Jump to content

Marlinman

Members
  • Posts

    119
  • Joined

  • Last visited

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

Marlinman's Achievements

Enthusiast

Enthusiast (6/17)

  • 10 years in
  • First Post
  • Collaborator
  • Conversation Starter
  • Week One Done

Recent Badges

2

Reputation

  1. Etter 8-10 års pause har eg plukka fram kronografen og mikrometeret att. Anledninga var å finna ei høveleg ladning til Woodleigh 160gr PP SN, #80A i 6,5x55 med Norma MRP Woodleigh oppgjev følgjande ladning med Hodgon H4831SC: Start: 44,0 grains – 2325 fps Max: 48,0 grains – 2525 fps I følgje Hodgon har H4831SC same eigenskapar som H4831. I Norma sin tabell for relativt trykk har MRP 80,1 og H4831 77,3. MRP er soleis marginalt raskare. Reknar ein om får ein for MRP: Start: 42,5 grains Max: 46,3 grains Dette er sjølvsagt ikkje eksakt vitenskap, men gjev ein peikepinn. Norma sine data for MRP og Hornady Round Nose 160 gr: Start: 44,0 grains – 2437 fps Max: 46,0 grains – 2529 fps Norma sine data for MRP og Oryx 156 gr: Start: 43,0 grains – 2352 fps Max: 45,4 grains – 2507 fps Ut frå dette skal 43,0 grains MRP vera ei trygg startladning, så eg lada opp 6 skot med denne ladninga og 6 med 44,0 grains. Lapua hylser, Federal #210 hetter, patronlengde 76,0 mm (2 mm friflukt). Som referanseladning hadde eg Lapua Naturalis 140 grains fabrikk. Hylsene til testladningane kom frå same eska. Testvåpen er Winchester M70 med 56 cm løp og Hausken dempar, frå benk, avstand 106 meter, avstand munning - kronograf 2,2 meter. Lapua Naturalis 140 grains: 2765 fps Woodleigh 160 grains/43,0 grains MRP – 2420 fps – snitt av 2x3 skot: 46,5 mm Woodleigh 160 grains/44,0 grains MRP – 2479 fps – snitt av 2x3 skot: 35,5 mm Basert på måling av trykkring med mirkometer hadde 43,0 grains ladninga litt lågare trykk enn Lapua fabrikk. 44,0 grains ladninga hadde omlag same trykk. Eg ser vel ingen grunn til å auka ladninga meir. 44,0 grains MRP og 76,0 mm patronlengde gjev ei lett komprimert ladning. Hastigheten er i området Woodleigh oppgjev for kaliberet og presisjonspotensialet er til stades. Beste 3-skots samlinga var på 27 mm med 2 skot hol i hol. Dette var faktisk litt moro, etter gamalt.
  2. Børsa er i bruk. Her skyt jentungen grovkalibra rifle for aller fyrste gang: Og resultatet vart brukande :
  3. 53 grains N135 (lett komprimert) / FC#210 / 1725 fps i 22" løp / 3 sk. > 50 mm@100m. Har brukt denne på jakt sidan 2002. Ser ingen grunn til å endra.
  4. Kjøpte hjå Bjørns sist og har ikkje funne nokon rimelegare. Bjørns Jakt & Fiske: RC steel shot T 3 20 kr. 1,90 pr. stk. Bjørns sender, men kun 1 kartong à 250 i kvar pakke, frakt kr. 200,- pr. pakke. Landrø: RIO Top C20 BlueSteel 20/70 24g #7 kr. 2,55 pr. stk. Våpensmia: GYTTORP STEELMAX 20 TRAP kr. 3,75 pr. stk Oppdatering: XXL: Saga Eurotrap 20/70 7,0 24 gram STEEL, kr. 1,79 pr. stk., men tomt på lager pr. dd.
