Jump to content

Mauser LTR


Recommended Posts

Rewrite:

Etter å ha sett kor oversiktleg tråden til Poacher, Prosjekt: Langholdsrifle cal.6,5-284 er, vel eg å samla info om prosjektet i første post. Oppdateringar vert meldt om i nye postar.

 

-----------------------------------

MAUSER LTR

Då er prosjekt Mauser LTR (Light Tactical Rifle) i gang. Som alle slike prosjekt så kan eg vel allerede no rekna med at det kjem inn under kategorien "Å sala bukken slik at den vert dyrare enn hesten" Det vil sei at når alt er ferdig så vil sum av bits & pices innkjøpt langt overskrida ein ny Remington 700 LTR, men sidan delene vert kjøpt inn litt etter litt så virkar det som om det vert billigare. Og sjølvgjort er som kjent velgjort.

 

Eg har lenge tenkt å supplera våpengarderoben med ei boltrifle med forholdsvis stutt og tjukt løp. Då eg såg Remington sin 700 LTR vart havesykja merkbar. Det vart ikkje noko kjøp i fyrste omgang, men ein kikk i våpenskapet sette tankane i sving med eit nytt prosjekt: Mauser LTR. Der stod det nemleg ein Kongsberg M67 i kaliber 6,5x55 som har samla støv i mange år.

 

Planen inneheld følgjande moment:

- Låskasse / mekanisme

- Løp

- Stokk

- Kikkertsikte og montasjar

- Lyddempar

- Stash og "kjekt å ha"

- Valg av kuler og krutt

- Testskyting

 

Låskasse / mekanisme:

 

Utgangspunktet:

Kongsberg M67, AKA Skarpskyttarmauser, kjenner vel dei fleste, men eg tek med litt informasjon. Dette er eit våpen som Kongsberg Våpenfabrikk produserte, i hovudsak for å dekka DFS sin trong for ein etterfølgjar til Kragen. Den er basert på tyskproduserte M98 mekanismar som har fått montert KV kaldhamra pipe og KV avtrekk. Det heile er så montert i ein "skarpskyttar" stokk. Både KV løp og avtrekk var av glimrande kvalitet, men sidan mekanismen var M98 så lei den av manglande stivhet og var avhengig av god bedding. Stokken slo seg og ofte og førde til variabel presisjon. Etter at Sauer STR vart approbert av DFS så er det ikkje mange M67 å sjå på stemner i DFS regi lenger...

 

Retting av mekanismen.

I all amerikansk litteratur om "custom" rifler er "truing of the action" mykje omtala. Prinsippet er at alle kontaktflater skal vera beine og vinkelrette på løpsaksen: Løpet si brystning mot låskassen og låseklakkane sitt inngrep i låskassen. Det har heilt sikkert noko å sei for presisjonen, spesielt at begge låseklakkane "tek" likt i låskassen, men det er litt skilnad på krav til benkeskyting med spesialrifle og bøjakt med ein M98. Ein kjapp kontroll av låseflatene på klakkane synde tilnærma lik slitasje på begge. Eg reknar derfor med at det i utgangspunktet er godt nok.

 

Boring og gjenging for kikkertmontasjeskinne

Ei kurant sak som eg overlet til børsemakaren.

 

Avtrekk

KV sitt avtrekk er eit trykkpunktsavtrekk av glimrande kvalitet. Bakdelen med det er at det er stort og beddeflata for tangen vert minimal. Eg har og eit Timney direkte jaktavtrekk på lur. Eg har enno ikkje bestemt meg for kva eg skal bruka. For min del har eg ingen problem med å bruka eit avtrekk med trykkpunkt til jakt.

 

Her ser ein skilnaden i storleik på avtrekka;

timney_vs_kv.jpg

Det synde seg etter at eg hadde bedda fast søyla for bakre skjefteskrue at det ikkja var plass til KV avtrekket. Bakkant av avtrekket kom i konflikt med søyla. Eg kunne ha hakka i søyla med Dremelen, men då vart liksom litt av vitsen med søyla vekke. Valget vart derfor enkelt: Timney avtrekk.

 

Sikring

Den originale fløysikringa kjem i vegen for kikkartsiktet og må derfor erstattast. Det mest elegante er sjølvsagt ei 3-punktssikring av M70 typen, men prisen gjer at eg i fyrste omgang enda opp med denne: Timney M98 Safety, Brownells #883-804-098, USD 37,-. Dette er ei kvartsikring av "Buehler" type.

883804098.jpg

Den var enkel å montera og fungerar heilt fint. Det viste seg at etter at eg bytta til Timney avtrekk så gjekk det ikkje an å vri på sikringa. Etter litt undersøking så syner det seg at avtrekkarhaken på KV avtrekket set litt lenger bak enn på Timney og på den måten spenner opp eit par tidelar meir. Ein liten runde med Dremelen, fyrst med smergelskive og så med polerrondell, på spennhylsa der sikringa går i inngrep fiksa dette. Det er viktig at ein modifiserar hylsa og ikkje sikringa!

 

Løp

Originalt er løpslengda 70,4 cm (støtbotn - munning). Munningsdiameteren er 21 mm og i kammerenden er den 26 mm

Løpet skal kappast og kronast. Det skal og gjengast for lyddempar.

 

Løpslengd

Inspirasjonen er Remington 700 LTR og den har 50 cm løp, men den er i kaliber .308. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å kappa til 50 cm, men 6,5x55 treng litt meir løpslengd for å brenna opp nok saktebrennande krut. Eg enda derfor opp på 55 cm i fyrste omgang (støtbunn - munning)

 

Eg sende inn mekanisme / pipe til børsemakar som kappa, krona og gjenga for dempar. Han laga og gjengebeskyttar for dempargjengene.

 

The business end:

Buisiness-end-II.jpg

 

Buisiness-end-I.jpg

 

 

Stokk

Forma på stokken måtte vera litt i "tactical" retning: Kraftig og med høg kinnstøtte. Valg av "plast" eller laminat måtte og avklarast. Mc Millan har ein del stokkar for M98, men prisen er jo nokså høg. Etter mykje googling enda eg opp hjå Richards Microfit Gunstocks. Litt meir googling tyda på at dei hadde OK produkt, litt frynsete rykte på kundebehandling og lang leveringstid. Sidan eg fann ei stokkform eg lika

ProneBlackLamLHSide10inch72dpi.JPG

og stilig Dessert sunset laminat

Desert_Sunset_Laminate.JPG

enda det opp med at eg bestilte.

