Mauser68 Posted August 16, 2009 Share Posted August 16, 2009 Ja, då er sommarferien over for i år, i morgen er det jobb igjen, sukk….. Men tenkte eg skulle leggja ut litt bilder av ølbrygging eg og faren min gjorde i sommar. Me var på hytta hans, og hadde funne ut på forhånd at me skulle prøva å brygga øl saman etter gammalt. Her er er utstyret som blir brukt, ein 160 liters syrefast kjele, 200 liters rostefat, og eit avkappa 200 liters fat, til meske kar.. Så fyller ein kjelen opp med vatn. Har i sprake/brake/einer Så tar ein og legg trekubbar i botnen, for å få litt klaring over kranen i dunken, det blir lagt musenetting og hønsenetting oppå dette, for å lage ein sil, sånn at kornet ikkje set seg i kranen Når dette har kokt ei stund, silar me av spraken, og ein får sprakelog, med flott farge Så fyller ein litt sprake oppå sil systemet, for å både gje litt smak og ein slags grov sil. Her er kornet, det er hoved ingrediensen, 25 kg går med Så har ein litt humle i lag med sprakelogen, og kjøler dette ned til ca 70 grader.. Så har ein i kornet, og blandar dette godt, dette blir kalla meisking. Meisken blir fylt opp på rostedunken, forsiktig til å begynna med, på slutten så blir den berre helt over. Har litt humle i lag med. Humla er viktig for smaken og ikkje minst for at den har ein konserverande effekt.. Så der ja, rostedunken inneheld no 25 kg med malt, humle og ca 130 liter med sprakelog. Denne skal no stå i eit par timar, før ein begynner å renna den… Her er renninga av vørteret starta, litt forsiktig renning i starten… Dette blir hella over i bryggekjelen, undertegna er konsentret, her må ein ikkje søle, dette er verdifulle dråpar!! Her er alt kome over i bryggekjelen og det er stormfyring med planker som lokk… Her er det begynt å koke, dette skal koke i minst 1 time etter siste vørteret er kome på kjelen.. Etter det er kokt opp, så blir det nedkjølt. I dette tilfelle kjølte med det ned til 25 grader, og hadde i gjærstoffet. Dette skal då stå 3-4 døgn og kose seg.. Gjæren stopper stort sett når sukkeret er brent ut.. Men me pleiar å stoppe det litt før, for å få litt søtstoff igjen i ølet. Når gjæringa har stoppa, eller blir stoppa, så tappar med det over på dunkar.. Dunken er snart tom….. Her er gjærstoffet samla på botnen.. Dette blir tappa over i ein eigen dunk for seg, og blir ståande i kjøleskapet til neste brygging.. Då skal det brukast på nytt igjen… Her er dunkane på rekke og rad, dei blir sett til nedkjøling etter det er tappa om. Då skal det klarne. Det går ein del fortare med å bruke klarningsmiddel på dunkane, men me pleiar ikkje å gjere dette. Skal prøve klarning i neste gong eg bryggar. No skal det nytast, oppskoka er ofte det kjekkaste med heile brygginga. Berre ølet blir bra !! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
HB Posted August 16, 2009 Share Posted August 16, 2009 Sjå der ja Mauseren,detta var saker Fine bilde og eg veit att ølet ditt blei bra Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Münsterjeger Posted August 16, 2009 Share Posted August 16, 2009 Nydelig tråd, og godt dokumentert! Løper til Øl-skapet mitt og tapper meg en Wit med en gang! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Mauser68 Posted August 16, 2009 Author Share Posted August 16, 2009 Takk for det folkens. Kvalitets sikring er eit must i desse tider.. Jau ølet vart ikkje så dumt på smak, ingen usmak for å sei det sånn, men eg blei som sagt litt skuffa over at det ikkje blei tjukkere og litt meir maltsmak på det.. Det som skulle blitt eit passelig tjukt og godt slags juleøle ( som me likar det..) blei eit helst tynt og lett sommarøl.. Men det er jo sommar, og så lengje det ikkje blei dårlig eller surt, så skal me væra fornøygde. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Egil Posted August 16, 2009 Share Posted August 16, 2009 Steike Mauser! blei utrulig tørst nu egentlig, he he. Det der må jeg se å lære meg, du kommer til å få pm en dag for spørsmål og div. Men hvor mange prosent ca trur du at ølet ditt holdt, får du det som vanlig pils, rundt 4,5%? Bør en ha en viss temperatur ute for å ordne det, eller kan en gjøre dette hele året? Og, hvor lang tid tar denne prosessen med tillaginga? Spennende det der synes jeg... Hjemmelaga øl i grillhytta til viltkjøttet... planer dukker opp i toppetasjen når en ser sånne tråder som dette... Kjempetråd Mauser! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Mauser68 Posted August 16, 2009 Author Share Posted August 16, 2009 Ein kan i bunn og grunn brygge heile året, MEN frå gamalt av, så hadde du hundedagene om sommaren, då var det i grunn forbudt/bortkasta å brygge for det blei berre surt øl... Me trossa dette denne gongen her, det er vel første gongen eg brygger i sommar halvåret.. Ellers så er det stort sett til jul me brygger. Prosent styrken på ølet ligg vel stort sett mellom 6 - 8 % trur eg.. Så det er stort sett sterkøl det er snakk om. Enkelte gonger, ligg den nede på pils nivået, men som regel litt over. Denne brygginga her tok i grunn heile dagen, men det er takka være dårlig kjøle muligheiter. Ein kan brygge på 7-8 timer, dersom ein har skikkelig kjøling og effektiv varme/ovn under kjelen.. Og sjølvsagt etter kor mykje ein står på. Ellers så pleier eg gjerne å begynne på Fredag kveld, med vasking og koking, og tar og mesker kornet og får det på rostedunken og lar det stå til neste morgen, før eg renner, då ryk nesten 2 døgn totalt. Hehe, du får berre sette i gang Egil, ta ein kikk på denne posten min i portalen, der er stort sett alt i detaljer. Skal du brygge og treng hjelp, så er eg kun ein telefon unna, så hjelp skal du få. : http://www.kammeret.no/portal/oppskrifter/110-brygging-av-vossaolheimabrygg Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.