sint som eg vart på ein xxl butikk for eit par år sia. Dette var då xxl solgte ut store deler av varelageret sitt og når eg kom innom ein butikk hadde dei nettopp satt ned prisen på ferdigrulla lapua Mega i 9,3x62 til 200 kr eska, samt dei solgte oryx kuler i samme kaliber til ein latterlig lav pris. Eg spurte ein ansatt som jobba der om det var greit at eg kjøpte hvis eg framviste bilde av våpenkortet, som eg hadde på telefonen - i tillegg til legimitasjon. Han konkluderte med at det ville vert godt nok til å kunne kjøpe via nettbutikken og dermed var det godt nok i butikken også. Eg gjekk fornøgd til kassen med 10 pakker Mega og ein haug kuler. I det eg skulle dra kortet kom der ein svenskefaen springande som hadde overhøyrt oss og stoppa handelen. Sjølv om  eit bilde var godkjent til kjøp i nettbutikken, kunne eg berre gløyme det i fysisk butikk. 
     

    Han var både tverr og uforskamma og sjølv ein traust sunnfjording som i utgangspunktet ikkje har for vane å bli sint i forhandlingssituasjonar fekk svært høgt blodtrykk. Eg gjekk derfrå uten handel men med ein formidabel puls!  😂

    • Haha 1
  6. Slik eg har tolka effekt/bruksområdet til denne, so ville den ha vore eit godt alternativ til dei som har jaktvåpen med mykje rekyl.

    Eg har sjølv relativt lette jaktrifler i både 338 en, 9,3x62 og 416, og noko som fjerner noko lyd, mykje rekyl og i tillegg er relativt lite/lett - hadde vore ein kandidat til mine våpen. Synd at ein ikkje får desse til f.ex 9,3 eller grovare. 

  7. Eg vurderer ein skikkelig oppgradering av min cz 452. Det blir i tilfelle eit nytt avtrekk, ny stokk og optikk. Pr i dag står det ein Nikon stirling mountmaster 3-9x40 på den, med retikkel med kulebanekompensator. Det som plager meg mest med denne kikkerten er at den er av ein slik optisk kvalitet at dersom eg stiller dioptrien slik at retikkelet er skarpt, går det på bekostning av kvaliteten på bildet, er retikkelet skarpt, må paralaksen stå på ‘uendelig’ og då er bildet i beste fall ullent. I tillegg er ikkje klikka heilt nøyaktig på denne. 

     

    Salongen min er i all hovedsak eit instrument for mengdetrening relatert til jakt, blinkskyting på alt frå fallfigurer til papp. Eg skyter på hold frå 30 til 100 meter - men desidert mest på rundt 60 meter.

     

    Eg trenger ikkje ein lyssterk kikkert, men ønsker eit skarpt bilde og pålitelig mekanikk. Kompensator i retikkel eller utvendige tårn vil eg helst ha, men det er ikkje avgjerande. Eg skyter for det meste på x6, og trenger strengt tatt ikkje variabel forstørring, men eg vill ha moglegheiten - 3-9 eller der om kring er perfekt til mitt bruk. Om eg trenger paralaksejustering eller ei, veit eg ikkje? Mesteparten av skudda som går gjennom børsa er mot diverse blinker på 60 meter. 

     

    Eg har eit dårlig kikkertsikte til ca 1200 kr i dag. Hvis eg tenker maks 5000 kr, men i utgangspunktet ikkje meir enn nødvendig - for noko som er bedre enn det eg har og som innfrir mine krav. Har dykk då nokon gode alternativer? 

  8. M67 skrev (På 19.4.2019 den 23.22):

     

    Men HV ammo er ekstremt følsom for vind, så det kan være litt der, uten det forklarer alt.

     

    K

    Husk at det ikkje finnes dumme spørsmål - berre dumme folk! 😁 Men kan nokon forklare meg kvifor HV er meir følsom for vind enn SV? Uten at eg nokon gang har grubla over dette, so ville min første tanke vore det motsatte 🤔

  9. Eg kombinerte ny kaffekvern og covid. Eg sleit ein del med å bli klok på den nye kverna, fordi lukt og smak var temmelig redusert. Når eg omsider begynte å få tilbake lukt&smak, var det berre å justere kverningsgraden på nytt! Eg enda opp med å kverne veldig fint slik at kaffen vart fryktelig bitter, fordi då kjente eg omsider noko som minna om smak - men det er godt å kunne kose seg med god kaffe igjen! Kvardagsglede er igrunn kraftig undervurdert! 