 

Sidan det vart litt styr med bestillinga så tek eg med nokre tips til andre som vil handla hjå Richards Microfit Gunstocks:

Ha god tid....

Det går ikkje å bestilla direkte pr. e-post!

Ring dei på 0018187676097 mellom kl. 18:00 og 02:00 (Norsk sommartid), til seinare ein ringer til lettare er det å koma gjennom.

Sei at du vil bestilla ein stokk og betala med kredittkort.

Du vil då få oppgitt eit faktura (Invoice) nr.

Du må oppgje kredittkortnr. og exp. date (The risky part...)

Avtal at du sender bestilling på e-mail til Sales@Rifle-Stocks.com.

Emnefeltet må innehalda innvoice nummeret og gjerne namnet på personen du snakka med.

I bestillinga skriv du kva du vil ha, med utgangspunkt i prislistene som ein finn under kvar modellgruppe, så som:

Stokk modell

Mekanisme

Laminat type

Fortretype og bredde

Med eller utan tommelhol og kinnstøtte

Løpsprofil

Tilbehøyr som kolbekappe, fortreavslutning, pistolgrepsavslutning og reimbøylefeste.

 

Be om at dei brukar USPS Priority Mail International til forsendelse, den er rimeleg og kjapp nok.

Dei må gjerast merksame på at fakturakopi må leggast i ei plastlomme utanpå pakken for å vera lett tilgjengeleg ved fortolling.

 

Skriv ikkje kredittkortopplysningar i mailen.

 

Be om ordrebekreftelse pr. e-post. Etter 2-3 dagar så får du det og etter ei veke så får ein faktisk ein ordrebekreftelse i posten!

Så er det berre å venta, leveringstida er 12 -14 veker.

 

Eg bestilte med 1" Decelrator kolbekappe installert sidan prisen på dette berre var eit par dalar over prisen på tilsvarande kolbekappe frå Brownells. Eg tok og med reimbøylefester.

 

Det tok 15 veker frå bestilling til stokken var ferdig til sending og kortet vart belasta. Sendinga tok 3 veker, men her var det nesteb 2 veker som gjekk vekk i tollen fordi faktura ikkje låg i plastlomme på utsida av pakken.

 

Kva kosta gildet:

Stokk: USD 187,-

Decelrator kolbekappe installert: USD: 46,-

Uncle Mike reimbøylefester m/reimbøylar installert: USD 21,-

Frakt: USD 56,-

SUM: USD 310,- Trekt på kredittkort NOK 1 853,-

MVA NOK 452,-

Fortolling (avgift til Posten) NOK 199,-

TOTALT NOK 2 504,-

 

Verdt å vente på?

Fyrsteinntrykket er ja. Laminatet er kulare i fargane enn det som kjem fram på bileta på web-sida. Når det er ferdig pussa og olja kjem det til å bli knalltøft. Utvendig finish er rå frå fresen etter det eg kan sjå, det vert derfor nokre rundar med sandpapir.

 

"Microfiten" som i følgje Richards skal vera 99% tilpassa er ikkje dårleg, men ligg vel nærare 90%... Stokken vart bestilt med løpskanal for 3/4" "staight barrel". Dette var det næraste eg kom min løpsprofil. Dette er litt undermåls slik at det vart ein del arbeid med tilpassing av løpskanalen. Når løpskanalen var stor nok passa låskassen fint inn. Underbeslaget var litt trangt, men heller det enn for romslig.. Utfresinga for mekanisme og underbeslag var på rett stad i høve til ein annan slik at stokkskruene passa 100%. Utfresinga var og rett i høve senter- og loddline på stokken.

 

Det var ein ting som eg bruka mykje tid på å bli enig med meg sjølv om: Når mekanismen var på rett plass og underbeslaget stod i flukt med stokken mangla det 4 - 5 mm på at magasinbrunnen hadde kontakt med underkant av låskassen. Det vil sei at stokken er 5 mm for djup i høve til låskassen. Eg valde å fella underbeslaget så mykje inn at magasinbrunnen manglar 1 mm på kontakt med underkant av låskassa. Då sikrar ein at det vert nok press mellom låskasse - stokk - underbeslag, til at mekanismen ikkje slarkar i stokken. Ein opprettheld og geometrien i patronmatinga. Dette ser litt merkeleg ut no, men eg kjem til å ta av stokken i underkant for å få den i flukt med underbeslaget. Fortreet har eg tenkt å behalda like djupt. For å kunna måla dette nytta eg følgjande framgangsmåte: Med mekanismen ute av stokken og med føringsskruene heilt iskrudd tredde eg underbeslaget inn på skruene til det hadde full kontakt med underkant av låskassen. Deretter målde eg kor langt føringsskruene stakk ut frå underbeslaget. Så var det berre å fella underbeslaget inn i stokken til ein hadde same mål, -1 mm, når utkastaropningen låg nøyaktig i plan med stokken.

 

Innlegging av mekanisme i stokken

Fyrste tilpassing av underbeslag

underbeslag1.jpg

 

Brukte Prøyserblått til merking. Dette er noko griseri så derfor teipa eg stokken med maskeringsteip

underbeslag2.jpg

 

Men det visar godt kor ein må ta av

underbeslag3.jpg

 

Oppspenning for innlegging av løp og mekanisme

oppspenning.jpg

 

Bruk av føringsskruer (guide screws). Desse er uvurderlige. Med underbeslaget på plass styrer dei mekanismen på rett veg etter kvart som ein passar til.

guidescrews.jpg

 

Merking av løpskanal

Merking.jpg

 

Utviding av løpskanal med skylp

lopskanal1.jpg

 

Fintilpassing med sandpapir korning 40 rundt eit skrutrekkarskaft

lopskanal2.jpg

 

Dremel er suveren ved finarbeid

dremel.jpg

 

Utkastaropning i rett nivå

utkasteropning.jpg

 

Måling av korrekt djupne

maling1.jpg

 

På plass i stokken

maling2.jpg

 

Bedding

I amerikansk stil så får eg ta åtvaringane fyrst: Beddemasse er noko kliss med fantastisk vedheft. Den klistrar seg fast på alle stader. Derfor: Masker alt treverk som ein ikkje vil grisa til. Smør to strøk med sleppmiddel på alt metall som kan tenkjast å koma i kontakt med beddemasse, det vil sei stort sett heile låskassen m/løp og undrbeslag. Fyll alle hakk og holrom som det kan flyta beddemasse inn i med modellkitt og dekk med sleppmiddel. Pass på "negative" vinklar: Om ein til dømes skulle bedda til over største diameter på låskassen vil den vera effektivt låst fast i stokken og øks er sannsynlegvis einaste hjelpemiddel som vil klara å få låskassen ut av stokken att.

