Jump to content

Brygging av Vossaøl (heimabrygg)


Mauser68

Recommended Posts

Poster ut denne tråden her inne også. Greitt å ha denne på lur, syns eg.

 

Ein del har kikka på tråden til Fossdal, og eg gjer det på ein litt anna måte. Derfor tenkte eg å legge ut korleis eg lager mitt juleøl.

 

Brygg1.JPG

Først er det å koke opp vatnet, som skal bli til sprakalog. Ca 150 liter.

 

Brygg2.JPG

Spraken blir tilsett og den skal koke ca 30 minutter.

 

Brygg3.JPG

Så tar ein malten og heller opp i ein stamp eller anna dugandes. Dette skal då tilsettast sprakelog.

 

Brygg4.JPG

Sprakalogen blir tilsett litt under kokepunktet. Dette er i grunn litt feil, det skal helst ha rundt 70 grader for å få mest mulig søtstoff ut av malten, men det er slik eg er vant til å gjere det. Dette skal blandast godt for å fukte kornet skikkelig, før ein har det opp i tønna. Dette blir kalla for meisking.

 

 

Brygg5.JPG

Her er meiskinga omtrent ferdig. Veldig vilktig at all malten er skikkelig blaut av sprakelogen.

 

Brygg6.JPG

Meisken blir då helt over i tønna. I bunn av tønna er det ein sil, og i tillegg er det sprake som ligg oppå silen, for at det ikkje skal tette seg til så fort, når ein renn det ferdige vørteret ut igjen av tønna. Litt humle blir tilsett i tønna også og skal hindre at vørteren blir sur.

 

Brygg7.JPG

Her er tønna snart full og det er 50 kg malt og 150 liter sprakelog på den. Tønna blir inntulla i isolasjon og skal stå til i morgon tidlig.

Då skal me begynna å renna vørteret i morgon tidlig, eller ser eg på klokka no vil det vel sei tidlig i dag... Nei no er det leggetid snart. Skal opp tidlig i morgon. TO BE CONTINUED !!!

 

Brygg8.JPG

Slik ser det ut etter ei natt der rosten har fått stått og godgjere seg. Så er det å begynne å tappe ut dei edle dråpene i ørsmå mengder.

 

Brygg9.JPG

Og her er dei første edle dråpene begynt å renne i bøtta. Rett etter dette bildet tok eg ein smaksprøve og nærmare ein orgasme kjem du neppe. Det er som karamell som smelter på tunga..... Tilbake til topic, det som er viktig er at ein renner veldig lite til å begynne med. Ellers så er faren for å tette kranen med malt veldig stor.

 

Brygg10.JPG

Her er all vørteret kome over i kjelen. Og det er såvidt begynt å småkoke litt. Dette skal koke heilt til bindevevet i malten begynner å klumpe seg sammen og flyt opp, ca 1,5 time. Dette blir då silt av sammen med skummet på toppen med et vanlig dørslag ( håndsil ). Når dette er gjort skal humla tilsettes og koke sammen med vørteret.

 

Brygg11.JPG

Og her er humla tilsatt og denne skal koke ei stund, slik at den får satt seg i ølet og ein får god humlesmak. Om vinteren og spesielt julebrygget skal ikkje væra mykje humla. Men om sommeren er det viktig å humle masse på grunn av temperaturen og at ikkje ølet skal bli surt. Etter den har fått satt sin smak, så siles denne også av med dørslag. Det finnest også ein fleire typer humle pellets som kan være i lag med ølet ut koketida. Så siles den av i det det blir helt over i tønna igjen.

 

Brygg12.JPG

Her er det nesten ferdig. Humla er silt av og det har kokt tilstrekkelig lenge. Det siste skummet blir også silt av før det blir tappa over. Så er det tid for å smake å sjekke om alt kjennes riktig ut. Er det nok søtstoff, nok humlesmak og er det tjukt nok. Hvis alt er riktig er det kun å teste kor mykje søtstoff som er i ølet. Dette gjer eg for å sjekke kor langt eg kan la ølet gå med gjærstoffet. Dette blir gjort med Oechslevekt og dette blir notert ned. Ølet går og brenn ut ca 80 Oechsle grader. Min viste ca 105 dvs at det er 25 igen når det er ferdig. Då er det fortsatt ein del søtstoff igjen i ølet og dette gjer at smaken blir rund og god, samtidig at det holder seg lenge. Har hatt ølet i 1 år og 4 mnd på tett ståltank og det var reine cogna`en som var i bunnen av tanken...

 

Etter dette blir gjærstoffet tilsett. Eg bruker ølgjær og de blir rørt ut i kun vatn på ca 25 grader. Dette skal stå i ca 15 minutt og tilsettes vørter og skal stå til det begynner å gå. Så blir dette helt over i vørteret på ca 30 grader. Så dekkes tønna til med isolasjon og dette skal stå i et par dager og gå. Så må ein igjen sjekke med Oechslevekt kva gradene seier. Bruker ein ikkje Oechslevekt så er det i grunn berre å smake på ølet for å kjenne om det er riktig med tanke på sukker innhold. Når ølet skal tappes, blir det ofte holdt det me kaller for oppskåke. Då tar du og inviterer ein gjeng venner og tester ut ølet. Dette skal då drikkes varmt med at av gjærstoff i. Og det er vel det eg har uttalt meg om før som hurtig klyster. Det er futt i det brygget då . Eg pleier å ta det helga etter eg har tappa over ølet. Då er det tid for testing.

Når du tapper det over på dunker la det stå med korkene veldig lett snørt. Ølet går ei heil stund etter det er tappa over og du sprenger dunkene om du tetter korken for tidlig. Har sjøl tetta ei NOFO kanne så mykje at den blei sprengt ut så håndtaket ikkje var mulig å ta hånda igjennom.