  5. På våre kantar er potetkaker rekna som festmat. Kanskje fordi det er mykje arbeid med å laga dei og at dei derfor er litt eksklusive? Det er då tale om store tynne kaker, ikkje "lomper". Om ein ikkje klarar å lesa avisa gjennom dei så bør ein kunna sjå bakstefløya gjennom den ferdige kaka når ein snur den! Dei er fast følgje til lutefisken med smør på og som kaffimat med smør og strøsukker. Oppskrifta er enkel: 3 kg rå uskrella poteter (2,3 kg rå skrella) Salt Kveitemjøl. Lettrømme Om ingrediensane er få og enkle så krev det dess meir i arbeid og teknikk. Opplæring hjå nokon som kan knepa er å anbefala. Vi fekk eige bakekurs, berre for menn, i regi av det lokale Bondekvinnelaget. Tusen takk til Birgit for godt kurs! For dei som ikkje har nokon i nærleiken som kan læra frå seg skal eg prøva å skildra framgangsmåten. Tidsbruk Av denne oppskrifta vert det 18 kaker. Frå ein byrjar å skrella poteter til ein er ferdig å vaska opp går det i alle fall 4 timar. Redskap Som i livet heldest er godt redskap halve jobben. Kvern Til å mala potetene i. Eg brukar ei (kjøttkvern) som vert montert på kjøkkenmaskin. Kjøkkenmaskin med eltekrok til å elta potetmassen. Det går fint for hand og, men massen er klissete og legg seg snart på fingrane Takke Eg har ei Meteor L5 med diameter på 46 cm og effekt på 2000 W (Meteor.no). Den er "lett". Får ein tak i ei gamal i støypejern så gjev den jamnare fordeling av varmen. Bakefløy Mi er av ask med totalmål 64 x 4 cm med handtak på 11-12 cm. Den må vera forma som eit sverd, tynn og med "egg" på begge sider og spissa i enden. Bakeduk Til å baka ut kakene på. Strukturen i duken "held" på mjølet og gjer at kakene ikkje klistrar seg så lett fast. Seglduk ca. 60 x 60 cm, dukvekt ca. 400 g/m2. Eg bestilte bomull seglduk kvit natur farge, 410 g/m2, Ubehandla, frå hovedsmann.no. Ha to-tre stykker. Har det fyrst klistra seg deig i duken er det berre å finna ny duk. Kjevle Kjevle med rutemønster til å baka ut kakene med. Bakekost Til å kosta mjøl. Steikjespade Til å løysa kaka frå duken når den har klistra seg fast og til å skrapa av takka og bakeduken. Rist Til å kjøla kakene på Ingrediensar Poteter Ein må ha poteter av ein sort som er egna for baking. Eg har hatt gode resultat med Asterix og held meg til den. Andre sortar som er eigna er Beate, Peik, Standard og Troll. Salt Vanleg fint salt. Saltet gjer deigen seigare og lettare å baka. Det skal ikkje vera så mykje salt at kakene smakar salt. Lettrømme Skal og gjera deigen lettare å baka. Kvifor lett- og ikkje Seterrømme veit eg ikkje, men oppskrifta frå læremeisteren seier so. Framgangsmåte Skrell potetene og kok dei. Ha "litt" (1 ss) salt i vatnet. Når dei er kokte, sil av vatnet og lat dei slå frå seg. Strø over "litt" (1 ts) salt og mal potetene 2 ganger. Lat potetmassen kolna. Ein lagar ikkje til all deigen med ein gang. Det går så lang tid med utbaking at deigen etter kvart vert råare/fuktigare og uråd å arbeida med. Ein kan og ta seg inn i runde to og ha i litt meir kveitemjøl om deigen i runde ein vart for klissete. Når potetmassene er kald del den i 3 like deler. Ha ein del i bakebolle i lag med ei god spiseskei rømme. Bland i kveitemjøl til "passe deig", kva no det er. Kunsten er at det skal vera så lite mjøl i deigen som råd. Deigen vert lettare å arbeida med om ein har meir mjøl i, men kakene vert ikkje så gode. (det er mellom anna det som skiljer proff og amatør...). Dette vil sjølvsagt variera etter sort og kvalitet av poteter. Sist eg baka målte eg opp og fann at 1,5 dl var høveleg. Slå på takka. Potetkaker