 

Eit lite tips: Raudsprit løyser opp både base, herdar og miksa beddemasse som ikkje er herda. Den fungerar derfor glimrande til reingjering av verktøy og fjerning av beddemasse frå stader der den ikkje skal vera.

 

Les ein litt om bedding i amerikanske kjelder så ser ein snart at det er "pillar bedding" som tel. På norsk kan vi kanskje kalla det for søylebedding. Prinsippet er at ein tilpassar eit mellomstykke, eller søyle mellom låskasse og underbeslag som skjefteskruene går gjennom. På denne måten får ein fast avstand mellom underbeslag og låskasse. Ein unngår spenn som kan oppstå om ein utan søyler stramar skjefteskruene for mykje og komprimerar treverket i stokken. Når ein les om denne måten å bedda på så kan ein få inntrykk av at teknikken er oppfunnen av amerikanske benkskyttarar, men Kongsberg sin skarpskyttarstokk er faktisk utrusta med søyle:

KV_pillar.jpg

Rett nok i litt tynn og pinglete utførelse, men likevel... På mausermekanismen er dete berre naudsynt å laga søyle til bakre skjefteskrue. Underbeslaget har "innebygd" søyle for framre skrue.

 

Eg brukte ein del tid på å finna ut kva som var rett lengde på søyla. Kjelda som eg gjekk ut frå skildra at magasinbrunnen skulle ligga plant med underkant på låskassevangane, slik:

Magasin_flush.jpg

 

Men då stakk skjefteskrua opp slik:

Magasin_flush_skrue.jpg

 

Skrua har tysk ørn innstempla og må derfor vera original. Dette må tyda på at det skal vera eit glis mellom toppen på magasinbrunnen og låskassevangane. Med skrua slik:

Magasin_glis_skrue.jpg

 

Vart avstanden slik:

Magasin_glis.jpg

 

Måltaking for søyle:

Pilar_mal.jpg

 

Søyla laga eg av ein bit med 12 mm stålrøyr. Innvendig diameter skal vera så stor at skjefteskrua har god klaring. Nokre spor gjer at beddemassen får godt tak.

Pilar_klar.jpg

Her er det klart for bedding av søyla. Skjefteskrua er teipa slik at den vert sentrert i søyla.

 

Holet i stokken må borast opp til 13 mm. Ved å først setja i ein bor som går trangt i eksisterande hol kan ein spenna opp stokken heilt nøyaktig. Utan å endra på oppspenninga byter ein så til 13 mm bor. Stor hastighet og forsiktig mating er teknikken som skal til.

Pilar_boring.jpg

 

Indretiar:

Pilar_hol.jpg

 

Søyla på plass:

Pilar_in_situ.jpg

 

Her er søyla bedda fast i stokken:

pilar_bedda.jpg

 

Utstyr til bedding:

bed_utstyr.jpg

Kjøp eit par måleskeier i plast. Eg fann nokre i kjøkkenskuffa som var 1/4, 1/2 og 1/1 "teaspoon". Målet som føl med settet er 1/1 "tablespoon". Ein sparar mykje beddemasse ved å kunna måla opp i mindre mengder. Vask dei i raudsprit etter bruk så varer dei lenge.

 

Med søyla på plass har ein eit fast punkt bak i stokken som mekanismen kviler på. Eg vil ha eit lag på 2-3 mm med beddemasse mellom stål og treverk rundt rekylklakk og kammerende. For at ikkje mekanismen skal siga ned under beddinga så laga eg eit lite anleggspunkt i løpskanalen. Dette fjernar eg når beddinga av mekanismen er ferdig.

 

Guffen på plass. Området rundt er maskert med teip med sleppmiddel på:

bed1.jpg

 

Løpet på plass og skjefteskruene iskrudd:

bed2.jpg

 

Ferdig herda:

bed3.jpg

 

Maskering fjerna:

bed4.jpg

 

Rekylbolt

Ei bit aluminium på 35x15x9mm gjer nytta. Her er stokken frest ut for å gje plass:

rekyl2.jpg

 

Eg bedda fyrst fast rekylbolten og har derfor maskert rundt:

rekyl3.jpg

 

Utfordringa var korleis ein skulle sikra at rekylbolten kom på rett plass. Løysinga vart å lima den "forsiktig" til låskassen:

rekyl5.jpg

 

Limen var ein eller anna monteringslim av sikaflex type. For å sikra at limfuga mellom rekylbolt og låskasse skulle sleppa før rekylbolten slapp i stokken så maskerte eg eit lite område og smurde sleppmiddel over. Så tok eg vekk maskeringa. På den måten vart det bare lim på ein knapp kvadratcentimeter. For å vera heilt sikker på at teorien fungerte så prøvde eg ein gang før bedding å få laus rekylklbolten. Med eit godt kakk så løsna den.

rekyl4.jpg

 

Her er rekylbolten klar for bedding. Magasinopninga er fylt med modellkitt for å hindra at det flyt inn beddemasse.

bed6.jpg

 

Bedemasse på plass for innbedding av rekylbolt:

bed5.jpg

 

Ferdig herda:

bed7.jpg

 

Maskering fjerna:

bed8.jpg

 

Utfrest for bedding av låskasse:

bed9.jpg

 

Stokk ferdig maskert og med modellkitt for å hindra beddemassen å koma der den ikkje skal:

bed11.jpg

 

Låskasse med modellkitt og sleppmiddel. Rekylklakken har fått eit lag maskeringstape under og i front for å sikra litt klaring:

bed10.jpg

 

Guffe lagt i:

bed12.jpg

 

Skjefteskruer trekt til framme:

bed13.jpg

 

Og bak:

bed14.jpg

 

Looking good, men så:

Houston we have a problem:

problem1.jpg

Den mest amatørmessige av alle amatørtabbar ved bedding: Framre skjefteskrue set fast! Ikkje litt fast, men heilt j....g fast. Større skrujern, nei... Enno større skrujern med skiftenøkkel på klinga, ikkje f.... Slagskrutrekkar og hammar, s....an, større hammar og bitset knakk. Så var det 5 minutt med ord som ville fått ein nordlending til å rødma.

