Jump to content

Bjørnejakt i British Columbia mai/juni 2016


Aron1

Recommended Posts

BC_skilt.jpg

 

Har nett vært I British Colombia på svartbjørnjakt. Jakta med Guide og Outfitter Mike Christensen fra Findlay Creek Outfitters.

Reiste fra Bergen lørdag 28 mai om morningen. Ankom Calgary kl 14:00. Siden det var ca 5 timer kjøring til jaktområdet, valgte eg å reise ein dag før og heller ta ei overnatting i Calgary. Da ville vi ankomme campen i «vetig» tid på søndag. Greit å få ting på plass og testskyte våpenet før ei skulle begynne å jakte fra mandag av.

Hadde med gevær og ammunisjon fra Norge. Reiste med KLM. Mange som advarte meg om å reise med våpen med KLM, men det gjekk heilt knirkefritt. Ein må bare sette seg inn i kva ein treng av papir før ein reiser. Dersom ein reiser med KLM og mellomlander på Schiphol, så må ein søke til Nederland om å få ha med våpen. Opplysninger om dette finn ein på KLM sine sider. Løyve fekk eg i løpet av ei god uke. Reisen med våpenet gjekk smertefritt, og tollklareringen av våpenet i Calgary gjekk på 15 minutter 

 

Blei plukka opp av Mike som avtalt søndags morning kl 10:00 utenfor hotellet. Kjøreturen fra Calgary til jaktområdet var ein fin tur, sjølv om vi hadde litt regn på turen. Å kjøre over Rocky mountains er ein fin tur.

 

Rockey_mountains.JPG

Rockey_mountains1.JPG

 

 

Var innom Mike`s hus og bytta til jaktbilen. Ankom campen i seks tiden om ettermiddagen. Pakka ut og gjorde oss klar for innskyting.

 

Campen:

camp2.JPG

 

Vi kjørte opp i jaktterenget for å skyte. Mens eg skaut eit par skudd, gjekk Mike for å sjå om det var noen bjørner å sjå over andre sida på elva (Toby Creek).

Han kom tilbake akkurat når eg var ferdig å skyte. Han sa han hadde sett ein bjørn. Han plukka med seg «spotting» kikkerten sin og så for vi får å sjå på bjørnen. Bjørnen var ok, men som han sa:»Det er ikkje ein bjørn vi skyt dagen før vi egentlig skal begynne, den er ikkje så stor».

Men det var ein fin start på jakten. Lova bra for fortsettelsen.

 

bear_340.JPG

 

Første jaktdagen stod vi opp kl 7 til eit nydelig vær, åt frukost og for ut klokka 8. Kjørte opp til der vi såg ein bjørn dagen før, og jaggusanten var der ikkje ein bjørn der i dag igjen. Avstanden var litt lang. 340 meter. Vi studerte den og diskuterte om vi skulle prøve å komme oss nærmere. Men bjørnen blei ikkje værende så lenge ute på det åpne området. Den tusla inn i skogen og forsvant.

Vi fortsatte derfor oppover dalen for å sjå etter andre bjørner. Brukte heile dagen ute. Kl 20 om kvelden trekte vi nedover mot der vi hadde sett bjørnen tidligere på dagen. Gjekk innover ein skogsvei. Hadde gått ein kilometer da vi gjekk på ein bjørn som åt i veiskråningen. Men bjørnen og vi såg kvarandre samtidig, så det var ingen skuddsjangse. Gjekk eit stykke til før vi snudde. Hadde gått eit stykke tilbake da vi såg ein bjørn på 180 meter. Det var ein ok bjørn, ikkje kjempestor, men ok. Vi bestemte oss for å ta den dersom vi kom nærmere og fekk ein god jaktopplevelse. Sneik oss nærmere, men bjørnen oppdaga oss og forsvant bortover skogsveien. Vi fulgte etter. Utrulig nok, oppdaga ikkje bjørnen at vi for etter, og den roa seg ned og gjekk sakte på skogsveien. Eg kom meg ganske nærmt og la meg ned og ropte på den. Den stoppa og vrei seg litt, men ikkje nok, og heller ikkje så lenge. Den «lukta lunto» og begynte å springe. Men det var artig lell.

Gjekk i nesten 7 timer den dagen. Var ikkje vanskelig å få sove den kvelden.