  10. Sunnmøring skrev (12 minutter siden):

    GRS..KKC.. og Boyds er vel de som først faller ned som alternativ.. jeg har GRS på min 455..

    Takk for tips. Veit du om det er norske forhandlere som har boyds på lager? Fekk opp ymse treff på brownells, men ingenting på lager og ingenting som kunne bestillast. 

  11. Eg har i dei seinare år vert flink å trent mykje med salongen, kjekk og effektiv trening som eg har hatt stor nytteverdi av som jaktskytter. Salongrifla mi er ein cz 452 med akseptabel presisjon, men skjeftet og avtrekket kunne definitivt vore betre - eg vurderer derfor å oppgradere begge deler.  Men det ser ut som einaste skjefte ein kan får tak i her til lands er kkc - gode skjefter, men litt stiv pris til ein gammal cz. Om ein ikkje ynskjer å styre med handel frå utlandet, er det andre alternativer å oppdrive her til lands, som eg ikkje har fått med meg? Kravet til nytt skjefte er strengt tatt eit bedre skjefte enn den lille planken som børsa er levert med 😂

  12. Sia sist eg skreiv her, so har eg oppgradert kvern, eg enda opp med Baratza virtuoso+. Eg er i utgangspunktet godt fornøgd med den, den kverner jevnt og det er god byggekvalitet. Det er eit par småting som irriterer meg, som at den er litt knotete å gjere rein, samt bønner som spretter rundt i beholderen uten at kverna får tak i dei - men jevnt over er dette ei god kvern.

     

    Eg kjøpte Hario V60 i haust og forsøkte meg litt på den bryggemetoden, uten at eg følte at eg fekk særlig dreisen på det. Derfor har eg siste vekene konsekvent brukt den, og no når eg har fått innarbeida ei rutine so brygger eg jevnt over veldig god kaffe med den. 
     

    Eg fekk gjort ein avtale med eit lokalt kaffebrenneri, so eg får kjøpe ein lysbrent bærtørka kaffi i «bulk» til ein hyggelig pris hjå han. I tillegg har vi kaffeabonement hjå Tim Wendelboe og får 3 poser med ulike bønner kvar mnd - slik at vi får variert litt. Livet som kaffedrikker og livet generelt, vart litt betre når interessen for kaffe og brygging vart litt meir en mockamaster og Friele 😂

    • Like 1
  13. Nils Søvik skrev (39 minutter siden):

    Det kan være noe så enkelt som bensin slangen som er dårlig når den bare går på tomgang når den ligger på siden, har ei gammel Husqvarna 45 kubikk på jobb som fikk samme symptom, den ble bra med ny slange. Bensin slangen er lett å bytte å koster lite. Jeg kjøpte også ei ny Husqverna 45 kubikk som vi bruker nå så har vi den gamle i reserve.

     

    Men det er jo alltid kjekt med ny sag så hvorfor ikke kjøpe ei ny. Om du får liv i den andre saga så er det jo alltid kjekt å ha ei i reserve.

     

    Hjemme bruker jeg ei eldre Jonsered 42 kubikk og ei nyere Husqverna 45 kubikk begge med 13 tommer sverd som brukes til det meste, Jonsered'en blir mest brukt av disse to.  Så har jeg ei eldre 65 kubikk Stihl på større trær, sistnevnte blir ikke brukt så veldig mye på grunn av vekta, men det er ei knall god sag. 

    Eit verksted gjekk gjennom saga og justerte forgasseren, for å sjå om problemet kom seg. So det er dessverre neppe ein quickfix 🤢

  14. Her var det mykje kunnskap, drister meg til å kuppe tråden litt. 
    Far min har eit gårdsbruk der det er rikeleg med tilgang på ved, samt han trenger aktivisering. Derfor har eg kjøpt kløyvar og vi produserer no vår eigen ved (eigentleg idioti at eg har kjøpt ved i alle år). 
    Men i den forbindelse skal eg også sage ned ein del grov skog, blandt anna ein del forblåst og grov lerk. Eg har ei Husqvarna 135 mark ii, som duger fint til lettare arbeid - men eg ser at den blir litt spinkel til grov skog. Eg skulle derfor forsøke ein rimligare løysing og kjøpte det eg trudde var ei fint brukt Husqvarna 55, som eg kjøpte nytt 15’’ sverd og kjeder til. Det viser seg at mest truleg er saga mykje brukt(utslitt), den går ikkje på tomgang - bortsett frå hvis eg holder den sideveis. Eg er blitt førespegla at den vil bli dyr å reparere - eg skrur ikkje sjølv.