 

Heldigvis klarte eg å besinna meg før eg fann fram øksa. Ein del googling synde at eg var i godt selskap. Tipsa gjekk på enten kulde eller varme. Epoxy mjuknar ved varme over 200 grader. Eg fann ein miniatyr gassbrennar som går på butan (lightergass) på Biltema. Den har ein tynn flamme og skal kunna koma opp i 1000 grader C. Med vått tørkepapir på treverket rundt underbeslaget byrja eg å varme opp skruehovudet.

problem2.jpg

Eg la inn ein termofølar i utsparringa for låsklakken rett over enden på skjefteskrua for å ha ein viss kontroll med kor varmt det vart. Det tok nokså lang tid med varming før temperaturen på følaren kom opp i 60 grader. Heile tida måtte tørkepair og treverk fuktast for ikkje å ta fyr. Ved 60 grader rekna eg med at temperaturen var så høg i skrueenden at eg kunne prøva på nytt med slagtrekkar. Etter ein god del særdeleds harde slag løsna faktisk skrua. Problemet var no at når skrua endeleg løsna så var skruehovudet så mishandla at det var ikkje råd å skrua meir med skrujern. Løysinga vart å slå opp skrua med ein dor mot det som var att av skruesporet. Dette medførde at underbeslaget vart noko mishandla. Til slutt fekk eg driten i frå kvarandre.

problem3.jpg

 

Kva gjekk gale?

I etterpåklokskapen sitt tegn har eg kome fram til følgjande:

I ein artikkel eg las på nettet om bedding anbefalte forfattaren å løysa og skrua til skjefteskruene ein gang i timen medan beddemassen herda. Dette trur eg var eit dårleg råd. Når ein løsnar på skrua vil sleppmiddelet kunna løsna og når ein skruar til att vil beddemasse kunna følgja med inn att. Eg gjorde denne jobben om ettermiddagen og siste gang eg løyste og skrua til skjefteskrua om kvelden var ikkje beddemassen nok herda. Beddemasse har følgt med gjengene inn og herda.

 

I mitt søk etter løysingar på problemet fann eg mellom anna følgjande anbefalingar:

Brownell sitt sleppmiddel "sucks". Bruk Kiwi ufarga skokrem!

Skru aldri i skjefteskruene når ein beddar. Bruk tvinger, tape eller kirurgisk slange (surgical tubing) til å halda låskassen på plass i stokken.

Bruk spesielle skjefteskruer med seks-kant hovud. Desse må vera så lange at hovudet kjem nokre centimeter ut frå underbeslaget. I tillegg er det ein mutter som ein nyttar til å strame underbeslaget opp med. Om ting skulle gå til h...te vil ein då kunna nytta ein nøkkel på sekskanthovudet og få mykje større makt enn med eit skrujern.

 

Når låskasse og stokk endeleg vart skilt så var beddinga egentleg OK:

bed15.jpg

 

bed16.jpg

 

Rifla prøvemontert:

MauserLTR.jpg

 

Det vart ein lang pause etter problema med beddinga. No er motivasjonen på plass og prosjektet held fram.

 

For at rifla skal fungera både i vanleg bruk og sikkerhetsmessig (visitasjon) så meinar eg at sluttstykket må kunna fjernast på vanleg enkel måte. Kinnstøtta på denne stokkmodellen er så høg at det er naudsynt med ei utsparring for å få plass:

utsparring.jpg

 

Så måtte det lagast til spor for hevarmen:

utsp_hevarm.jpg

 

Eg bestemte meg for å laga det som på engelsk heiter "butt hook". Kan ein kalla det kolbekrok på norsk? Her er stokken på vei inn i bandsaga, litt scary....

utsp2.jpg

 

Her er rifla prøvemontert med ferdig forma stokk:

provemontert1.jpg

 

Stokk finish:

Som med alt anna arbeid så er det grunnarbeidet som tel. Ein feil i overflata klarar ein ikkje skjula med å legga på finish. Den vert derimot forsterka. Så set av ein kveld og to og masse albogefett til pussing. Kjøp sandpapir av god kvalitet. Eg kjøpte ein rull med 60 korning av hjalla kvalitet. Den hadde fungert fint som dasspapir i nøden. 3M sine produkt er gode. Kjøp og ein skikkeleg pussekloss av kork. Då vert resultatet jamnare og kantar som skal vera skarpe vert skarpe og ikkje avrunda.

 

Finishen på stokken er i utgangspunktet nokså rå så ein kan starta med 60 korning og pussa til alle striper frå fresen er vekke (etter oljing så kom det fram nokre striper så det kan henda eit ein skulle byrja med 40 korning). Så er det berre å arbeida seg oppover: 80, 100, 120, 180 og 220. For kvart skifte pussar ein til stripene frå forrige korning er vekke. Eg gav meg på 220.

 

Etter at pussinga var ferdig tørka eg av støvet med raudsprit. Apropos støv. Bruk støvmaske! Eg pussa utan og etter at eg var ferdig så følte eg meg faktisk litt dårleg. Støvet frå lim og laminat er neppe særleg sundt å pusta inn.

 

Eg brukar Tru-Oil frå Birchwood Casey. Etter mitt skjøn gjer den ein glimrande finish på ein enkel og kjapp måte. Det er berre å tøma litt olje i neven og gni det inn i kolben. Når det er tørt så pussar ein over med fin stålull og legg på eit lag til. Dette gjentek ein til ein er nøgd.

 

Før:

for_olje.jpg

 

Etter:

Ferdig_v.jpg

 

Andre sida:

Ferdig_h.jpg

 

Detalj kolbekrok:

kolbekrok.jpg

 

Detalj underbeslag:

underbeslag_ferdig.jpg

 

Som ein ser så har eg valt å tilpassa konturane på stokken til magasin og mekanisme i staden for å la underkant av fortreet vera bein.

 

 

Kikkertsikte og montasjar

 

Kikkertsikte

Eg bestemte meg for at eg ville prøva ein av Nikon sine modellar. Dette er kikkersikte i middelklassen og Nikon sin optikk er velkjend frå kamera.

 

Forstørrelse

2,5 - 10 er det området som eg først tenkte på. Kanskje kunne det vera aktuelt å gå opp til 4 - 16 forstørrelse, men eg har til no jakta med max 4x og er egentleg nøgd med det til den jakta eg driv. Lav forstørrelse likar eg å kunna bruka når postane blir litt trange. På papp er det jo gunstig med meir forstørrelse.

