Jump to content

Humbo

Members
  • Content count

    860
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

4 Neutral

About Humbo

  1. Aspeliesvåpen

    Som nemnt, full korrespondanse er mogleg å få på PM, eg har allereie fått forespurnadar på denne. Eg prøvar ikkje å legge skjul på korkje identitet eller kva som vart skreve i korrespondansen, men i staden for å leggje den ut offentleg i si heilheit så vél eg å sende den på PM. Det er eit temmelig snevert syn på røyndomen at om mange har positive erfaringar med ein aktør, så betyr det at negative erfaringar er ubegrunna og falske. Aspelie er fullt klar over min identitet, siste epostkorrespondanse var seinast i dag.
  2. Aspeliesvåpen

    Som sagt lenger oppe, dette hadde eg ikkje tenkt noko vidare over under normale omstende. I ordrestadfestinga frå Aspelies stod det at alle kjøp skjer ihht. kjøpsloven, og eg spurte då fyren ganske enkelt om kva kjøpslova sa. At fyren då sprengde ei sikring tar eg ikkje på mi kappe, det må då vere mogleg å oppføre seg som folk, spesielt om ein driv eiga forretning.
  3. Aspeliesvåpen

    Sjå gjerne følgande lenker; http://www.help.no/HELP-bloggen/Forbrukeres-rettigheter-ved-forbrukerkjoep https://no.ehandel.com/artikler/populaer-tilbudskampanje-endte-med-erstatningskrav/380647 http://www.dinside.no/okonomi/er-tilbudsvaren-du-bestilte-plutselig-utsolgt-fa-erstatning/61096923
  4. Aspeliesvåpen

    @Mas-36, altså, det var ikkje slik at eg kom i ettertid og såg at det hadde vore salg, og så bestemte meg for å bestille noko og dermed kreve det til tidelgare salspris. Vara var i følge nettsida på lager på bestillingstidspunktet. Eg bestilde, fekk ordrestadfesting, og hadde dermed inngått ei avtale med selgar. I følge kjøpsvilkåra til selgar, så skjer alle kjøp ihht. kjøpslova, det står ingenting om utselde varer. Nettbutikkar spesifiserar som regel unntak frå kjøpslova, her er kjøpsvilkåra til Aspelies Våpen; "For nye varer etter kjøpsloven.Brukte varer som samleobjekter og plomberte våpen INGEN retur rett om vi da ikke har aventert varen helt feil.For kjøp av skarpe våpen MÅ kjøpetilatelse og godkjent legitimasjon sendes oss før våpnet blir levert.Ved salg av ammunisjon og ladekomponenter MÅ kopi av våpenkort og godkjent legitimasjon sendes oss før levering.Frakt etter Bring sine satser.Betalig forskudd til vår konto eller servicepakke som betales på posten.Vi har ett gebyr på Kr 600,- for uavhentet pakke+ frakt begge veier.Klager-feilbestillinger kontakt oss på epost så vi for ordnet opp." Som sagt, dette skjer heile tida rundtom, og eg hadde normalt ikkje tenkt noko vidare over det. Men når selgar tar den tonen i ein elles høfleg og sakleg dialog frå mi side, så valde eg å ta dette vidare. Forbrukerkjøpsloven, kapittel 5, § 21 seier; "§ 21.Rett til oppfyllelse Er leveringstiden kommet uten at tingen er levert, kan forbrukeren likevel fastholde kjøpet og kreve oppfyllelse. Dette gjelder ikke om det foreligger en hindring som selgeren ikke kan overvinne, eller om en oppfyllelse vil medføre en så stor ulempe eller kostnad for selgeren at det står i vesentlig misforhold til forbrukerens interesse i at selgeren oppfyller. Faller vanskene bort innen rimelig tid, kan forbrukeren kreve oppfyllelse. Forbrukeren taper sin rett til å kreve oppfyllelse om han eller hun venter urimelig lenge med å fremme kravet." https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2002-06-21-34#KAPITTEL_5
  5. Aspeliesvåpen

    Ut av respekt for selgar så har eg valt å fjerne utsnitta av korrespondansen og heller ta det på PM om ynskjeleg.
  6. Aspeliesvåpen

    Det er bra nokon har gode erfaringar med denne butikken, mi erfaring har vore det stikk motsette. Makan til uprofesjonell og frekk framferd skal ein leite lenge etter. Det er heldig for vedkomande at dette ikkje er det einaste levebrødet hans.
  7. Herding av blykuler.

