Jump to content

Lindy

Members
  • Posts

    76
  • Joined

  • Last visited

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

Lindy's Achievements

Enthusiast

Enthusiast (6/17)

  • First Post
  • Collaborator
  • Conversation Starter
  • Week One Done
  • One Month Later

Recent Badges

0

Reputation

  1. Eg har nyleg fått meg ein slik Ruger SR22 PBT med lyddempar. Fantastisk morro sak, skyt presist når eg gjer jobben. Mitt spm går på lyddemper. Den fungerer etter intensjon, og slik eg forstår det er jo poenget at den må ha litt volum for å dempe gassar som lagar lyd. Problemet mitt er at den dekker for korn og skur, dvs det vert ikkje fri luft mellom skur og korn. Høgda har eg forsåvidt greit, sidan eg har stilt den inn sub-6, men eg må jobbe svært hardt med siktinga for å plassere dei kvite prikkane på skur og kort korrekt. Finnast det brukande lyddemper som gjer at eg ser siktene utan at eg misser effekt av demperen ? Kan ein få ferdig forhøga sikter og skur som kan ettermonterast ?
  2. Beklager. Såg ikkje tråden under
  3. Kan hende feil forum, men eg prøver meg. Pistolklubben eg er medlem i nyttar same bane som 2 DFS klubbar. Vi skyt mest på papir, men tenker å oppgradere. Mitt spørsmål er om det er mogleg å kjøpe elektroniske skiver som kan brukast på alle baneprogram for pistol til 25 m, samt DFS sine innendørs baneprogram (litt uviss på avstand og type). Gjerne også for luft, men det er ikkje eit absolutt krav. Kva kostar evt slik, vi tenker primært 5 skiver, med 5 monitorar, og ein sentral styringseinig. Kva produsent og kva modell ? Set stor pris på tilbakemelding.
  4. Hei Det vil truleg komme ein del svar, og dei vil avhenge av ståstad til den som svarer og til dere. At ein luftpistol vil vere nyttig er vel ingen i tvil om, mengdetrening kan og bør ein halde fram med lenge etter kruttpistol er komne i hus. Eg stussar litt om val av førstevåpen , men det finnast det mange trådar om. Dersom formålet er plinking og skyting for gøy, vil nok mange rimelege C02 pistolar vere aktuelle. Eg trur du får tak i kopi av ruger også her. Dersom målet er å skyte praktisk eller liknande vil vel luftpistolar som liknar desse vere aktuelle. Dersom ein tenker på baneskyting vil naturleg nok rådet vere ein matchluftpistol. Desse kostar ein god del (15-16k + lufttank) så desse krev ein viss interesse. Andre aktuelle kan vere Hammerli AP20 som kostar litt over 7k (men som krev lufttank) eller ein 46M som ikkje treng gasstank heime. Den siste er ein svært god treningspistol. Ellers finnast mange gode våpen frå weirauch som ein ladar eit skot i gongen, gjev også god trening. Trrur desse kostar ikring 2k. Vel , vonar desse råda kan hjelpe litt, men det er nyttig å vite litt meir kva målsettinga er.
  5. Takker igjen for gode tilbakemeldingar. Kva skal eg bruke den til ? Ikkje jakttrening, men skyting mot blink og plinking mot flasker, ting og tang - altså bare moro. Kvifor ikkje knekkrifle ? Ser for meg at om eg ligg på buken og skyt, så blir det pes å brekke løpet. Type sikte ? Såg for meg rimeleg greit kikkertsikte for trening. Mogleg diopter seinare, men sidan eg ikkje primært skal skyte konkurranse er ikkje diopter det aktuelle førebels. Men, forstår eg rett - PCP er dårleg ide dersom noko går gale, ein må styre sjølv med reparasjon, og dette er greiast på fjærvåpen ? God å sjå at utgangspunktet mitt er greit mop våpen ikkje er heilt ute, men eg bør tydeleg satse på eit kvalitetsrifle med knekk på . Evt ei skikkeleg god rifle frå td BSA om eg skal gå for PCP ? Vanskeleg dette her, så mykje enklare med pistol