 

Retikkel

Av retikkel så har Nikon Nikoplex, BDC og MilDot og for Gold modellane også tysk #4

 

Retikkel med ymse kryss og strek er in for tida, men eg er usikker på om det er nyttig eller berre kult? Eg har etter kvart fått sansen for tysk #4: Dei grove stolpane er lette å sjå i skumring, eller når det skal gå fort. Den fine korsen er god til prikkskyting.

 

Eg enda opp med følgjande kandidatar:

Monarch 2,5-10 x 42 (USD 345)

Monarch 2,5-10 x 50 (USD 395)

Monarch Gold 2,5-10 x 50 (USD 639)

 

Eg enda opp med ein Nikon Monarch Gold 2,5-10 x 50, tysk #4. Den vart bestilt frå The Optic Zone i lag med Warne Maxima 30 mm ringar og Butler Creek linsedeksel. Eg såg lenge på Bushnell Elite 6500 2,5-16, men grunna at den berre leverast med "tynne" retikkel valde eg Nikonen i staden.

 

Pris og leveringstid

Sikte, ringar og linsedeksel levert i min postkasse kr. 5135,19, alt inkludert (Frakt og MVA), Leveringstid 8 dagar.

 

MEN same kikkertsikte, eks. ringar og deksel, hadde XXL til kr. 5099,- på sin webshop! Det er ikkje alltid at import har så mykje for seg..

 

Montasjar

Det er mykje snakk om MOA skinner for tida så eg fann ut at det måtte til. Google var nok ein gang hjelpemiddelet til å finna fram til Farell One-Piece 20 MOA Base, Brownells #100-001-149, USD 81,-

MAU-98-1-0.jpg

 

Denne er i stål og så solid at eg trur den er med å stivar av låskassen.

 

Farell har sjølvsagt ringar og, men dei kostar det kvite ut av auga. Valget vart derfor standard 30 mm ringar frå Warne

 

Med lave Warne ringar er det 8 mm klaring mellom objektiv og løp. Farellskinna bygger mao ein del opp

klaring_lop.jpg

 

Det er god klaring mellom okular og original M67 hevarm. Ingen omsmiing naudsynt.

klaring_sl.jpg

 

Stash og "kjekt å ha"

Forster Pair Mauser 1/4"-22 Inletting Guide Screws, #319-415-098, USD 5,-

Desse er heilt uvurderlige når mekanismen skal leggast inn i stokken

 

ACRAGLAS GEL KIT, Brownells #081-014-007, USD 26,-

Til beddejobben.

 

Prøyserblått, Brownells #100-001-581, USD 4,-

Eg bruka den til å merka kvar mekanismen tok i stokken ved innlegging, men det var egentleg noko griseri.

Denne skal vera betre egna: Innletting Black, Brownells # 457-001-050, USD 9,-

 

Denne kan bli aktuell om økonomien tillet:

339500098.jpg

David Gentry M-98 THREE POSITION SAFETY SHROUD, Brownells #339-500-098, USD 179,-

Dei har og ein frå Dakota Arms som er litt rimelegare, USD 150,-, men den er ikkje blånert.

 

Master Class Stocks har ein del fint stash, mellom anna dette beslaget for justerbar kolbekam:

DSCF0391.jpg

Eg har vore i kontakt med dei og dei sender til Norge.

 

Utstyr for stødig skyting

Match-reim

Alle som har skote i DFS regi kjenner til bruk av match-reim og ser på dette som det mest sjølvsagde utstyr når ein skal driva med presis skyting utan anlegg. Med nye Uncle Mikes 1 1/4 Mil-spec swivels er den originale sjølvstramande match-reima framleis brukbar.

Reim1.jpg

 

Reim2.jpg

 

Eg supplerte og med ei "Model 1 quick cuff precission sling" (puh) frå http://www.tacticalintervention.com/

 

I funksjon minnar den om reima som skiskyttarane brukar. Ei løkke som ein har rundt overarmen heile tida og som vert kobla samen med reima når ein skal skyta. På denne måten kan ein bera rifla i reima og på kort tid vera skyteklar.

Den vart sjølvsagt montert utan å lesa bruksanvisninga og eg fann ut at det faktisk gjekk an å skyta med "splitta" reim. Etterpå sjekka eg bruksanvisninga og fann ut at eg hadde montert den bak-fram. Det er meininga at reima berre skal gå over handbaken og vera så stram at den dreg rifla inn mot aksla. Medfølgjande reimbøylar vart bytta ut med Uncle Mikes 1 1/4 Mil-spec swivels.

 

Her "feilmontert" for skyting med splitta reim. Tre neven gjennom løkka framom spenne.

Reim3.jpg

 

Og her iht bruksanvisning

Reim4.jpg

 

Reim og 2 sett reimbøylar vart kjøpt frå Brownells og kom på kr. 1 238,-, leveringstid 8 dagar.

 

 

To-fot

Etter å ha forska litt så er eg komen fram til at Versa-pod vert alternativet eg vil gå for. Monteringa vil bli med "pinne" i framkant av forskjeftet. På den måten får ein eit lavare tyngdepunkt på opplagringa. Ein slepp og handstopparen som vil vera i vegen når ein ber rifla i reim over aksla.

 

Montering av pinne

Pinnen er 11,0 mm i diameter. Ved prøveboring vart 11,0 mm i trangaste laget, 11,5 var høveleg. Pinnen er lang og eg vurderte det til at det er meir enn solid nok om ein kappar den litt ned. Då kan eg og flytta reimfestet, som eg no tykkjer er litt langt bak, framover utan at det kjem i konflikt med pinnen.

Pinne1.jpg

 

I tillegg har pinnen ein tapp som sikkert er noko som heng att frå før Versa-pod fekk låseskrue på kantinga. Den medfølgjande handstopparmontasjen manglar denne tappen. Eg filte derfor vekk tappen på pinnen.

Pinne2.jpg

 

Eg brukte lang tid på å spenna opp stokken for å vera sikker på at alt vart beint.

Pinne4.jpg

 

Ferdig bora

Pinne3.jpg

 

Flensen felt inn

Pinne5.jpg

 

Acragel beddemasse smurt på, avfetta først med raudsprit.

Pinne6.jpg

 

Og på plass i stokken. Hugs maskering og sleppmiddel!

Pinne7.jpg

 

Skrap vekk overskytande beddemasse og tørk av med ei fille fukta med raudsprit.

 

Her ferdig og samanlikna med handstopparversjonen

Pinne8.jpg

 

Høgdeskilnaden er 35 mm. Dette gjer at tyngdepunktet kjem lavare. Med settskruen for kanting laus så tippar rifla overende når tofoten er montert på handstopparen. Montert på pinnen så vert den ståande. I tillegg så er pinnen mykje meir solid. Ein har ein 11x60 mm bolt som er limt fast i stokken med epoxy. Handstopparen heng i ei 6x25 mm treskrue ved hjelp av ein 2 mm låsepinne.