skal steikjast raskt på høg varme. På Meteor takka er trinn 7-8 høveleg Elt deigen til den er som ein bolledeig. Ha den over på bakebord og elt den litt til med litt kveitemjøl. Rull ut til ei pølse og del den i 6 like store emner, ca. 130 gram kvar. Rull kvart emne til ein så perfekt bolle som råd. Bruk litt kveitemjøl for å hindra at det vert klissete. Til finare ein får bollane til lettare er det å baka ut runde kaker med jamn kant. Det er lettare å få fine bollar om ein ikkje har alt for mykje mjøl på bordet slik at bollen klistrar litt. Med for mykje mjøl sklir den i mjølet i staden for å rulla. No byrjar utfordringa. Her er og skilnaden på proff og amatør kor lite mjøl ein kan klara seg med. Til å byrja med så svarar det seg å vera på den sikre sida. Har ein fått fuktig deig som klistrar seg til bakeduk og kjevle vert det trist og leit og ein har mest lyst til å gje opp. Ha kveitemjøl på bakeduken og stryk det utover med handflata. Legg emnet (bollen) oppå. Klappa den flat og rund til ca 7-8 cm dia. Strø over mjøl og kost det utover med handflata. Snu kaka med fløyen, strø over mjøl og fordel det utover med handflata. Kaka skal ikkje vera kvit av mjøl. Overflata skal vera fløyelsaktig. Kjevl ut emnet til 15-16 cm dia., strø på litt mjøl, fordel med handflata, snu med fløyen, strø på litt mjøl, fordel, kjevla, mjøl, fordel, snu og så burtetter. Snuing Før fløyen under heile kaka, frå eine til andre sida, med ei lett sagande rørsle for å vera sikker på at den er laus frå duken. Set deretter inn fløyen med omlag 2/3 av kaka på eine sida og 1/3 på andre sida. Løft opp og snu ved at "2/3 delen" kjem ned på duken fyrst, så rullar ein fløya slik at resten av kaka kjem ned. Når kaka er ca.35 cm i dia. er den klar for steiking. Bruk same teknikken som før og "snu" den opp på takka. Steik den "litt" på eine sida, snu og steik andre sida, snu på ny og steik side ein ferdig. Ein gjer det på denne måten for å halda på fuktigheten i kaka slik at den ikkje skal bli tørr. Side ein klar for 1. snuing Snudd ein gang, steikjer side 2 ferdig. Snudd to ganger, steikjer side 1 ferdig. Legg ein kjøkenhandduk på rista. Når kaka er ferdig så legg den på handduken og dekk over med ein handduk til. Skrap av takka med steikespaden slik at den er klar for neste kake. Når dei fyrste 6 emna er blitt ferdige kaker lagar ein nye emner av den neste 1/3 av potetmassen, o.s.b. Resultat av 4 timars arbeid... Tips og triks Grovare duk er betre å baka på, men problemet er å få stryka den glatt nok etter vask. Stryk bakeduken før bruk. Damp og max. varme. Snu ofte til du får føling med kor mykje ein kan kjevla før deigen klistrar seg fast. Det legg seg snart eit belegg på bakefløyen, særskilt etter at ein har snudd kaka på takka. Det gjer at den vert "harkjen" og ikkje glir så lett mellom kake og duk eller takke. Bruk ein tørr gryteskrubb i stål (borespon type) til å gjera rein fløyen. Ein kan bruka den same metoden på kjevlet og. Om ein har plass så ha reserve bakeduk liggande klar med mjøl på ved sida av den du brukar. Når (ikkje hvis) det klistrar seg fast i duken snu kaka over på den andre duken. Skrap av deigen som har klistra seg fast med steikjespaden og gni inn mjøl. Snur ein kaka ned på klissete