bragisen95

Members
  • Content count

    392
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

0 Neutral

About bragisen95

  • Birthday 06/15/1995
  1. Kan virke som at det å få til ein skikkeleg drivande hund er vanskeleg, så det har eg slått frå meg. Orka ikkje bruke mykje tid og krefter på noko som mest sannsynleg ikkje kjem til å fungere optimalt. Har snakka med div grunneigarar, og ikkje overasskande så er mange av dei imot drivande hund på hjort, rev er ein anna sak. Korleis kan evt denne bikkja vere som ein bandhund på jakt? Sist vi var i hjorteskogen hadde bikkja nasa i bakken og gikk ivrig etter noko som ligna same sporet over ein rimeleg bra avstand. Hjorten såg vi ikkje, men det skyldast nok ei som ikkje klare å gå stille eller vere stille når vi er i skogen.. Har igrunn sagt at eg ikkje vil ta over bikkja, men hadde vore interessant å vite kva dei erfarne meinar om å få ein brukande bandhund av utgangspunktet.
  2. Hei! Har ein kamerat som i slutten av 2013 kjøpte seg ei bikkje som er blanding av Beagle og Pointer (50/50), og i dag er bikkja 16mnd gammal. Den er utseendemessig lik Beagle, men litt mindre hove og litt spissare snute enn orginalen. Min kamerat har funne ut at han ikkje kan ha hund lenger. Mykje jobbing og mindre jaktinteresse går utover hundestellet. Han har no bestemt seg for å omplassere bikkja, og eg er sjølvsagt innteressert, men skepsisen er tilstades. Eg bur på vestlandet og det er då hjortejakt som er min hovudjaktform, men pga stigande revestamme er eg gira på ein brukande revehund og. Det som skyldast skepsisen min er først og fremst alderen på bikkja. Er den for gammal til å bli ein brukande drivande hund? Til no har nok ikkje bikkja vore på jakt, men den har hatt turar i skog og mark, og ifølge eigar er den interessert i hjort. Har hatt den med på tur sjølv, og kan sei at den drar godt i bandet då den har hjortelukt i nasa. Det at hjorteterrenget ikkje er det største er også ei "bekymring". Har forstått det slik at Beagle likar lange losar? Ikkje så stort interessert i ei bikkje som tar ut og eige vald og må hentast på kvelden tre vald vekke. Reveterrenget er same terrenget, men då er ikkje valdgrensene noko å tenke på lenger. Hjorten trekke vekk på vinteren pga snømengde, og kjem tilbake på våren. Forstår det slik at Beaglerasen er sta og vanskeleg å få inn. Har eit inntrykk av at bikkja ikkje er så lett å få inn den dag i dag. Er det for seint å gjere noko med det? Evt korleis? Eg er svært innteressert i jakt, og er gira på å bruke tid på bikkja. Eg har ein kjæreste, samt far og mor, som likar hund og kan bli viktige støttespillarar. Både eg og dei andre som var nemde går mykje i skog og mark, så det skal bli mosjon på bikkja. Har hund den dag i dag, og er vandt med hund, men dog ein heilt anna rase som er mykje rolegare og ikkje fullt så jaktinteressert. Det eg egentlig vil fram til, er det mulig eller verdt det å gi bikkja eit forsøk til min type jakt? På førehand, takk for alle svar
  3. Hei! Nokon som har erfaring med å bygge revebås av granstokkar, og kan legge ut bilete eller dele erfaringar? Altso ikkje ferdigskjært material
  4. Planen var å tynne ut løvskogen litt, deretter montere opp jaktstigen eller snekre i hop eit lite tårn el
  5. Hei! Har funne meg ein fin post der eg veit at det trekker mykje hjort forbi, omtrent kvar kveld/morning då den går til/frå bøen. Der er fleire trekkruter og stier som går gjennom halvtett skog. Problemet er den halvtette skogen. Mykje småbusker av rogn og or. Vil gjerne fjerne dette slik at det går an å skyte, men ein eldre kar i området meinte at hjorten ville sky området om eg begynte å ta ut skog no midt i jakta. Nokon som har erfaring med dette, eller som kan svare? Kan jo eventuelt vente til sommaren, men har lyst til å få til dette i år!
  6. Kan ein bruke Conibear 160 på mink? Eller er det for stort?
  7. Skaut vinterens første rev i natt. Ei tispe datt rett ned klokka 01.56 då ei Winchester Power Point 180gr 30.06 traff bogen. Rått!
  8. Hadde ein tur i gluggen natt til i går. Klokka 04.55 kom det en fin rev i retning åtet. Rifla låg "klar" i skyteskåret, men då eg skulle til å ta grep om rifla slo det meg inn at eg hadde glømt å ta ladegrep før eg gjore den "klar". Gjore eit forsøk på eit stille ladegrep, men reven var ikkje å sjå etterpå.. God aktivitet på åtet før mildværet slo inn, men no er det blå grader igjen, så eg har trua Tenkte meg ut ein tur no i kveld og, men "Youkon Men" må sjåst først!
  9. Er det slik at folket slår på lyset dei nettene dei skal på jakt? Må ikkje reven ha tilvenning til lyset?
  10. Fekk ut ei felle i går på ein plass det var litt spor. Fanga ein røyskatt der i fjor. Ved ein fjøs på ein anna gard eg ofte går forbi er det og mykje spor til tider, så reknar med det blir ei felle til i kveld Nåken som har prøvd leverpostei til åte? Smurte insida og delvis utsida med leverpostei frå Gilde, og la ein god klatt på utløysaren. Lenger inne i fella la eg noko halvråtna avskjær frå hjortejakta. Bruker fellekasse med Rapp rottefelle
  11. Kan viltkameraet ha noko med å gjere at reven ikkje vil inn på åta? Kameraet henge på ei delvis kvista ung-gran ca 5m frå åtet.. I går kom det godt med snø, så eg fekk lagt ut ein del åte. På veg heim frå ein kompis fekk eg auge på revespor som har gått tvers over tunet og det ser ut som om reven har leita etter mat.. Nesten som den ikkje vil inn på på åta
  12. Skaut ei stor ravn no søndag som var, nesten ei veke sidan. Ravnane kom ikkje tilbake på åta før tirsdag klokka eitt, i følge viltkameraet mitt (Litt seint å skrive, men bedre seint enn aldri)
  13. Er barmark her og, men snø rundt åta, så eg henge meg på den og! Kan være andre plassar det ligge hjorteavfall etter jakta, men som er mindre skummel enn åta mi. Får vel berre legge ut meir godsaker og smøre meg med tålmodighet
  14. Har ikkje hatt rev på åte sidan lisjejulafta. Det er godt med åte og kråkeaktivitet daglig, men likevel går spora rundt og forbi åtet ca 20m frå det godt(ille)luktande hjorteavfallet. Er skareføre der det er snø og i kveld er det like over -10 grader. Tips til kva eg kan gjere for å få den innpå åta igjen? Hadde ein periode før jul då reven var heilt opp etter husveggen fleire netter på rad, utan at det var noko mat å finne, og samt at det var god aktivitet på åtet. Jai ike skjøne..
  15. Hadde same problemet med eit liknande kamera, men problemet løyste seg fort då den tjukke tåka og regnet forsvant. Vil tru det skuldast eit dekningsproblem