 

Tofoten vart ein 7" - 9", altså modell 51. Her montert med handstoppar på reimskrue.

Versa1.jpg

Den er rikeleg høg til ligjande skyting på plant underlag. Med tofoten montert på pinnen treng ein faktisk ikkje å fella føtene heilt ut for å få ein komfortabel skytestilling.

 

pod1.jpg

 

pod2.jpg

 

Pinne og tofot vart bestilt frå Versa-pod sin nettbutikk, http://versapod.com.

Det kom på kr. 1268,- alt innkludert og det tok 11 dagar frå bestilling til eg hadde varene.

 

Bønnepose

Eller Bean Bag. Når ein skyt med to-fot med ei så tung rifle som dette så er det ikkje nødvendig å halda om fortreet. Ein får ein mykje stødigare skytestilling om ein legg venstrearmen (for recht skyttarar) bak under kolben. Kolbekroken gjer at ein får godt tak og ein pose under kolben gjer at stillingen vert enno stødigare. Ei ankelpølle gjer nytta, men ein får sjølvsagt spesiallaga sniper bean bags i ymse camo variantar.

bean%20bag%20digital%20desert.jpg

 

 

Valg av kuler og krutt

Hastighet i 6,5x55 med kort løp har vore diskutert ein del. Her er nokre utgangspunkt med "normal" løpslengd:

 

Frå Ladeboken, like data i #3 og #5 som var dei eg sjekka:

Testvåpenet hadde 66 cm pipe.

Nosler Partitition 140 grains / 45 grains Norma 204: 801 m/s

Nosler Partitition 140 grains / 46,5 grains Norma 204: 831 m/s

 

Norma oppgjev følgjande:

Veit ikkje kva løpslengde dette er frå

Nosler Partitition 140 grains / 41 grains Norma 204: 765 m/s

Nosler Partitition 140 grains / 43,1 grains Norma 204: 813 m/s

 

Eg har brukt mykje tid på å filosofera over kulevalg, men no trur eg konklusjonen er klar:

Til jakt: 140 grains Sierra Game King

Til trening: 142 grains Sierra Matchking

Skyttarlagskrutt som spesefisert på boksen. Vert presisjonen brukande så gidd eg ikkje eksprimentera meir..

 

 

Match King / Game King har boattail og manglar delevegg. Den har då mindre bæreflate og er mjukare enn Nosleren. Eg reknar med at Ladeboken sine litt høgare data kan brukast.

 

Anslagsenergi for storviltjakt:

I følge forskriftene så skal 9 grams kuler ha ein anslagsenrgi på 100 m på 2700 joule. Det vi sei at 140 grain GK, som har ein BC på 0,49, må ha ein utgangshastighet på 831 m/s for å klara kravet. Om eg ikkje når det, så trur eg ikkje at hjorten kjem til å merka det noko særleg...

 

 

Testskyting

Klar for fyrste test. Ny stokk var ikkje komen så originalstokken fekk gjere nytta:

Original-stokk.jpg

 

Kikkertsikte.jpg

 

Spaninga var stor då eg rigga meg til med sandsekker i skytebenken. Smilet vart etter kvart breiare og breiare.

Sierra-142-HPBT---45-204-II.jpg

Sierra 142 grains Matchking / 45 grains 204 / 807 m/s / 15 mm :D

 

Sierra-142-HPBT---46-204-I.jpg

Sierra 142 grains Matchking / 46 grains 204 / 824 m/s / 7 mm :mrgreen:

 

Dette er sjølvsagt skrytebileta, men det syner i alle fall at rifla har potensiale og at ein ikkje skal kimsa av Kongsbergløp. Snittsamlinga av dei 9 treskotsseriane eg skaut i dag var 23 mm.

 

Sidan løpslengde og hastighet har vore tema i tråden så tek eg med "tallenes tale". Eg har ingen data med original løpslengd, men med 55 cm (støtbunn - munning) fekk eg følgjande over min Chrony:

Norma Elit, 9,0 gram, Vo = 800 m/s: 743 m/s (hadde berre to skot att, snitt av dei...)

Norma Elite, 9,1 gram Hornady interlock, Vo = 850 m/s: 817 m/s

Sierra 142 grains HPBT / 45 grains Norma 204: 807 m/s

Sierra 142 grains HPBT / 46 grains Norma 204: 824 m/s

Lapua Scenar 9,0 gram HPBT / 45 grains Norma 204: 812 m/s

Lapua Scenar 9,0 gram HPBT / 46 grains Norma 204: 833 m/s

Sierra 140 grains GK / 46 grains N-15: 779 m/s

Sierra 140 grains GK / 47 grains N-15: 802 m/s

(N-15 lot 55026, data på boksen: 47,7 grains / 140 Sierra, 869 m/s i 740 mm Sauerløp)

 

 

Konklusjon og evaluering

Eg er vel i utgangspunktet ganske nøgd. Inspirasjonen var ei Remington 700 LTR, som står for Light Tactical Rifle, Lett Taktisk Rifle. Lett vart den i alle fall ikkje. Med kikkertsikte stoppar kjøkkenvekta på 5,7 kg. LTRen har 50 cm løp i .308. Eg tenkte til å byrja med å kappa løpet til 50 cm, men sidan kaliberet er 6,5x55 så stoppa eg på 55 cm for ikkje å mista meir utgangshastighet.

 

Presisjonspotensialet bør absolutt vera til stades. Eg har ikkje fått testa børsa frå benk med den nye stokken enno, men i M67 stokken var snittet av 9 3-skots grupper 23 mm, med 7 mm som den beste. Eg kjem vel neppe til å klara kravet til anslagsenergi med 9 grams kule, men hverken eg eller hjorten kjem til å kjenna det nokon plass.

 

Bruksområdet kjem til å bli koseskyting og ein tur og to på bøjakt etter hjort. Eg reknar med at eg får vera med på "kjøt og flesk" på nokre DFS feltstemner og såleis få prøva børsa på litt lengre hald.

 

Av meir kjekt å ha ekstrautstyr vurderar eg ei UIT skinne. Lyddempar kjem nok og når økonomien tillet det.