duk så er ein inne i ein vond sirkel. Det kan gå bra, men som oftast vert det meir kliss. Har kaka klistra seg fast i duken kan ein prøva å løysa den forsiktig med steikjespaden. Potetmassen gror snart fast. Legg kvern, bakebollar o.l. i bløyt, eller vask dei så snart ein er ferdig med å bruka dei. Oppbevaring Potetkaker er ferskvare. Ein kan lagra dei i eit par dagar. Eg har ein lav rettvegga Tupperware boks som er 30 cm i dia. som høver fint til dette bruket. Om ein ikkje et opp alt med ein gang kan ein frysa kakene. Brett dei dobbelt og legg i høvelege porsjonar i frysepose. Dei må liggja flatt og plant ved innfrysing. Oppskrifter Kaffimat Smør heile kaka med eit tynnt lag "godt" smør / Setersmør / Kviteseidsmør. Lettprodukt høyrer ikkje heime her! Brett kaka dobbelt og skjer den i to. Legg på serveringsfat. Set fram med strøsukker ved sida av. Om ein sukrar kakene når ein lagar til vert dei fort klissete. Fingermat / Forrett Potetkaker kan fyllast med alt som er godt! Legg fyllet ut på kaka, rull saman, skjer i høvelege bitar og sikra kvar bit med ein tannpirkar. Snøfrisk smøreost, dill, røykelaks og honningsennep. Spekeskinke, oliven og reven parmesan. Her er det berre å prøva seg fram. LUKKE TIL!
  6. I "bullet list" står det recomended imapct velocety 1700-2000 fps. Då er 1730 fps @4m kanskje litt sakte, men det ligg ein del bevis i frysaren på at den gjer jobben. Og eg meinar framleis at utsegnet i kaliberomtalen i ein av dei fyrste utgåvene av Ladeboken gjeld: Har du bruk for .458 Winmag., kjøp ei rifle i det kaliberet, ikkje prøv å lada opp ein 45-70 til å bli det.
  7. Hmm... godt spørsmål ser eg etter litt googling. Eg har tidlegare kjøpt hjå Parabellum og Midway, men ingen av dei har den ser det ut til. Edit: Midway.no har den på lager til 738,-/50 stk. eller 14,76,- stk. Det kostar å vera kar... Woodleigh oppgjev Jakt og friluft som Norsk representant. Dei listar ikkje denne kula. Eg skal prøva ein e-post til dei. Edit 2: e-post frå J&F: "har 200 av den her i butikken til 22,98 pr.stk." Ikkje ofta at Midway er det rimelegaste alternativet.
  8. Woodleigh 405 grains FN Hylser: WW, hylselengd 53,3 mm Hetter: CCI#200 Patronlengd: 53,3 mm Lee factory crimp die Marlin 1895, 22" løp, snitt av 3 skot. Krutt: N133 49 grains -1512 fps 50 grains - 1548 fps 51 grains - 1584 fps 52 grains - 1636 fps Krutt: N135 52 grains - 1617 fps 53 grains - 1664 fps Max. ladningar er på fabrikknivå+, vurdert med mikrometer. Ser at eg har testa 53 grains N-135 ladninga 2 år seinare, men då med FC, forkromma hylser, hastighet 1733 fps og 3 skots samling 30 mm. Og 4 år etter det att, med FC hylser og FC#210 hetter, 1725 fps Dette er ladninga eg har brukt på jakt sidan 2002 og som eg ikkje ser nokon grunn til å byta ut. Eg skreiv i posten om modifisert 350 grains kule at eg ikkje hadde testa ekspansjonen i 405 grains kula. Det er ikkje heilt sant. Her har den passert gjennom nakken på ein hjort på 114 kg, rett nok skote på ca. 30 meters hald. Eg trur konklusjonen er at den har ekspandert... Legg ellers merke til rein sårkanal og lite blodslege kjøt. Dette trur eg er typisk for tunge kuler i lav hastighet.
