Jump to content

Potetkake - Oppskrift


Marlinman

Recommended Posts

På våre kantar er potetkaker rekna som festmat. Kanskje fordi det er mykje arbeid med å laga dei og at dei derfor er litt eksklusive? Det er då tale om store tynne kaker, ikkje "lomper". Om ein ikkje klarar å lesa avisa gjennom dei så bør ein kunna sjå bakstefløya gjennom den ferdige kaka når ein snur den!

 

Dei er fast følgje til lutefisken med smør på og som kaffimat med smør og strøsukker.

 

Oppskrifta er enkel:

3 kg rå uskrella poteter (2,3 kg rå skrella)

Salt

Kveitemjøl.

Lettrømme

 

Om ingrediensane er få og enkle så krev det dess meir i arbeid og teknikk. Opplæring hjå nokon som kan knepa er å anbefala. Vi fekk eige bakekurs, berre for menn, i regi av det lokale Bondekvinnelaget. Tusen takk til Birgit for godt kurs!

For dei som ikkje har nokon i nærleiken som kan læra frå seg skal eg prøva å skildra framgangsmåten.

 

Tidsbruk

Av denne oppskrifta vert det 18 kaker. Frå ein byrjar å skrella poteter til ein er ferdig å vaska opp går det i alle fall 4 timar.

 

Redskap

Som i livet heldest er godt redskap halve jobben.

 

Kvern

Til å mala potetene i. Eg brukar ei (kjøttkvern) som vert montert på kjøkkenmaskin.

 

Kjøkkenmaskin

med eltekrok til å elta potetmassen. Det går fint for hand og, men massen er klissete og legg seg snart på fingrane

 

Takke

Eg har ei Meteor L5 med diameter på 46 cm og effekt på 2000 W (Meteor.no). Den er "lett". Får ein tak i ei gamal i støypejern så gjev den jamnare fordeling av varmen.

 

Bakefløy

Mi er av ask med totalmål 64 x 4 cm med handtak på 11-12 cm. Den må vera forma som eit sverd, tynn og med "egg" på begge sider og spissa i enden.

 

Bakeduk

Til å baka ut kakene på. Strukturen i duken "held" på mjølet og gjer at kakene ikkje klistrar seg så lett fast.

Seglduk ca. 60 x 60 cm, dukvekt ca. 400 g/m2. Eg bestilte bomull seglduk kvit natur farge, 410 g/m2, Ubehandla, frå hovedsmann.no. Ha to-tre stykker. Har det fyrst klistra seg deig i duken er det berre å finna ny duk.

 

Kjevle

Kjevle med rutemønster til å baka ut kakene med.

 

Redskap_zps8b0b8c73.jpg

 

Bakekost

Til å kosta mjøl.

 

Steikjespade

Til å løysa kaka frå duken når den har klistra seg fast og til å skrapa av takka og bakeduken.

 

Rist

Til å kjøla kakene på

 

 

Ingrediensar

Poteter

Ein må ha poteter av ein sort som er egna for baking. Eg har hatt gode resultat med Asterix og held meg til den. Andre sortar som er eigna er Beate, Peik, Standard og Troll.

 

Salt

Vanleg fint salt. Saltet gjer deigen seigare og lettare å baka. Det skal ikkje vera så mykje salt at kakene smakar salt.

 

Lettrømme

Skal og gjera deigen lettare å baka. Kvifor lett- og ikkje Seterrømme veit eg ikkje, men oppskrifta frå læremeisteren seier so.

 

Framgangsmåte

Skrell potetene og kok dei. Ha "litt" (1 ss) salt i vatnet.

Når dei er kokte, sil av vatnet og lat dei slå frå seg.

Strø over "litt" (1 ts) salt og mal potetene 2 ganger.

Lat potetmassen kolna.

 

Maling_zps15dc42f3.jpg

 

Ein lagar ikkje til all deigen med ein gang. Det går så lang tid med utbaking at deigen etter kvart vert råare/fuktigare og uråd å arbeida med. Ein kan og ta seg inn i runde to og ha i litt meir kveitemjøl om deigen i runde ein vart for klissete.

 

Når potetmassene er kald del den i 3 like deler.

 

Ha ein del i bakebolle i lag med ei god spiseskei rømme.

Bland i kveitemjøl til "passe deig", kva no det er. Kunsten er at det skal vera så lite mjøl i deigen som råd. Deigen vert lettare å arbeida med om ein har meir mjøl i, men kakene vert ikkje så gode. (det er mellom anna det som skiljer proff og amatør...). Dette vil sjølvsagt variera etter sort og kvalitet av poteter. Sist eg baka målte eg opp og fann at 1,5 dl var høveleg.

 

Elting_zpscabded82.jpg

 

Slå på takka. Potetkaker skal steikjast raskt på høg varme. På Meteor takka er trinn 7-8 høveleg

 

Elting2_zpsca3ec3f5.jpg

 

Elt deigen til den er som ein bolledeig.

 

Elting3_zps9d1462e6.jpg

 

Ha den over på bakebord og elt den litt til med litt kveitemjøl.

 

Rull ut til ei pølse og del den i 6 like store emner, ca. 130 gram kvar.

 

Polsa_zpsa89acb45.jpg

 

Bollar1_zps6c57213e.jpg

 

Rull kvart emne til ein så perfekt bolle som råd. Bruk litt kveitemjøl for å hindra at det vert klissete. Til finare ein får bollane til lettare er det å baka ut runde kaker med jamn kant. Det er lettare å få fine bollar om ein ikkje har alt for mykje mjøl på bordet slik at bollen klistrar litt. Med for mykje mjøl sklir den i mjølet i staden for å rulla.