  6. Hei og hå. Det tok litt av her ut frå mitt utgangsspørsmål Så langt har eg fått tilbakemelding på at tanken min på Hammerli 850 airmagnum tydeleg er ein dårleg ide. Anten fordi det er dårleg kvalitet eller ei upresis , dårleg rifle. Må eg då opp på ikring 8 000 kr for å få noko brukande på 20 m ? Eg må tydeleg for luft, PCP, og då gjerne 200 bar i rifla. Korleis eg skal fylle, og då evt med reduksjonsventil får eg så sjå. Men så er rådet eg har fått altså ein slik BraCock , ein cz 200 som må importerast , eller ein Air Arms som var link til over ?? Framleis takksam for tilbakemelding for kva rifle eg bør kjøpe. (Korleis eg bør fylle og med kva, og kva fallgruver som finnast, har eg vel fått med meg etterkvart)
  7. Takkar for tilbakemeldingar. Ang .22 : Dette har eg tenkt på, men førebels slått meg frå det. Går greit nok å søke, men det held med 20-30 m , då bør 4.5 mm vere nok tenker eg. Ang CZ : verkar grei den, solid, men eg er såpass teit at eg vil støtte dei vi har i Noreg så langt som råd (pluss at eg ikkje orkar importere ) Link til til BroCock : fin denne, men litt få skot pr fylling. Må vere nær tanken med kun 40 + skot. Førebels har eg tenkt meir på den Hammerli 850 air magnum. Verkar fristande den. Nokon som har negative erfaringar med denne sånn i store trekk.
  8. Hei Litt om meg sjølv for å hjelpe dykk til å gje betre råd (eg har lese det som står i tidlegare trådar, men er like lur). Skyt no berre ISSF-pistol, baneprogram , med Pardini SP, Steyr LP10 og ein cz75 shadow (som eg ikkje har konkurrert med enno). Har ein dykkertank på 200 bar i kjelleren. Ønsker no å skaffe meg ei luftrifle. Eg skal ikkje starte med baneskyting og konkurrere , men ønskar ei presis rifle til moroskyting på 10-20+ meter. Knekkrifle er ut, så det må vere PCP eller evt CO2, 12 eller 88 gr. Den treng ikkje gå hol i hol på 20 meter, men gjerne nesten like bra. Avtrekket bør vere bra. Blir gjerne sitjande /liggande for å skyte. Ei PCP-rifle bør gjerne takle ein del skot, ikkje berre 30 skot før ein må heim og fylle. Magasin er kjekt, men godtek gjerne eit skotsrifle. Pris, tja ikring 5000 ??? Dei eg har set på er Hammerli 850 air magnum XT 220 m / s 0.177 88g C02 www.game.o n 3399 Benjamin Discovery Dual 305 m / s 0. 177 PCP single Wasteland.no 2890 Benjamin Marauder 335 m /s 0. 177 PCP 10 skot Wasteland. no 4690 Crosman Challenger 161 m / s 0.177 PCP single Wasteland 4590 umarex hammerli cr20 s 175 m/s 0,177 88gr co2 single xxl 5999 Den eg kan hende går for førebels er umares hammerli cr20 gr regulering, avtrekk, og tal på skot før skifte av patron. Set stor pris på tilbakemelding.
