Jump to content

donrysj

Members
  • Posts

    7
  • Joined

  • Last visited

donrysj's Achievements

Rookie

Rookie (2/17)

  • First Post
  • Conversation Starter
  • Week One Done
  • One Month Later
  • One Year In

Recent Badges

0

Reputation

  1. Takk for tips:) Då er det nok hare, sidan eg aldri har hørt om vill kanin på desse trakter..
  2. Fann igjen nokre bilder frå ein tur eg hadde på fjellet våren 2014. Lurer på om nokon kan hjelpe til å identifisere kva slags dyr desse spora kjem frå?
  3. Mange gode tips som må sjekkast ut når det nærmar seg vår. Det med endringane i Grimevatnet var interessant. Korleis var artsmangfoldet frå byrjinga av? Går ut frå at vatnet frå naturens side ikkje inneheldt alle dei fire fiskeartane gjedde, røye, aure og ål? Fungerte økosystemet optimalt før abboren blei introdusert?
  4. Har lenge hatt lyst til å prøve å fiske både gjedde og røye, men på vestlandet er det som regel berre aure/laks å finne i dei fleste vassdrag.. Det eg lurer på er om nokon kunne fortalt meg kor eg kan finne gjedde og røye i helst Sogn og Fjordane men også Hordaland.. Har hørt rykte om at dei skal finnast
  5. Ser ein del snakkar om bruk av rottefelle i innebygd i kasse til fangst av røyskatt. Per definisjon er jo rottefelle av typen "Rapp" ei slagfelle, og slagfeller er lovleg til fangst av mårhund, bever, mår, villmink, bisamrotte, beverrotte og røyskatt. I veiledningsfolderen til Miljødirektoratet om utøvelse av jakt, felling og fangst, står det følgjande: "Den som utøver fangst plikter å innrette fangsten slik at den bare retter seg mot de viltarter som redskapet er tillatt for, jf. § 31.". Det eg lurer på er om rottefellene verkeleg er lovlege til bruk på røyskatt, i og med at dei eigentleg er beregna for fangst av rotter? Link til veiledningsfolderen til Miljødirektoratet: http://www.miljodirektoratet.no/Global/ ... fangst.pdf" target="_blank
  6. Det med at feller til rev "skal være dekt av et heldekkende solid materiale (ikke metall), både i fangstrommet og på fallemmene" hadde eg jo heilt glømt i farten.. Ser nok ut til at eg må prøve meg litt med hammaren når eg får tid likevel. Får heller alliere meg med ein onkel som er utdanna snekker.. Har tidlegare sett på tegningane NJFF har liggande på sine sider( www.njff.no/portal/pls/portal/docs/1/37181016.DOC ), så får bli ein av dei.. Erfaring med kva som er enklast å bygge/fangar best av desse fellene? (Værmlandsk tunnelfelle, Nyåkerfellan, Smålandsk revefelle). (Dei to sistnevnte sjølvsagt utan revenetting).
  7. Lurer enkelt og greit på om nokon har erfaringar med desse to fellene til levande fangst av rev: 1. http://www.fangstmann.no/products/reveb ... e-for-rev2" target="_blank 2. http://www.fangstmann.no/products/revef ... nde-fangst" target="_blank Skulle sjølvsagt laga fellene sjølv, men det har blitt prata om i fleire år og til no har eg endå ikkje slått inn ein einaste spikar. Synest eigentleg at fellene er litt dyre, men det får heller berre vere om alternativet er ingen felle. Så lure eg litt på om desse to fellene som er ser ut til å vere laga av stål (lignar mest på eit hundebur), kan føre til at reven blir skeptisk og ikkje vil gå inn? Tradisjonelt er vel revefeller laga av treverk. Har heller ikkje moglegheit til å drive fangst over lengre tidsperiodar på grunn av at eg er borte og studerer. Er det då moglegheit å la desse fellene stå opne (ikkje spent), slik at reven kan venne seg til at det er mat å finne i fella?
×
×
  • Create New...