Jump to content

3D stemne i Ulvik laurdag 27 og søndag 28 september


x-force

Recommended Posts

556916_10151308711695516_2111280021_n.jpg

Ulvik Jaktbogelag inviterer til to dagars 3D stemne i Ulvik laurdag 27 og søndag 28 september. Resultat frå laurdag og sundag vert slått i saman og det er totalsummen som vert telande resultat.

Etterpåmelding mellom 10.00-11.00 laurdag. Stemnet byrjar kl 12 på laurdag. På søndag startar me kl 10.30 og vil vera ferdig i god tid for dei som skal reise langt.

 

Reglar:

Laurdag skyt me 24-måls 3D-jaktsti. Søndag skyt me og 24-måls 3D-jaktsti. Løypa vert bygd om mellom laurdag og sundag. Fullstendige reglar vil stå på poengkortet.

 

Klasser:

Buer m/sikte: senior, junior (11-16 år ) og rekrutt ( yngre enn 11 år )

Buer u/sikte: senior, junior og rekrutt

 

Det blir premie til de 3 beste i kvar av seniorklassene. I junior er det premie til alle.

I tillegg til premiering på skytinga er det trekning av deltakarpremie blant alle som startar

 

Deltakaravgift ( laurdag og sundag )

Senior :350

Junior/rekrutt :100

 

Påmeldingsfrist: 23/09 send melding til aevik@hotmail.com eller tlf. 91111376

Gi også beskjed om du ønskjer middag på laurdag.

 

Laurdags kvelden vert da sosialt samvær med enkel servering. Her vil Hamish Skead frå Lowlands hunting safaries vise film og bilde frå jaktområda deira.

 

Uttrekningspremie.

På laurdags kvelden er det trekning av ein deltagerpremie. Premien er ein 6 dagars jakttur til Lowlands Hunting Safaris. Inkludert i premien er og eit vortesvin, ein Impala og ein blesbuck (eller eit dyr med tilsvarande trofé pris). (Flybilletten er ikkje med i premien)

Tidspunktet for jakta avtalast med Hamish. Juniorar og rekruttar er diverre ikkje med i trekninga.

Overnatting/mat:

Camping/telting ved Osa Grendahus (like ved banen). Mat og drikke kan ein kjøpa ved løypa under konkurransen begge dagar. Laurdags kveld serverast ??? m/tillbehør, kr 150,- pr person.

 

Me riggar til leiren på fredag. Her kan du sette opp telt eller parkere campingvogn/bil. Me fyrer opp ein stor grill, der du/de kan grille medbragt mat. Det vert bålbrenning og sosialt samvær utover kvelden. Innskytingsbanen er open for skyting heile helga, 10-40m.

 

Velkomen til stemne!

 

Ulvik Jaktbogelag

v/leiar Aun Egil Vikør

91111376

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...