  9. Hei Vi kjøpte inn ein x-esse sport til klubben. Pistolen er driftssikker og tåler det vi har putta inn av ammo. Når den blir litt sur og klikker, må ein nok pusse litt. Så litt vedlikehald må ein rekne med. Å skyte med den er moro. Den har eit bra avtrekk , ørlite tyngre enn matchavtrekk. Mogleg litt "slanke" korn og skur. Det går godt an å putte alle skot innan for 9 eller 10 om skyttaren kan jobben sin, vel å merke når ein skyt seint. Å skyte fort går ikkje så bra, fordi den har litt høg kjernelinje som gjev litt munningsvipp. Vi fekk dessverre ein skade på bremsen som skal stoppe sliden. Den er bestilt, så førebels er pistolen ute av drift. Så , til skyting til moro er dette ein svært bra pistol. Til konkurranse vil eg vel seie at ein skytter skal jobbe hardt for å skyte bra på serier under 10-20 sek, så til baneprogram i ISSF vil eg ikkje tilrå denne om ein vil stå øverst på pallen.
  10. Hei Eg kan seie litt om korleis vi jobbar, kan hende litt på sida. Vi er ein liten klubb som siste 1-2 år har vakna opp frå dvale dei siste åra. Vi har vel 1-2 aktive konkurranseskyttarar, nokre få til som er i startgropa. Vi trener førebels ein gong pr veke, og då ei blanding med luft og .22. Vi har vore nokså planmessig på at vi må kunne tilby dei som vil skyte rett verkty, og grensa er som du nemner 10-13, og 14 +. Vi har tigga ein del penger frå bedrifter med eit prosjekt "Luft til dei unge" der vi fokuserer på alt det positive skyting dreg med seg. Fokus på seg sjølv. Auka konsentrasjon. Analyse av seg sjølv med fokus på det positive og kva som kan verte betre mm. Vi har pr idag fått inn pengar til ein LP2 og ein LP400 compact. Scuba tank står i lokalet. Vi får truleg enno ein LP400 om kort tid. Desse har skjefte i medium/small og links er bestilt. Fokus er alltid sikkerheit, i alle trinn, men det treng ikkje vere kjedeleg. Dei yngste får prøve med bord, 2 hender og normaputer. Når dei får fortløpande instruksjon går treffa fort i det svarte og ingen ting er kjekkare enn det. Dei kjem attende frå gong til gong. Dei får også skyte på små aluminiumsirklar. Det seier ping og gjev tilbakemelding umiddelbart. Tidvis kan ein henge opp ballongar som liten avslutning. Dette fungerer for oss svært bra. Mor og far skyt med .22 i båsen ved sidan av , og det er få idrettar mor/far og son/dotter kan dele på samme nivå. Etterkvart som dei vert eldre har vi ein mod browning buckmark med 1,4 kg avtrekk, ein hammerli e-xesse sport, 2 xbenelli matchpistol Desse kan dei prøve med 2 hender, 1i hand og ståande regulerbar støtte. Faktisk vil mange etterkvar prøve med støtte, for treff er mykje kjekkare enn bom. Då snik ein også lettare inn det grunnleggande på ein kjekk måte. Vi prøver og feiler litt, men det ser ut som vi må utvide treningstider grunna jamnt stigande oppmøte. Dette var kan hende litt på sida, men eg synest det ers vært greit å dra rundt å snakke om idretten vår. Bruk lokalavis /inviter til prøving, dra til ungdomsklubbar om du får det til , snakk der du kan . Eg snakkar aldri med hatten i handa, eg er "stolt" over idretten min. Eg ser det positive, og tenker i samme baner som ein som vil informere om td fotball eller musikkorps. Svar på spørsmål, for det som vi må jobbe mot til dagleg er fordommar. Ved å auke kunnskap vil folk verte nyfikne og komme. Så får ein prøve å feile litt. Eg går kan hende i kategori "gammal gubbe" , mentalt er eg ca 20, (alder snakkar vi ikkje om). Eg synest at mi oppgåve i tillegg til å trene sjølv er å vise entusiasme på trening. Dersom eg viser interesse for dei nye gjer eg mykje nytte. Ved å gje råd og forslag til korleis dei kan verte betre, så lærer eg også svært mykje sjølv. Så, her var det mykje hummer og kaviar, ta med det du kan bruke av dette.