 

Etter ei stund blir det igjen tappa over i nye dunker eller ståltanker når gjærstoffet har fått sige litt til bunns.

 

Så er det berre å nyte fruktene av det ein har laga, og kose seg med heimebrygga øl, som er noko av det beste eg veit, så lenge det er bra vel å merke....

 

Brygg13.JPG

Her er tappinga av brygget, snadder øl.... :D

 

Brygg14.JPG

Og her er finalerunden på heimabrygget frå i år. No har bygget fått kose seg i kjelleren, som ligg vel på rundt 6 - 7 grader pluss, og det har begynt å stilne av. Smaka nett på det forrige helg, men det var jobbehelg då, så det blei ikkje meir. Men smaken er topp, og eg er kjempefornøyd med årets julebrygg. Mørkt, litt rund søtsmak, god maltsmak og ein del humle smak ( litt for mykje enno, men det runder seg av snart ).

 

Håpar at resten av bryggarane her inne, også fekk godt øl og får ei fin jul !! :D

Edited by Guest
Link to comment
Share on other sites

Dette liknar til forveksling på naboen si oppskrift frå Granvin. Eg har ein personleg preferanse for å halda att på sukkeret så ølet ikkje blir for sterkt. For sterkt øl er moro å spandera vekk, men ei plage å drikka sjøl, særleg til salt og røykt mat, då vert ein så fort tudnige.

Link to comment
Share on other sites

Bukken skreiv :

Dette liknar til forveksling på naboen si oppskrift frå Granvin. Eg har ein personleg preferanse for å halda att på sukkeret så ølet ikkje blir for sterkt. For sterkt øl er moro å spandera vekk, men ei plage å drikka sjøl, særleg til salt og røykt mat, då vert ein så fort tudnige.

 

He, he, hei på deg "nabo", verden er ikkje stor. Han naboen din bur vel ikkje tilfeldig oppe i fjellsida på skjervefossen vel ? Kjenner ein der som bryggjar. Skal ikkje nevna navn her... :D

 

Ja du har nok rett i det med sukkeret. Men når ein meiskar slik som eg gjer, så skoldar ein nesten kornet, det gjer du ikkje på 69 - 70 grader.. Du får då ugjærbart søtstoff. Dette fører til at ølet ikkje kan forbrenne alt søtstoffet i ølet og det blir ikkje så sterkt og det blir ein liten antydning til søtsmak på ølet.

Eg måtte ha i 2 kg sukker i år. Då var eg oppi 107 sukkergrader. Det er nett i grenseland, noko særlig over 110 bør ein ikkje gå. Då er det ikkje sikkert at gjæren klarer å dra i gang prosessen.

Men eg likar litt sterkt øl og litt søtt, slik at det kan stå seg ei heil stund uten å bli bittert...

Link to comment
Share on other sites

Kjempeopplegg!

Ser gøy ut, men er jo ganske omfattende greier. Fordelen med brakeøllet mitt er at man klarer seg med en 25.liters plastdunk.

 

Hva om vi byttet litt? Jeg sender en halvanneliter til deg, du sender til meg?

 

Min addresse Bent Fossdal, box 14, 5696 Tysnes.

Link to comment
Share on other sites

Heisan

 

jo det går stort sett med ei helg + litt forberedelser, men det er alikevel verdt det. Har alltid berre brygga 1 gong i året og det er til jul. Men eg vurderer sterkt å lage brygg seinere i vår. Og kanskje pils til sommeren. Han som eg låner brygge utstyr av er ein hund til å lage pils, så trur eg skal prøve å lage det seinere også.

 

Klart me kan bytte veit du, hadde vært artig å sjekke ut brakeøl. Men mitt øl er litt ferskt enno, til å sende i flaske, posten er lite glad for høgeksplosive flasker som forsøpler konteinere med anna post. Men skal sjekke litt. Trur eg har ein kjenning her som skal til Tysnes før jul eller til jul, kan sjekke det ut litt først, men me har ein deal på dette Fossdal.

Link to comment
Share on other sites

  • 3 months later...

Heisan Bukken. Joda det er lenge til jul, men det skader ikkje å brygge ellers i året heller.

Eg bruker ein kjele på rundt 160 liter som er laga av syrefast stål. Den står rett oppå ein åpen ovn, og det blir hovedsaklig fyrt med ruske ved eller kapp frå gjerdesaga...

Link to comment
Share on other sites

  • 1 month later...

Heisann

 

Er det maskina mi det er noe i veien med, eller er bildene falt ut av tråden? Hvis det er sistnevnte, kan trådstarter gjøre litt ny magi slik at jeg kan få noen gode bilder å brygge etter? Hadde vært knall!

 

Håpet at det skulle være gode oppskrifter også på kammeret.no, og ser til min store glede at både spekepølser og øl er overført. Dette blir et bra matår!

 

-h

Link to comment
Share on other sites

Jepp, det har me, tusen takk for det iallefall... :D

 

Må berre sjå om eg finn dei bildene igjen, dei blei tatt med mobil telefon og det er ikkje alltid eg tar vare på alt av bilder som eg overfører. Men har vel et par bilder frå brygginga gonga før det også, så me skal sjå om det ikkje går greitt uansett. :D

Link to comment
Share on other sites

  • 4 months later...

Hep HB... He, he, joda me må nok halde tradisjonen ved hevd, så det blir nok brygging enten siste helga i November eller første i Desember tenkjer eg.

 

Flott det der, at du gjer alt arbeidet frå grunnen av, det er ikkje så værst. Fattern på formumet her, driv også på samme måten, det står respekt av det. :)

Håper at brygginga di blir ein suksess, så eg seier, tvi, tvi, HB. :mrgreen:

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...