     

    Derfor vurderer eg no å kjøpe ei ny sag, ei som eg kan forvente å vere driftssikker og som har kraft til å handterer grovare skog. Eg har derfor sett på ei Husqvarna 550 gxp, då kan eg flytte over sverdet (som eg betalte blodpris for) eg kjøpte til 55’n.

     

    Synspunkter? 

  15. znopi skrev (1 time siden):

    Rovfugl? Om han har blitt utsatt for et angrep fra lufta, så er det ikke rart han blir skeptisk. Da kan selv en "uskyldig" fugl i lufta bli oppfattet som en farlig trussel.

    For øvrig helt enig at en hund ikke tar skade av å tilbringe tid i luftegård. At en må holde de med selskap hele tiden, døgnet rundt er bare tull. Ikke om en skal bruke hunden til jakt.

    Eg tviler på at det er rovfugler, det handler nok om at han har sett kattene til naboane utanfor luftegården og har forsøkt i desperasjon å få tak i dei. 

  16. Kennethj skrev (2 timer siden):

    Du har en hund, et flokkdyr.

    Hunder bør i de fleste tilfeller få tilbringe mest mulig av tiden sin med flokken sin, altså menneskene den bor sammen.

    Har man ikke tid til hund bør man rett og slett enten omorganisere hverdagen eller la noen med tid til hund overta hunden.

    Eg har bestandig brukt luftegård til mine hunder, men eg har brukt det fornuftig - i det meiner eg at hunden veksler mellom å være i luftegård og være inne.
     

    Mine hunder har bestandig trivast i luftegården og denne hunden vil dit sjølv - når vi kjem tilbake frå tur f.ex so er det der han vil. 
    Ein hund tar ikkje skade av å stå ute - ein skal vokte seg for å gje hunden behov som kanskje handler meir om menneske/eigar sitt behov. Eg trur forøvrig at ein hund har det bedre av å stå nokre timer ute i løpet av dagen, der den får bruke sansane sine - framfor å ligge på lading foran ein ovn eller i ei korg.
     

    Hvis ein hverken jobber, studerer eller har unger, so er det sikkert uproblematisk å la kvardagen sin sirkle rundt hunden - men det er ein luksus dei fleste av oss ikkje har. 

    • Like 1
  17. Eg har ein terrier som blir 2 år til sommaren. Han har stått i luftegård heilt frå han kom til oss, og han har alltid trivast der. Men før jul fekk han ein smell i ryggen når han sto ute i gården, eg mistenker at det er nabokattane som har terga på han og han har herja slik at han fekk ein skade. Han klarte omtrent ikkje å gå når vi kom heim og skulle ta han inn, men no er han bra igjen.

     

    Men no er utfordringa at han klikker heilt rabiat av å være i luftegården - eller i nærleiken av den. Han går over i «drapsmodus» og det er tydelig at han trur det er noko i, eller rett utanfor luftegården som må drepast. Setter eg han inn, går han over i full los og springer so fort rundt i ring at eg vurderer det som uforsvarlig å la han vere der - han kjem til å skade ryggen på nytt om han herjer slik.

     

    Eg har forsøkt å gå mykje i band rundt luftegården, då blir han veldig aktivert og løper rundt og leiter etter noko - dette har ikkje avtatt til tross for at vi har gjort det daglig i fleire veker. Og i det han kjem inn i luftegården, går det i svart. 
     

    Det å ikkje kunne ha han i luftegården, passer svært dårlig! Vi har to små unger og det er travle dager, det å sette hunden ut nokre timer pr dag er nødvendig for oss og godt for hunden. No har eg forsøkt tilvenning utan særlig hell, er det andre ting eg kan prøve for å normalisere hunden sitt forhold til luftegården igjen?

  18. Stihl Crazy skrev (2 timer siden):

    Lanullva er 100 ull, woolpower er 70% ull, 28% syntetisk og 2% elastan.

    Ahh, det er woolpower sine eg har. Eg var ikkje klar over at Lanullva lagar frotte! Eg har vurdert å prøve dette merke (i vanlig ullundertøy), då enkelte skryter dette merket opp i skyene 🤔

  19. Stihl Crazy skrev (14 timer siden):

    Eg kjøpte woolpower 400 «jakka» den med glidelås heilt ned her om dagen, får sjå kor nøgd eg blir. Verkar og vera varm iverfall men er ganske så mildt no då. Eg har og brukt Lanullva, varme men er lite slitesterke, noko eg meinar dei opplyser om og. Er jo 100% ull så det går vel ut over noko. Håpar woolpower skal tåla meir.