    Bly er mjukt, mange legeringar kan ein lage merker i med fingerneglen. Så ved trykk på mange titals tusen PSI så skal det ikkje høg temperatur til for at krutkorna skal gje avtrykk i kulebasen. Det er elementær fysikk. Krutet tenner trass alt frå tennhettekanalen og framover. At kulene er sota i bakkant har eg sterk tru på, men at dei er smelta ser eg på som nærmast umogleg.
  8. Eg ser blinklysolje er nemnt, ein bør óg byte takstein på girhuset innimellom.
  9. Herding av blykuler.

    Sjå berre på ordet "gas check", og dette er omtrent sjølvforklarande. Ein gas check vert nytta for å "halde gassane i sjakk", altså forhindre dei i å blåse forbi kula (gas cutting). Skjer det, får ein resultat som vist ved biletet under. Ser no at Wikipedia faktisk er oppdatert óg, meir kan lesast her; https://en.wikipedia.org/wiki/Gas_check "It was long thought that the high temperatures melted the base of the bullet, but this is no longer thought to be the case. Instead, the high pressures allow propellant gas to escape past the bullet, causing gas cutting, which increases lead deposits in the barrel and unbalances the bullet. A gas check provides a thin layer of harder but still malleable metal on the base of the bullet that obturates to provide a seal and prevents the propellant gas leakage that causes gas cutting, and help the bullet grip the rifling."
  10. Herding av blykuler.

    Dette stemmer óg i forhold til mine observasjonar, når eg opererar med kun Pb/Sb/Sn-legeringar utan spor av Arsen så må eg opp i høgare andel Sb for å få same endeleg hardheit. Med spor av Arsen kan ein lett få 3% Sb-legeringar opp i rundt 25 BHN.
  11. Herding av blykuler.

    Ta gjerne bilete neste gong, for dette har eg vanskar med å tru. Korleis forklarar du at fyllstoff og pappskillingar ikkje brenn opp? Og betyr ikkje desse observasjonane dine at alle blykuler vil deponere bly, når krutet sin forbrenningstemperatur angiveleg smeltar basane?
  12. Herding av blykuler.

    Korleis drog du konklusjonen at deformasjon var grunna smelting? Krut som tenner frå tennhettekanalen og fram, pressar med svært høgt trykk mot basen før det oppnår fullstendig forbrenning, og kan lage ulike mønster/deformasjonar i basen. Eg har skote ein del ammunisjon med pappskilling og fyllstoff (dacron og kapok) og ein finn dei ofte igjen i omtrent same stand som då ein lada patrona. Det skal ikkje spesielt høg temperatur til for å smelte fyllstoffet. Både erfaring, og generell konsensus blant dei lærde, seier at krutgassar ikkje smeltar basen.
  13. Herding av blykuler.

    Det er ingen fasit på kor mykje ein kan herde kuler vha. varmebehandling/nedkjøling. Hjulvektslegeringar til dømes kan relativt enkelt herdast frå nominell hardheit på rundt 12BHN til over 30BHN. Som nemnt er Arsen ein viktig faktor i herdingsprosessen, ikkje så mykje for kor mykje ein kan herde legeringa, men for korleis legeringa hardnar over tid. Dess høgare innhald av Arsen, dess raskare herdar legeringa etter varmebehandling/nedkjøling, og dess lenger beheld legeringa denne hardheita. Det er fullt mogleg å herde Sb/Pb-legeringar, men utan spor av Arsen vil kurva mellom hardheit og tid sjå annleis ut. At krutgassane smeltar basen er meir ein myte enn noko anna. Blying er som regel eit produkt av lågt trykk/dårleg obturasjon, eller høgt trykk/lekkasje av krutgassar. Smøreeigenskapane og hardheit/viskositet til smurninga spelar óg inn.
  14. Dagens annonse på finn.no

    Tok for moro skuld kontakt med selgar om kva ammunisjon han hadde til sals. Fekk tilbakemelding om "7.62" og "en del". Dette må vere ypperleg for folket som likar gambling.
  15. Stillegående rengjøring av hylser.

    Ultralyd betre enn stålpinnar? Okeei.
×