Jump to content

Ein beskjeden pølsemaker lærling frå vest......


Mauser68

Recommended Posts

Ja, denne helga har vore utrulig artig, det må eg sei. Eg har hatt ein beskjeden gutt frå Vest på besøk her, MrMju eller Faste som han blir normalt kalla. Me har hatt ein stri tørn med å lage hjortepølser i helga, samtidig som eg slo sammen mine andre kjøtt foredlings gjeremål denne helga også, iallefall det som skulle røykes. Fekk spørsmål tidligare i haust om MrMju kunne få væra lærling på "pølsefabrikken" og det kunne eg nesten ikkje sei nei til. Og på Fredag så starta me opp med jobben.

 

Faste fekk nett kome innom døra og helse på familen, før han blei satt i arbeid.

Fastekorv1.jpg

 

Her har me fått tømt litt kjøtt og kverna litt spekk, og det er klart for å blandes med salt og krydder.

Fastekorv2.jpg

 

Her er begge mann i full gang med eltinga av pølsedeigen.

Fastekorv3.jpg

 

Faste tømmer i ei blanding av hjortekraft, svinekraft, vatn og potetmel i blandinga.

Fastekorv4.jpg

 

Fastekorv5.jpg

 

Her er alle egga kome i blandinga også, no skal det eltes på nytt igjen..

Fastekorv6.jpg

 

Her er undertegnede klar med tarmen, den har blitt skyllt med vatn, og klar til bruk..

Fastekorv7.jpg

 

Faste er lærling, så han må selfølgelig jobbe for "lønna", han ser derimot litt skeptisk ut..

Fastekorv8.jpg

 

Her er første pølsa på veg ut av maskina, aner eit lite fornøyd glis her..

Fastekorv9.jpg

 

Her er første ladninga av produskjonen..

Fastekorv10.jpg

 

På slutten, så gjekk me tom for tarm, og det var litt pølsedeig igjen. Dvs eg hadde ein liten pose med tarm i fryseren, men det blei seint på kveld og tining ville ta tid. Så derfor blei det laga skikkelige gode karbonader istadenfor. Overivrig i tjenesten som Faste var, så måtte han stikke nesa si i alt eg gjorde... 8)

Fastekorv11.jpg

 

Sjekk størrelsen på karbonadene, dette er ei 32 cm steikepanne/sautepanne.. :mrgreen:

Fastekorv12.jpg

 

Etter ein lang dag med jobb, so smaker det godt med ein middag.. Klokka blei 23.00 før middagen blei servert, men til gjengjeld så var det ikkje kva som helst middag heller. Faste var kokk og laga hjortebiff, soppstuing av kantarel og rødløk, og mandelpoteter i oljemarinade med kvitløk.. Skikkelig herremåltid. :)

Fastekorv13.jpg

 

Her er alle kjøttvarene i røykehuset før røykinga tar til..

Fastekorv14.jpg

 

Skikkelig røyk er viktig...

Fastekorv15.jpg

 

Her er undertegnede på veg med ein liten påfyll med spon...

Fastekorv16.jpg

 

Gutten i røyken, det er plagsomt masse røyk i røykjehuset..

Fastekorv17.jpg

 

Say no more, pføy....

Fastekorv18.jpg

 

Og Søndagsmiddagen måtte være av lokal variant, så Faste fekk selfølgelig smaka på smalahove.. Og alt gjekk rett ned for uten eit blunk, flink gutt det her.. 8)

Fastekorv19.jpg

 

Og her er pølsene nesten ferdig røykt, Faste måtte ha med produktene sine heim, så dei blei tatt ned litt før røyken hadde lagt seg.. Min del henger fortsatt i røykjehuset, og der skal dei hengje til i morgon kveld, før dei havner i fryseren.. :)

Fastekorv20.jpg

 

Det blei 57 hjortepølser av ca 22 kg med pølsedeig.. 8)

