Jump to content

Brygging av sommerøl


Mauser68

Recommended Posts

Ja, då er sommarferien over for i år, i morgen er det jobb igjen, sukk…..

 

Men tenkte eg skulle leggja ut litt bilder av ølbrygging eg og faren min gjorde i sommar. Me var på hytta hans, og hadde funne ut på forhånd at me skulle prøva å brygga øl saman etter gammalt.

Her er er utstyret som blir brukt, ein 160 liters syrefast kjele, 200 liters rostefat, og eit avkappa 200 liters fat, til meske kar..

normal_Sommarbrygg1.jpg

 

Så fyller ein kjelen opp med vatn.

normal_Sommarbrygg2.jpg

 

Har i sprake/brake/einer

normal_Sommarbrygg3.jpg

 

Så tar ein og legg trekubbar i botnen, for å få litt klaring over kranen i dunken, det blir lagt musenetting og hønsenetting oppå dette, for å lage ein sil, sånn at kornet ikkje set seg i kranen

normal_Sommarbrygg4.jpg

 

Når dette har kokt ei stund, silar me av spraken, og ein får sprakelog, med flott farge

normal_Sommarbrygg5.jpg

 

Så fyller ein litt sprake oppå sil systemet, for å både gje litt smak og ein slags grov sil.

normal_Sommarbrygg6.jpg

 

Her er kornet, det er hoved ingrediensen, 25 kg går med

normal_Sommarbrygg7.jpg

 

Så har ein litt humle i lag med sprakelogen, og kjøler dette ned til ca 70 grader..

normal_Sommarbrygg8.jpg

 

Så har ein i kornet, og blandar dette godt, dette blir kalla meisking.

normal_Sommarbrygg9.jpg

 

Meisken blir fylt opp på rostedunken, forsiktig til å begynna med, på slutten så blir den berre helt over. Har litt humle i lag med. Humla er viktig for smaken og ikkje minst for at den har ein konserverande effekt..

normal_Sommarbrygg10.jpg

 

Så der ja, rostedunken inneheld no 25 kg med malt, humle og ca 130 liter med sprakelog.

Denne skal no stå i eit par timar, før ein begynner å renna den…

normal_Sommarbrygg11.jpg

 

Her er renninga av vørteret starta, litt forsiktig renning i starten…

normal_Sommarbrygg12.jpg

 

Dette blir hella over i bryggekjelen, undertegna er konsentret, her må ein ikkje søle, dette er verdifulle dråpar!!

normal_Sommarbrygg13.jpg

 

Her er alt kome over i bryggekjelen og det er stormfyring med planker som lokk…

normal_Sommarbrygg14.jpg

 

Her er det begynt å koke, dette skal koke i minst 1 time etter siste vørteret er kome på kjelen..

normal_Sommarbrygg15.jpg

 

Etter det er kokt opp, så blir det nedkjølt. I dette tilfelle kjølte med det ned til 25 grader, og hadde i gjærstoffet. Dette skal då stå 3-4 døgn og kose seg.. Gjæren stopper stort sett når sukkeret er brent ut.. Men me pleiar å stoppe det litt før, for å få litt søtstoff igjen i ølet.

Når gjæringa har stoppa, eller blir stoppa, så tappar med det over på dunkar..

normal_Sommarbrygg16.jpg

 

Dunken er snart tom…..

normal_Sommarbrygg17.jpg

 

Her er gjærstoffet samla på botnen.. Dette blir tappa over i ein eigen dunk for seg, og blir ståande i kjøleskapet til neste brygging.. Då skal det brukast på nytt igjen…

normal_Sommarbrygg18.jpg

 

Her er dunkane på rekke og rad, dei blir sett til nedkjøling etter det er tappa om. Då skal det klarne. Det går ein del fortare med å bruke klarningsmiddel på dunkane, men me pleiar ikkje å gjere dette. Skal prøve klarning i neste gong eg bryggar.

normal_Sommarbrygg19.jpg

 

No skal det nytast, oppskoka er ofte det kjekkaste med heile brygginga. Berre ølet blir bra !!

normal_Sommarbrygg20.jpg

Link to comment
Share on other sites

Takk for det folkens. Kvalitets sikring er eit must i desse tider.. Jau ølet vart ikkje så dumt på smak, ingen usmak for å sei det sånn, men eg blei som sagt litt skuffa over at det ikkje blei tjukkere og litt meir maltsmak på det.. Det som skulle blitt eit passelig tjukt og godt slags juleøle ( som me likar det..) blei eit helst tynt og lett sommarøl.. Men det er jo sommar, og så lengje det ikkje blei dårlig eller surt, så skal me væra fornøygde. :)

Link to comment
Share on other sites

Steike Mauser! blei utrulig tørst nu egentlig, he he.

Det der må jeg se å lære meg, du kommer til å få pm en dag for spørsmål og div.

Men hvor mange prosent ca trur du at ølet ditt holdt, får du det som vanlig pils, rundt 4,5%?

Bør en ha en viss temperatur ute for å ordne det, eller kan en gjøre dette hele året?

Og, hvor lang tid tar denne prosessen med tillaginga?

Spennende det der synes jeg...

 

Hjemmelaga øl i grillhytta til viltkjøttet... planer dukker opp i toppetasjen når en ser sånne tråder som dette...

 

Kjempetråd Mauser! :wink:

Link to comment
Share on other sites

Ein kan i bunn og grunn brygge heile året, MEN frå gamalt av, så hadde du hundedagene om sommaren, då var det i grunn forbudt/bortkasta å brygge for det blei berre surt øl... Me trossa dette denne gongen her, det er vel første gongen eg brygger i sommar halvåret.. Ellers så er det stort sett til jul me brygger.

 

Prosent styrken på ølet ligg vel stort sett mellom 6 - 8 % trur eg.. Så det er stort sett sterkøl det er snakk om. Enkelte gonger, ligg den nede på pils nivået, men som regel litt over.

 

Denne brygginga her tok i grunn heile dagen, men det er takka være dårlig kjøle muligheiter. Ein kan brygge på 7-8 timer, dersom ein har skikkelig kjøling og effektiv varme/ovn under kjelen.. Og sjølvsagt etter kor mykje ein står på. Ellers så pleier eg gjerne å begynne på Fredag kveld, med vasking og koking, og tar og mesker kornet og får det på rostedunken og lar det stå til neste morgen, før eg renner, då ryk nesten 2 døgn totalt. :)

 

Hehe, du får berre sette i gang Egil, ta ein kikk på denne posten min i portalen, der er stort sett alt i detaljer. Skal du brygge og treng hjelp, så er eg kun ein telefon unna, så hjelp skal du få. :

 

http://www.kammeret.no/portal/oppskrifter/110-brygging-av-vossaolheimabrygg

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...