 

Bollar2_zps3f59b9b7.jpg

 

No byrjar utfordringa. Her er og skilnaden på proff og amatør kor lite mjøl ein kan klara seg med. Til å byrja med så

svarar det seg å vera på den sikre sida. Har ein fått fuktig deig som klistrar seg til bakeduk og kjevle vert det trist og leit og ein har mest lyst til å gje opp.

 

Ha kveitemjøl på bakeduken og stryk det utover med handflata.

Legg emnet (bollen) oppå. Klappa den flat og rund til ca 7-8 cm dia. Strø over mjøl og kost det utover med handflata. Snu kaka med fløyen, strø over mjøl og fordel det utover med handflata.

 

Baking1_zps86b747f6.jpg

 

Kaka skal ikkje vera kvit av mjøl. Overflata skal vera fløyelsaktig. Kjevl ut emnet til 15-16 cm dia., strø på litt mjøl, fordel med handflata, snu med fløyen, strø på litt mjøl, fordel, kjevla, mjøl, fordel, snu og så burtetter.

 

Baking2_zps8ab51e8e.jpg

 

Snuing

Før fløyen under heile kaka, frå eine til andre sida, med ei lett sagande rørsle for å vera sikker på at den er laus frå duken. Set deretter inn fløyen med omlag 2/3 av kaka på eine sida og 1/3 på andre sida. Løft opp og snu ved at "2/3 delen" kjem ned på duken fyrst, så rullar ein fløya slik at resten av kaka kjem ned.

 

Baking3_zpse78fc49e.jpg

 

Når kaka er ca.35 cm i dia. er den klar for steiking. Bruk same teknikken som før og "snu" den opp på takka. Steik den "litt" på eine sida, snu og steik andre sida, snu på ny og steik side ein ferdig. Ein gjer det på denne måten for å halda på fuktigheten i kaka slik at den ikkje skal bli tørr.

 

Steiking1_zpsb880dbec.jpg

Side ein klar for 1. snuing

 

Steiking2_zps0e11b775.jpg

Snudd ein gang, steikjer side 2 ferdig.

 

Steiking3_zps5574f518.jpg

Snudd to ganger, steikjer side 1 ferdig.

 

Legg ein kjøkenhandduk på rista. Når kaka er ferdig så legg den på handduken og dekk over med ein handduk til.

 

Ferdig1_zpsf219f7b0.jpg

 

Skrap av takka med steikespaden slik at den er klar for neste kake.

 

Når dei fyrste 6 emna er blitt ferdige kaker lagar ein nye emner av den neste 1/3 av potetmassen, o.s.b.

 

Ferdig2_zps7fcb8e84.jpg

Resultat av 4 timars arbeid...

 

Tips og triks

Grovare duk er betre å baka på, men problemet er å få stryka den glatt nok etter vask. Stryk bakeduken før bruk. Damp og max. varme.

 

Snu ofte til du får føling med kor mykje ein kan kjevla før deigen klistrar seg fast.

 

Det legg seg snart eit belegg på bakefløyen, særskilt etter at ein har snudd kaka på takka. Det gjer at den vert "harkjen" og ikkje glir så lett mellom kake og duk eller takke. Bruk ein tørr gryteskrubb i stål (borespon type) til å gjera rein fløyen. Ein kan bruka den same metoden på kjevlet og.

 

Om ein har plass så ha reserve bakeduk liggande klar med mjøl på ved sida av den du brukar. Når (ikkje hvis) det klistrar seg fast i duken snu kaka over på den andre duken. Skrap av deigen som har klistra seg fast med steikjespaden og gni inn mjøl. Snur ein kaka ned på klissete duk så er ein inne i ein vond sirkel. Det kan gå bra, men som oftast vert det meir kliss.

 

Har kaka klistra seg fast i duken kan ein prøva å løysa den forsiktig med steikjespaden.

 

Potetmassen gror snart fast. Legg kvern, bakebollar o.l. i bløyt, eller vask dei så snart ein er ferdig med å bruka dei.

 

Oppbevaring

Potetkaker er ferskvare. Ein kan lagra dei i eit par dagar. Eg har ein lav rettvegga Tupperware boks som er 30 cm i dia. som høver fint til dette bruket.

 

Om ein ikkje et opp alt med ein gang kan ein frysa kakene. Brett dei dobbelt og legg i høvelege porsjonar i frysepose. Dei må liggja flatt og plant ved innfrysing.

 

Oppskrifter

Kaffimat

Smør heile kaka med eit tynnt lag "godt" smør / Setersmør / Kviteseidsmør. Lettprodukt høyrer ikkje heime her!

Brett kaka dobbelt og skjer den i to. Legg på serveringsfat.

Set fram med strøsukker ved sida av. Om ein sukrar kakene når ein lagar til vert dei fort klissete.

 

Fingermat / Forrett

Potetkaker kan fyllast med alt som er godt! Legg fyllet ut på kaka, rull saman, skjer i høvelege bitar og sikra kvar bit med ein tannpirkar.

 

Snøfrisk smøreost, dill, røykelaks og honningsennep.

Spekeskinke, oliven og reven parmesan.

Her er det berre å prøva seg fram.

 

LUKKE TIL!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...