    100% ull, er du sikker på det? Eg har 400 og 600 gram, fantastiske plagg som blir mykje brukt - bortsett frå at eg HATER! at 600 grams jakka blir levert med ekstra lange armer med tommelhull! Men eg meiner bestemt at dei er i ei ullblanding med omlag 70% ull og 30% syntetiske materialer. 

  20. Snuser på ein brukt 700 safari, rustfri med syntetisk skjefte, Børsa er i grei stand, men stokken er slitt og stygg. Korleis er det med tilgang på nye stokker til denne børsa? Eg ser i utgangspunktet etter eit syntetisk skjefte.

    I min pure ungdom hugser eg at til dømes midway hadde (uendelig) utvalg av diverse syntstokker til f.ex m97, rem 700 osv. Men etter eit googlesøk fant eg ikkje so mykje, utover eit par laminatstokker.

  21. Eg veit at rekylopplevelse er subjektivt og at utforming på stokk, vekt osv speler inn. Men er her nokon som har satt demper på ei standard jaktrifle i 416 (ikkje ein langholdsrigg i 416 lapua) som kan seie noko om korleis du opplever rekylen i ei dempa 416?

     

    Eg er kjent med 416, då eg har hatt to 416 rigbyer, den siste har eg fortsatt. Eg opplever rekylen som håndterbar, men i øvre grense for kva eg klarer å skyte godt med. Men det er so mykje rekyl i mitt våpen at eg valgte aimpoint fordi eg på min første rigby opplevde at skytestilling og montering av våpenet i skuldra måtte vere 100% for å unngå blodige augebryn. Og når eit våpen har sopass mykje rekyl, begrenser det mitt bruksområde. Eg er ute etter eit våpen eg kan bruke til skogsjakt/smygjakt som eg kan ha kikkertsikte på, uten å måtte håndtere den som ein skikkelig (magnum), at eg til dømes kan skyte raskt eller frå ein litt kronglete skytestilling uten fare for årelating av augebryn 😂

     

    Eg har aldri fått testa 416 med demper, og det hadde vert interessant å høyre brukererfaringer med det.

  22. Då er hjortejakta over for i år! For min del har det vore ein seig haust med mykje jobb pr felte dyr. Bestanden er minkande samt i september og oktober var det unormalt varmt og vått, det vart mange turar uten å sjå snurten av dyr - noko som er unormalt i mine terreng. 
     

    Men eg fekk sopass med dyr til slutt at både eg og grunneigarane har kjøtt i frysen til neste haust 😉 Og til tross for lite dyr har det vore mangen fine turer og opplevelser, fekk skutt to dyr for unghunden og det var stas! Eg brukte 308’n med rws sin evelution green, den er eg veldig fornøgd med, sofremt ikkje holda er veldig korte. Eg skaut også eit par dyr med 160 grns ttsx, som også gjorde jobben - men eg er alltid litt nervøs med tanke på ekspansjon når eg bruker den kula. Utover det fekk 9,3’n også lufta seg. Eg skaut 2 dyr med 286 grns partiton, og her vart det som forventa knall&fall og fine slakt. Eg skaut 1 dyr med 220 grns fox, det slaktet såg ut som det var skutt med granat 😳 men eg skulder på at dyret var stressa før det vart skutt, samt det var svært kort hold (20 meter) og ei 220 grns kule i 9,3 går relativt fort på slike avstander. Eg skal prøve den igjen til neste haust og forhåpentligvis ser slakta litt betre ut.

     

    Ellers prøver eg alltid å reflektere litt over kva eg kan lære av hausten som har vert, og kva eg kan gjere betre til neste haust. Og i år har rett og slett psyken og innstillinga mi til jakta påvirka utøvelsen i negativ forstand. Eg merker det at eg blir påvirka av å sjå mykje mindre dyr enn eg normalt gjere, eg mista dermed litt trua på det eg heldt på med, og jakta dermed ikkje so effektivt. Eg bevegde meg litt for fort i terrenget og var ikkje flink nok til å bruke kikkerten. Og det er kanskje spesielt i slike situasjoner, der ein virkelig bør ta vare på alle sjanser ein får, at det ikkje er rom for å slurve! 
     

    God jul godtfolk, no kan vi glede oss til neste haust!

    • Like 8
×
×
  • Create New...