 

Og apropos økonomi, vart bukken sala til den vart dyrare enn hesten? Oppsummert så kom ombygginga på kr. 5150,- + eit Timney avtrekk eg hadde liggande. Kikkertsikte og ringar kom på 5135,-. Vel 10 laken for ei rifle m/ kikkertsikte som ser ut til å ha sub-MOA potensiale kan vel ikkje vera så gale. I tillegg så har eg lært ein del og har ei rifle som det ikkje finnest maken til. Og så må det jo vera bra at den gamle M67en endeleg får lov til å koma ut av våpenskapet.

 

Testskyting og kommentarar

Første tur på skytebanen med full rigg vart hygjeleg. Det regna så eg enda opp med å bruka elektronikken, derfor ingen skrytebilete av perforert papp. 10 skot mix av 140 grains Match- og Game King frå ligjande skytestilling variert med tofot, splitta matchreim og Tactical reim haldt seg fint i 10-aren. Eg var litt spent på om treffpunkt med tofot og reim ville vera ulikt, men her var ingen praktisk skilnad å sjå. For ein som aldri har nådd oppover i klassane må eg og inrømma at det var moro å ligga med tofot og prikka inn den eine indretiaren etter den andre :D

 

Tofoten virkar fint med "pan og tilt" og gjev eit solid inntrykk (utan at eg har nokon av konkurrentane å samanlikna med). Eg må eksprimentera litt meir for å finna høveleg fyll i bean-bagen. "Sakko-sekk" fyll vert litt for lett og luftig. Den gamle sjølvstramande matchreima fungerar fint framleis, men eit handleddsbrot for eit års tid sidan gjer at det snart vert vondt å skyta med splitta reim. Tactical reima, bruka iht bruksanvisninga (usplitta) røyner ikkje sånn på handleddet, men er heller ikkje så stødig som matchreima.

Edited by Guest
Link to comment
Share on other sites

Hei,

Det blir nok et bra prosjekt det der ja!

Jeg sysler med noe av det samme selv. KV-67F1 ( 7,62x51) som jeg har fått boret for kikkertmontasje (Crane Picatinny fra Midway). Jeg har også en ATI plast-stokk som jeg driver og tilpasser litt. For tiden er børsa montert i original laminatstokk igjen. Jeg pønsker også på å få kappa pipa til ca 55cm (den er 72cm), samt gjening for lyddemper.

 

KV67-F1b.jpg

Link to comment
Share on other sites

Synes personlig at 60cm. er et greit kompromiss i en 6,5x55..

65cm. hadde vært ennå gunstigere. Noe under 60cm ville jeg ikke gått i det kaliberet.

 

Hva er hastighetene i disse løpslengdene da, jeg vet at dette er individuelt fra rifle til rifle og ladning til ladning, men hva vil ett typisk hastighetsfall være og hvor er eventuellt knekkpunktet ?? :D

 

Fin børse og fint at noen pusler med mausere enda...

 

Jeg har litt lett for å gå for mauserkasser selv. :D

Link to comment
Share on other sites

Det er vel en kjensgjerning at 6.5x55 bruker saktebrennede krutt for å få fart i kuler med god BC.

Kappes løpet ned vil jeg nok anta at kruttmengden vil bidra mer til global oppvarming enn fart på prosjektilet.

Dette også for 270W ogalle de andre med saktebrennende kruttsorter ala MRP, MRP2.

Link to comment
Share on other sites

Synes personlig at 60cm. er et greit kompromiss i en 6,5x55..

65cm. hadde vært ennå gunstigere. Noe under 60cm ville jeg ikke gått i det kaliberet.

 

Hva er hastighetene i disse løpslengdene da, jeg vet at dette er individuelt fra rifle til rifle og ladning til ladning, men hva vil ett typisk hastighetsfall være og hvor er eventuellt knekkpunktet ?? :D

 

 

 

Jeg har litt lett for å gå for mauserkasser selv. :D

 

Kjørte rypeladninga mi med144gr. kule/N-165 gjennom QL...

 

Denne gir 803m/s i min m-59 med 60 cm pipe. Kronografen sier det samme.

Med 65 cm. pipe angir QL 808 m/s.

Med 50 cm. pipe angir QL 768 m/s. Dette stemmer brukbart med et kappeeksperiment jeg gjorde på -80 tallet der jeg fant at en kunne regne med et hastighetstap på ca. 3-4 m/s pr. cm.

 

QL angir også en rimelig linjær kurve fra 40-60 cm. pipelengde, deretter noe slakere stigning opp mot 70 cm.

 

En laborering er litt tynt å trekke konklusjoner av, men dette eksempelet rimer dog godt med tidligere praktisk erfaring..

 

raudnakke

Link to comment
Share on other sites

Jeg får grei fart i 53cm pipa mi i 6,5X55. :D

 

Hva synes du er grei fart da?

Bare av uvitenhet, hvorfor kappe pipa til 50 cm for så og montere 20Moha base?

 

Jeg får Swift A-frame 140 grain opp i ca. 820 m/s. Helt greit spør du meg. :D

 

Men jeg er enig med deg at jeg kanskje ikke ville kappet så kort hvis det var for å skyte på lange hold.

Min var 60 cm, men jeg ønsket en rilfle som var grei å håndtere i skogen med demper som bygger 9cm foran løpet. Nå bygger den kun 2cm mere enn den orginale lengen på løpet. :wink:

Link to comment
Share on other sites

Jeg kronograferte standard Raufoss ammo 6,5x55 med 140grain Sierra kuler i mine rifler. Hastighet skal i følge produsent være 800m/s i 72cm løp. Winchester m70 med 60cm pipe ga 800-804m/s. 5 skudd test. De 12 cm hadde altså ingenting å si. Mauser 96 med 47cm løp og Hausken teleskop demper ga 760-766m/s 5 skudd test. Ytterligere 13 cm kortere løp ga altså ca 40m/s reduksjon. Det blir da som nevnt 3-4m/s pr. cm løp ved løpslengder under 60cm.

Det som kansje er mere interessant er hvordan disse 40m/s påvirker kulebanen. Har testet litt ut til 300m og ble overrasket. Trenger nemlig ikke mange flere knepp opp på kortløpet kontra standardlengden på 60cm. Skiller ikke mange cm på kulebanen ut på 300m

Link to comment
Share on other sites

Er det mulig du har en liten overladning her??

I følge ladebok 2, 5 og 6 er den kjappeste ladningen med 140 grains kule i 6.5x55 = 844. Dette var med en ruger med 66cm pipe.

I utgave 6 var det bare ei kule som så vidt kom over 814, 140 grains kule ladet med mrp i 60cm pipe Sauer 202.