 

Til slutt må eg berre sei, eg blei imponert over arbeidsviljen til Faste og for ei koselig helg dette blei. Me jobba, åt godt, koste oss me litt drikke og lo godt av gode historier undervegs.. Kjerringa blei påspandert 15 røde roser av Faste, og for at eg ikkje skulle havne i dårlig lys, måtte eg jo kjøpe ein bunt eg også.. Så kjerringa var svært fornøyd med valget av lærlingen min og at det havna 30 roser på bordene i helga.. Det er sjelden kost her i huset utenom morsdager og gebursdager ( :oops: ) So tusen takk for ei knallfin helg Faste, so får me håpa at pølsene vart gode, og at me får nyta godene etter denne strålande helga me hadde i lag..... :D

Link to comment
Share on other sites

Me hadde det heilt fortreffelig i helga, det skal eg love deg Maral. :mrgreen:

 

Og lista over søkere er eg redd blitt litt i lengste laget for ein som produserer i so små skala som meg.. Men det er kjekt at de likar tråden og den type arbeid. I dei trådene eg har om pølsemaking og røyking, så står det ein del gode tips der, sjekk linkene under her :

 

Tråd om pølsemaking :

http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=5&t=12312

 

Tråd om røyking av kjøtt :

http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=5&t=6658

Link to comment
Share on other sites

Mmmmm, eg har hatt ein runde med den ferske og nylaga pølsa her i dag.. Eg har smakt betre, men eg har jaggu meg smakt mykje værre pølse og.. Men eg var ikkje so fornøyd med årets pølse, som fjorårets, uansett om ein bruker samme oppskrift, så blir den ikkje lik. Men den var absolutt godkjent, det må eg tilføye. :)

Link to comment
Share on other sites

Nei du seier noko der Ferieguru, det er fullt mulig å lage pølser uten, det har eg testa. Men eg må sei at det er ein fordel å bruke potetmel, sånn eg ser det, med at pølsa blir fastere.. Men eg har laga pølse med kun egg som bindemiddel, og det funka det, men du må kanskje bruke litt mindre kraft/veske og du må elte den meir, sånn at du får deigen skikkelig stiv med eltinga.

 

Edit : Og det er vel ikkje Gilde sin ide, er det vel ? Det har vel vært brukt i pølseproduksjon lenge før Gilde blei etablert, meiner eg å huske..

Link to comment
Share on other sites

Her er forresten oppskrifta som me benytta i år, omtrent samme som fjoråret i grunn. :)

 

16 kg hjortekjøt

5 kg svinespekk

1.5 liter hjortekraft

1 liter svinekraft

2 liter vatn

400 gram potetmel

38 ts salt, delvis toppa

8 ts finmalt pepper, delvis toppa

8 ts koriander, delvis toppa

24 egg

 

Krafta kan erstattast med vatn, men pga litt saltinnhold og krydder i denne, så kan ein auke salt og krydder mengden med et par ts..

Link to comment
Share on other sites

  • 1 year later...
Mmmmm, eg har hatt ein runde med den ferske og nylaga pølsa her i dag.. Eg har smakt betre, men eg har jaggu meg smakt mykje værre pølse og.. Men eg var ikkje so fornøyd med årets pølse, som fjorårets, uansett om ein bruker samme oppskrift, så blir den ikkje lik. Men den var absolutt godkjent, det må eg tilføye. :)

Har du varm eller kaldrøkt pølsene dine?

Link to comment
Share on other sites

Takk for gode kommentarer Jaktlykke og Graahund. Då har eg sendt Mr.Mju avgårde, med bagasjerommet fullt av godsaker her, og helga har på alle måtar vore vellukka. Knakande kjekk fyr, flink å ta til seg lærdom, og er i grunn snart ein befaren pølsemakar. Tråden om årets prosjekt, blir å finna i denne tråden her. :

 

http://kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=5&t=45823

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...