 

hunting.jpg

 

hunting1.jpg

 

Morningen etterpå såg vi ein bjørn på veien eit stykke framme. Stoppa bilen og gjekk i veigrøfta mot den. Bjørnen snudde så og kom mot meg. Da var det bare å legge seg ned på veiskuldra og vente på ein skuddmulighet. Bjørnen kom sakte nedover veien mot meg. Eg var ikkje sikker på om eg kunne skyte den framifra, og siden eg ikkje hadde kontakt med Mike, så venta eg på at bjørnen skulle stoppe og snu seg. Men bjørnen fortsatte å gå mot meg. Da den var på 23 meter avstand (målte det etterpå), så tenkte eg, no eller aldri og skaut. Bjørnen for til skogs, men vi hørte den falt om nett inni skogen. Den låg ca 20 meter fra der eg skaut den. Den var på vel 5 fot, ein fin bjørn i dette området av BC. Godt nøgd med dagen. Kjekt å få bjørnene så nærmt. Synst slike opplevelser er bedre enn å skyte på langt hold.

 

bear1.jpg

 

Bjørnen like etter at den er truffet

bear2.jpg

 

bear3.JPG

 

skinning.JPG

 

Tredje dagen såg vi tre nye bjørner, deriblant ein stor ein. Vi såg den først midt på dagen. Da gjekk den på eit hogstfelt, men forsvant inn i skogen før vi var på skuddhold. Den hadde ikkje sett oss, så vi håpte den skulle dukke opp igjen.

Returnerte til samme området om kvelden (etter å ha observert ein annen fin bjørn som også lurte oss). Såg igjen den store bjørnen. Kom oss i posisjon på ca 150 meters hold. Der oppstod det desverre ein liten misforståelse mellom guiden og meg, så eg skaut ikkje bjørnen, desverre. Shit happends.... Men igjen ein fin jaktopplevelse. Men den skulle eg ha skutt...

 

Stor bjørn:

big_bear.jpg

 

Fjerde dagen begynte med litt regn (det første vi hadde etter at vi begynte å jakte). Mike hadde ikkje den store trua på at vi skulle sjå noe bjørn i dette veret, men vi gjekk på ein liten 2,5 åring med ein gang. Den var ikkje noe særlig redd. For foran oss på veien og lot oss ta bilde og film av den

 

Liten bjørn:

liten_bear.JPG

 

Såg og ein fin bjørn på 240 meter som vi diskuterte om vi skulle ta eller ei. Men det blåste ein god del, og siden eg måtte skyte høgt over eit dalføre (over ei elv), så avstod eg fra å skyte. Var usikker på kor mykje vindavdrift det var.

 

Femte dagen såg vi fire nye bjørner. Den eine jagde vi opp i eit tre. Det var ei hobjørn på ca 5 fot. Vi kjørte rolig på ATV oppover ein sogsvei. Hadde allerede sett to bjørner da denne dukket opp eit stykke foran oss på veien. Stoppa ATVen og sneik oss innpå bjørnen. Fekk beskjed om ikkje å skyte før Mike var sikker på at den ikkje hadde unger, samt å få sett kor stor den var. Men mens vi låg der, venta på at bjørnen skulle komme fram, for Mike opp og begynte å klappe og rope. Han hadde sett at bjørnen var på veg opp i eit tre, så han for fram for å skremme den opp i treet. Så da stod vi der under treet med ein illsint bjørn kikkende ned på oss. Det var artig det. Var faktisk så artig opplevelse, at eg ikkje følte for å skyte ho. I tillegg så var ho ikkje så veldig stor.

 

Black_bear_i_tre.JPG

 

Siste dagen såg vi to bjørner. Prøvde å komme i posisjon på begge to, men bjørnene oppdaga oss desverre. Dermed blei det med den eine bjørnen.

Hadde ein fin tur. Kjempe ver, varmt og fint. Fantastisk natur. Såg 15 bjørner, og hadde skuddsjangse på fleire av dei. Fekk gått mykje (og det liker eg). Var stort sett ute på jakt fra morning til kveld, og det er kjekt når ein først er på ein slik tur. Litt annerledes enn da eg var i Alberta og jaktet på åte. Da var det kun ettermiddag/kveldsjakt.

 

På veg heimatt over Rockey Mountains, såg vi Bighorn sheep, mountain goat og grizzly

 

Bighorn_cheep.JPG

 

mountain.JPG

 

 

Er godt fornøyd med turen.

Her er ein liten video fra turen. Den viser ikkje bare skuddscenen, men litt av korleis det var å jakte bjørn i BC

 

Link:

 

Noen fleire bilder:

 

natur.JPG

 

white_tail.JPG

 

white_tail1.JPG

 

walking.JPG

 

slides.JPG

 

spotting.JPG

 

 

natur1.JPG

 

 

elk.JPG

Link to comment
Share on other sites

Hadde ein fin tur i eit fantastisk landskap. Kan godt tenke meg å reise tilbake ved ein seinere anledning.

