Jump to content

Viltets reaksjon på viltkamera


vest

Recommended Posts

Dei fleste som brukar viltkamera tar bilde etter det eg forstår,men er det nokon som har brukt videofunksjonen såpass mykje at dei har lagt merke til om viltet reagerer på kameraet?

I denne filmen frå USA så påstås det at ein del vilt reagerer negativt på kamera og at dette går ein lett glipp av viss ein kun tar bilde. No må eg innrømme at eg har nesten utelukkande har tatt bilde så eg har sjølv ingen erfaring med det som påstås her. Kanskje norsk vilt reagerer annleis enn amerikansk whitetail deer? I filmen kjem dei forresten med råd om korleis ein kan unngå at enkelte dyr kan bli skremt av kameraet.
Link to comment
Share on other sites

For dei som ikkje såg filmen eg linka til så var eit av poenga at viltet, i dette tilfellet whitetail deer, reagerte på kameraet også om det var heilt avslått. Ein ting er om viltet reagerer nårdet ser lys frå diodane uansett om det er raudt eller svart(blått) eller om det høyrer lyd frå kameraet, ein anna ting er at dei reagerer på den fysiske tingen som heng på eit tre eller liknande. Derfor anbefalte dei å henge kameraet høgt då dyra ikkje så lett la merke til det, noko vi kunne sjå i filmen. 6 fot/ca 180cm eller høgre var anbefalingen, noko som eg ikkje har høyrt eller lest om andre stader.

 

Eit anna spørsmål: Er det noko som har prøvd å filme eit black LED kamera i funksjon i mørket? På ein film

ca 3.40 ut i filmen såg faktisk black LED diodane ut som dei gløda blått når dei vart filma,mens dei var usynlige for det menneskelige auge. Dette blåe lyset var kun synleg på filmen som vart tatt opp. Dvs han sa dei såvidt kunne ane noko glødande berre med augene. Hadde eg hatt eit black LED kamera her så skulle eg prøvd det,men det eg har står ute felten.

 

For den som lurer på testar av viltkamera så kan eg anbefale www.trailcampro.com Dei mest vanlege i Norge er ikkje med ,men ellers er det bra utvalg. Merk at desse kun testar det dei sjølv selger og det berre er nokre frå mms kamera med.

Link to comment
Share on other sites

Joda, dyr reagerer på kamera. Men de blir ikke redde, mest nysgjerrige. Dyr er i grunnen ikke så redde for alt mulig som vi tror. De er redde for mennesker det vet vi. Og det er den menneskelige signatur som skremmer dem. Ansiktet og hendene våre som lyser opp i skogen som en lykt. Men dyr er ikke redde for hverandre og heller ikke redde for "døde" ting som kamera. Legg merke til fasanhøna i bakgrunnen. Den er overhodet ikke redd for rådyrbukken og måtte faktisk flytte seg for ikke å bli tråkket ned (på et annet opptak).

 

http://vid86.photobucket.com/albums/k83 ... 1srlgn.mp4

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...