Jump to content

predatorjeger

Recommended Posts

Har lenge hatt i tankane å lage til ei jaktbu der ein kan jakte både hjort, rev og det som skulle vere. Klarte omsider å få faren min med på prosjektet, og bygginga av jaktbua er såvidt igong. Blir ei lita bu, men uansett optimal. Kjem til å vere 5 kanta, med dør på den eine sida, og 4 forskjellige skyteluker på dei andre sidene. Kvar side bli ca 1,60m58d7ae6cdf470_TEPROSJEKT.PNG.c32a8899637765042cc0ec8dfceec557.PNG                                               Bua er den blå rundingen i midten, og dei blå sirkelane skal vere åteområde der ein strør ut hundefor, og ting på den størrelsen. Større ting slik som slakteavfall o.l blir dumpa i ei hole (blå prikk) der det veks noko kratt som ein spiss nedover bøen. Om vi ser til venstre for bua ser vi eit raudt område. Dette er eit område som skal bli ei nyatlege no iår, og der kjem hjorten til å gå. Mykje av dette området er opplyst av eit lys nede på småbåthavna, men blir selfølgelig ikkje skote noko anna ein rev der, om det ikkje er månelys. Heile området rundt bua er eigentleg hovedområdet til hjorten når han kjem innpå bøen om natta. Så dette bli ein konge post for hjortejakt mot slutten av året (om vi har fleire igjen på kvoten). Ifrå bua skal vi ha to lyskjegle (Brunst åtelys) som lyser opp på kvar si side av åtegropa(blir skytelys ved gropa og). Det svarte feltet nede i fjæra er ein normal sitteplass for kråker, so dei og lever farleg om dei landar der eller på åtet. Dei blå stripene viser normale trekkruter for reven, mens dei raude er hjorten sine. Det er storeområder med bø til venstre for bildet og, og hjorten/reven kan sjølvsagt og komme der ifrå. 17547667_1277908902296397_2009771479_o.jpg.e50d4fc47457635d98ec2cfcfcae0979.jpg                            Her ser ein eit bilete av plassen bua skal stå på. Ser ut som det er lengre hold enn det det eigentleg er. Som sagt hunn 80m opp til stømpålen oppe i skogkanten. Inne i sjølve bua er planen å ha ein stol som ein kan snurre 360 grader, og ha gode skytestøtter ut alle lukene. Fleire oppdateringar kjem :grin:

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...