Tja... Er det faktisk veldig mange fleire som har skytevåpen no enn før?
Om ein tenker på at det er ein del eldre som har vandra heden og dermed ikkje har våpen lengre. Våpen som då skal byte eigar og som kanskje ikkje har vore registert før? Det har vore våpenamnesti som har rydda vekk 18 653 våpen, både uregistrerte og registrerte. Ein del av desse skal erstattast med nye, moderne våpen. Me er stort sett forbi tida der veldig mange nye jegerar overtok eller kjøpte seg ein gamal Mauser. Det virkar som om veldig mange heller kjøper ny børse og ein del vel faktisk å berre levere inn gamle våpen for destruksjon, sidan dei ikkje har nokon særleg verdi uansett. Så at antalet søknadar har auka er kanskje heilt naturleg?
Eg har ikkje søkt etter tal, men lurar egentleg på om totalen av våpen i Noreg har gått opp? Eller ned...?