Tusen takk for mange gode synspunkt og refleksjonar, T3 Varmint!
Før undersøkelsen blei publisert hadde eg fleire diskusjonar med div. jegera som eg har kontakt med, og merkelig nok så kom aldri tipset om eit spørsmål om hjorten hadde observert jegeren opp, ser nå i ettertid at dette er eit spørsmål som absolutt hadde hatt sin plass i spørjeundersøkelsen. Heldigvis har mange av dei 337 som til no har svart på undersøkelsen skreve litt meir utfyllande om situasjonen der dyret blei skote og også om skot plassering.
Det med kaliber var mykje diskutert i "forkingsgruppa" før publisering, men vi fant ut at det kunne bli litt for avansert, men også her har eg fått mange gode innspel og erfaringar med forskjellige kaliber.
Er godt mulig at nokon av spørsmåla er like frå "Bedre hjortjakt" som blei publisert i 2004 som eit samarbeid mellom Norges jeger og fiskeforbunn og miljøavdelinga i Møre og Romsdal. Har lese denne rapporten opptil fleire gongar både før og etter publisering av min spørjeundersøkelse, men følte at den gikk litt meir på jegeren genrellt og om jegeren sine kvalitetar og skyteerfaring påverkar skadeskyting og lignande.