 

Under oppholdet snakka Mike og meg mykje om jakt, dyrelivet og forandringene som har skjedd dei siste 10-12 årene (begynte før det, men det var da dei for alvor såg at ting begynte å skje).

Og det er ulven som får skylden for forandringene.

Dei er ikkje særlig glad i ulven. Trur nok at dei aksepterer at ulven skal være der. Så det er ikkje ulven i seg sjølv dei er i mot, men antallet ulv som er problemet.

 

Ulven er blitt reintrodusert mange plasser i Canada og USA. I BC har den komt naturlig tilbake etter kvart som bestanden har økt i dei nærliggende områdene. Men dei siste 10-12 årene har antallet økt/blitt så stort, at det har ført til ein darmatisk nedgang i særlig Elk, elg, white tail og mule deer bestanden. Også ein liten nedgang i svartbjørn bestanden i BC.

 

For å illustrere nedgangen, så sa Mike at for 10-12 år siden skulle vi ha sett minst 200 elk kvar dag i dette området. Vi såg vel 25 på heile turen. Såg ein god del white tail deer, men han sa dette var ingenting mot det det hadde vært.

Elg såg vi ikkje i det heile tatt.

 

Mike meinte myndighetene ikkje hadde skjønt før no, at ulvebestanden hadde blitt vel stor. Men dei gjorde ikkje så mykje med det, da det er masse skog i BC og derfor vanskelig å jakte på ulven. Og i nasjonalparkene var det ikkje snakk om å beskatte ulvebestanden. Der skulle naturens gang få råde. Dette førte til at ulvebestanden økte enda meir, og ulven trkk ut av nasjonalparkene og inn i stadig nye områder.

 

Det var innført begrensninger i jakten på Elk. No var det bare store hanndyr (minst 6 tagger på kvar side) som var lov til å skyte. Hodyr og klaver blei det ikkje lengre gitt løyve på å jakte. Dette for å prøve å stoppe nedgangen i elk bestanden.

 

Mike sa at han pleide å ha 35-40 Elk jegere kvar sesong. No hadde han 7-8 jegere. Og det var ikkje kvart år (dei siste årene) alle klarte å skyte seg ein elk lengre.

 

Har og kontakt med ein outfitter i Idaho. Fortalte han om turen min, samt at eg gjenga kva Mike sa om hjortedyrbestanden og dens utvikling dei siste 10-12 årene. Her er det han svarte:

 

«Getting back to the wolves. It is an absolute crime what the government has allowed to happen to the elk and moose population in the Canadian and US Rocky Mountain chain. I remember many years ago visiting Jasper Park in BC and the number of elk was absolutely staggering. I know I saw more elk at that time than I will the rest of my life. Now, I understand that the number of elk in Jasper is close to 100. This saddens me to no end. This is what happens when you get corrupt, liberal politicians involved in something they have absolutely no business being involved in at all”.

Dei hadde begynt å merke same problemet I Idaho sa han. Han var ikkje særlig glad for det som skjedde.

 

Hadde løyve på ein ulv, men vi såg ingen ulver. Ulven er sky og vanskelig å jakte.

 

Ulven har sin plass, men synd dersom antallet skal bli så stor at det skal få drastisk innvirkning på resten av dyrelivet.

Virker som om ulven har meir beskyttelse enn mange andre rovdyr.

Samme tendensen kan ein vel sjå i Norge. Vi må nok akseptere ulv, men antallet bør holdes på eit fornuftigt nivå.

 

Så folk som vil til Canada eller USA på hjortejakt, bør forsikre seg om at bestanden av hjortedyr er god i det aktuelle området

Link to comment
Share on other sites

Kjekt at dere liker reiseskildringen.

Synst det har vært litt lite historier fra jaktreiser i det siste, så eg synst eg måtte skrive litt fra min siste jakttur.

Synst det er kjekt å lese og sjå bilder fra andres turer. Snapper og opp enkelte ting om destinasjonene eller om ting ein bør tenke på når ein skal på jakt turer.

 

Håper at fleire vil dele sine jaktreiser med oss andre inne på kammeret. Gjer det enda meir interessangt å besøke siden.

Eg liker ihvertfall å lese om andres jaktturer!

Link to comment
Share on other sites

Kjempe fin rapport. Fikk lyst til å dra tilbake til BC.

Det er noen år siden jeg var på jakt der. Det du refererer til om ulvens påvirkning på hjorteviltet var et tema vi og var innom flere kvelder. Jaktlederen så mørkt på fremtiden om ulven skulle øke i antall.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...