  11. Takker for tilbakemelding. Problemet mitt er at eg ikkje har trener. Eg har fått nokre timar med ein svært hyggeleg skyttarkollega ved 2 høve i Oslo dei siste 2,5 år. Ellers har vi måtte lære alt frå bøker /prøving og feiling. Vi er 2 stk som er om lag like langt på veg, og brukar kvarandre som støtte/krykke.
  12. Bakgrunn : eg har lese det eg kan på nettet (mange nettsider), lærebok i pistolskyting, NSF sine hefter for pistolskyting for unge mm. Har skote nokre år, har ein slags trenerfunksjon i klubben utan formell utdanning. Så mine spørsmål /ønske om litt synsing : 1. Det står ulike stader at ein ved grepet skal plassere pistolen slik at lengderetninga på løpet går rett i underarmen sin akse/lengde. Dette for å få rekylen rett i skuldra .Eg står ikkje direkte 45 grader på skiva, men står heller ikkje i flukt med linja rett mot skiva. Ifølge meg sjølv vert det då umogleg å få aksen til pistolen rett opp heile underarmen. Siktelinja frå korn til skur kuttar om lag ut på 1/3 del av underarmen.Eg nyttar høgre hand og høgre auge. Rekylopptaket får bli som det blir, det kan umogleg gå rett i skuldra. Rekylkrafta går då inn i skuldra noko meir mot senter av kroppen enn gjennom senter på armen. Dette gjev litt uheldig sidekraft for neste skot, men vert ein naudsynt tradeoff når ein ikkje står i flukt. Meiner no eg , men har eg misforstått noko totalt ???? 2. Tyngdepunkt : nokre stader står det tilrådd litt "bakpå" , andre stader litt frampå , dvs med vekta litt lenger fram på fotsålane. Dette vert synsing sidan eg aldri har festa eit lodd i skrittet og sjekka, men eg føler at det beste er litt frampå, mogleg ørlite bøy i kne, mest for å unngå å låse kne. Bakpå låser eg kne og har ingen kontroll for balansen. Eg er ikkje ute etter facit, alle har vel eigne mål og synsingar, men sidan eg skal rådgje andre kunne det vere greit å vite kva andre tenker om dette. Endret farget tekst da skriftfargene #0000FF, #0000BF, #0040BF, #0040FF, #004080, og #000080 kun skal brukes av moderatorer og teknikere slik at deres beskjeder og henstillinger skal være lett synlige og gjenkjennelige. - mS
  13. Hei. Eg leikar litt med programmering, men måtte grunna tid gje meg på java (førebels). App inventor (MIT) gjorde at eg kunne snekre saman denne. Brukar while løkke og sjekkar mot tid henta frå klokka. Litt tungvint, men utan godt nok hovud er det det beste eg kunne få til.Intervall er sett til td 150500 millisec , mogleg dette vert feil. Set pris på om nokon vil laste ned og prøve denne . (har ikkje gidda opprette android market konto enno) http://www.4shared.com/android/XJVwVLle/Standardpistol.html?refurl=d1url Gjerne tilbakemeldingar.
  14. Lindy

    Ventilasjonskrav

    Eg har søkt litt men finn ikkje heilt fram, mogleg eg og er på feil forum. Vi skal utvide pistolbane til 25 m og treng då korrekt og godtkjent ventilasjonanlegg. Kor finn eg skildring av dette, dvs mengde luft som skal flyttast pr tidseining, plassering i forhold til skytter, dimensjonar mm ? Set pris på link til dokument, andre trådar mm
  15. Skal til Mallorca i sommar. Ønskar å ta med ein LP10 for å tørrtrene klikk mot vegg. Altså ta med tom gasstank på pistol, pakke den i koffert og reise. Går det bra, nokon problem ?
×
×
  • Create New...