 

Hvis jeg ikke tar feil så er du langt utover den røde streken.

Link to comment
Share on other sites

Hva er hastighetene i disse løpslengdene da, jeg vet at dette er individuelt fra rifle til rifle og ladning til ladning, men hva vil ett typisk hastighetsfall være og hvor er eventuellt knekkpunktet ??

En fellesnevner for glatte, ru, trange og romme løp, ja det hadde vært gjilt.

 

Angående trykktegn, har funnet at med rettet sluttsykkebunn og trangt/"perfekt" kammer, kan man få utrolig gode hastigheter uten trykktegn, man må nok desverre gå uti fra at det er overtrykk når dette intreffer. To etter mitt syn gode indikasjoner på "usynlig" overtrykk, man får høyere hastigheter i kort pipe enn bøkene får i lengre og man kan bruke endel mere krutt en nevnte bøker.

 

Dette har gjort seg sterkt gjeldende med villkatter, i spesialbygde børser, utrolige ytelser. Når de evt blir fabrikk patroner og trykk skikkelig målt er de ikke så morsomme lenger.

Link to comment
Share on other sites

  • 3 weeks later...
  • 2 months later...
  • 3 weeks later...

Det er mulig at du synes hastighetene du fikk med nosler P 140 grains var bra, men i følge PCB så holder ikke 813m/s til å gi denne kula 2700J. I følge PCB har du på 100m 2573 J, og det holder ikke til storvilt. Selv ikke 142 grains scenar kula klarer kravet = 2650J

 

Nosler PT kula er relativ stiv pga skildeveggen og opparbeider lager fort høyt trykk så jeg ville nok gått litt forsiktig fram.

Link to comment
Share on other sites

Det er mulig at du synes hastighetene du fikk med nosler P 140 grains var bra, men i følge PCB så holder ikke 813m/s til å gi denne kula 2700J. I følge PCB har du på 100m 2573 J, og det holder ikke til storvilt. Selv ikke 142 grains scenar kula klarer kravet = 2650J

 

Nosler PT kula er relativ stiv pga skildeveggen og opparbeider lager fort høyt trykk så jeg ville nok gått litt forsiktig fram.

 

Om du les kva eg skriv så har eg ikkje testa Nosler i det heile....

Eg refererar til ladedata frå Ladeboken og Norma.

Og om mine jaktladningar skulle koma litt under det formelle kravet til anslagsenergi så kjem ikkje det til å plaga meg nemneverdig.

Link to comment
Share on other sites

  • 4 months later...

Et lite tips: I stedet for å klisse med den merkefargen på tube, så bruker du helt enkelt ordinær spritturs i en mørk farge som du bruker på stålet. Det gir godt nok avtrykk mot treverket der det kniper om du frisker opp fargen innimellom prøvingen. Da slipper du å kline til på steder hvor merkefargen ikke skal være, som på hender og treverk forøvrig.

Link to comment
Share on other sites

Det var Rafdal som monterte skinna. Ut frå det eg kunne sjå når eg haldt delene saman før montering så passa den i utgangspunktet. Farell anbefalar å "bedda" mellom bakre låskassebru og montasjeskinna for å sikra 100% tilpassing. Montasjen har utfrest spor på undersida for å gje plass til beddemasse. Eg veit ikkje om Rafdal har gjort dette.

Link to comment
Share on other sites

  • 3 weeks later...

Meget spennende prosjekt.

Tror stokken, med unntak av farge er identisk med en jeg bestillte til tikkaen min rett over jul. Herlig å se et bilde av den med rifle i. Syns det så bedre ut enn jeg hadde turt å drømme om. Hadde nesten glemt at jeg hadde bestillt den her, men nå gleder jeg meg igjen som en unge til den blir levert :D Åssen er vekta sammenlignet med originalstokken?

Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...
  • 1 month later...
Oppdatert med meir om bedding og fastbedda skruer :evil:

En tanke ang. akkurat den episoden der....

Ser at orginalskruen er vanlig rettspor. Hva med å, under bedding, bruke en skrue med samme gjengestigning, men med vanlig bolthode og skive? Slik at man kan bruke ei pipe eller fastnøkkel til løsning senere...

 

Forøvrig et knallprosjekt, med et strålende resultat. Me like :mrgreen:

Link to comment
Share on other sites

  • 4 months later...
  • 2 weeks later...

Heisann! Jeg har et spørsmål angående KenFarrell-skinna. Når jeg ser på nettsidene til KenFarrell, så er det oppgitt hullavstander, med totalt fire hull! På Mauseren er det jo gjerne bare tre hull. Kunne du være snill å måle avstanden mellom de tre monteringshullene på skinna for meg (Senter til senter)?

Jeg vurderer å bytte ut Crane-skinna mi (som alikevel datt av) med noe skikkelige greier ser du :D

Link to comment
Share on other sites

 

I etterpåklokskapen sitt tegn har eg kome fram til følgjande:

I ein artikkel eg las på nettet om bedding anbefalte forfattaren å løysa og skrua til skjefteskruene ein gang i timen medan beddemassen herda. Dette trur eg var eit dårleg råd. Når ein løsnar på skrua vil sleppmiddelet kunna løsna og når ein skruar til att vil beddemasse kunna følgja med inn att. Eg gjorde denne jobben om ettermiddagen og siste gang eg løyste og skrua til skjefteskrua om kvelden var ikkje beddemassen nok herda. Beddemasse har følgt med gjengene inn og herda.

 

Problemmet er at du skrudde boltene for langt ut, du skal bare bevege de litt (1/4-1/2 omdreining holder).

 

Kjempeflott tråd, er vel noe av det grundigste jeg har funnet her inne!

Link to comment
Share on other sites

Heisann! Jeg har et spørsmål angående KenFarrell-skinna. Når jeg ser på nettsidene til KenFarrell, så er det oppgitt hullavstander, med totalt fire hull! På Mauseren er det jo gjerne bare tre hull. Kunne du være snill å måle avstanden mellom de tre monteringshullene på skinna for meg (Senter til senter)?

Jeg vurderer å bytte ut Crane-skinna mi (som alikevel datt av) med noe skikkelige greier ser du :D

 

Det kan eg gjera, men for å få eit nøyaktig mål må kikkeren av og det vil eg ikkje gjera no. Var på banen i går og koste meg med å skyta innertiarar så eg har ikkje lyst til å røra siktet no i sesongførebuingane.

Link to comment
Share on other sites

  • 5 years later...
  • 1 year later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...