  9. Jepp! Både konsept og kaliber (45-70) er for dei spesielt interesserte. Til sitt bruk har den ein del plussider: Ein kan bera rifla i tyngdepunktet med grep rundt låskassen. Eg ber i alle fall meir enn eg skyt... Kikkertsiktet er kjapt å ta av, ghost-ring diopteret fungerar fint på korte hald og rifla vert enno lettare å bera. Kaliberet fungerar ut til 130m og lenger ser ein dessverre ikkje i vestlandsliene grunna tilgroing. Når ein har lært å bruka scout-siktet med begge augene opne er det kjapt og ein har stort synsfelt. 45-70 sparkar litt i ei lett rifle. Scout-siktet gjer at ein ikkje treng å frykta halvmåne-arret over auga (The Weatherby-love-bite)
  10. Dum-Dum kuler i 45-70. Sat nett og bladde i gamle ladenotatar og fann eit prosjekt eg haldt på med for 15 år sidan. Det kjem heilt klart inn under kategorien sært, men kan kanskje vera interessant for nokre (sære). Eg har brukt ulike kuler i kaliberet, m. a. Sierra 300 grains, Barnes 400 grains, Speer 400 og 350 grains med ymse resultat. Verst var nok Sierra 300 grains som eg skaut fyrste hjorten med i dette kaliberet. Den gjekk rett ned i smellen, men då vi slakta klarde vi ikkje å finna kulehol inn i brysthola. Kula hadde splintra fullstendig i bogbladet. Kva hjorten daua av er ikkje godt å seia... Sterkt påvirka av enkelte våpenskribentar sine lovprisingar av det einaste saliggjerande for jaktkuler, lodda kjerne, sat eg etter ein del fundering med ei pakke med Woddleigh 350 grains WCRN. Kløyvd kule og mantel. Mantelen er varma opp slik at blyet rann ut. På Woodleigh-kula til venstre ser ein tydeleg at blyet heng att i mantelen. Speer-kula til høgre slepper lett alt blyet. I alle andre samnhengar når det gjeld kuletesting er det viktigaste at kula ekspanderar kontrollert og at kjerne og mantel ikkje skil lag. Sidan Woodleigh kula i utgangspunktet er laga for .458 WM, som har monaleg høgare utgangshastighet enn 45-70, så burde den i alle fall vera solid nok til å unngå fullstendig samanbrot, slik eg opplevde med den tynnmantla 300 grains Sierrakula. Etter å ha filosofert nærare over dette fann eg ut at det rette måtte vera å testa ekspansjonen på kula på 100 meters avstand, i staden for på 30 slik eg hadde testa dei andre kulene. Det viste seg at kulene i allefall var solide nok! Eg sette opp 80 cm med standard testmedia, våte telefonkatalogar, på 100 meters avstand og sende avgarde ei kule med 1740 fps utgangshastighet. Etter å ha bladd meg nesten heilt til endes i stabelen med telefonkatalogar fann eg kula like god som ny! Eg reduserte så avstanden til 30 meter og testa på nytt. Heller ikkje no var det nokon ekspansjon. Kula gjekk gjennom 80 cm med våte telefonkatalogar vart attfunnen i grusen eit stykke bakom. Så ”vad nuh”? Ei jaktkule skal ekspandera, eller? Ord som Dum-Dum melde seg snart i bakhovudet. Eg bestemte meg derfor for å prøva meg som ”custom” kulemakar med Woodleigh kula som utgangspunkt. Fyrste runde med modifisering: 1.RN (original). Kulelengd 24,2 mm. Kulevekt 350 grains. 2.FN: Stakk av kula til 23,4 mm lengde og fekk flat nase med dia. 5,5 mm. Kulevekt 348 grains. 3.HP: Bora med 6 mm bor til den akkurat hadde full dia. i kulespissen. Kulelengd 22,9 mm. Kulevekt 345 grains. Testskyting på 100 m synde lite betring. Flat nase hadde ingen praktisk verknad. Holspissen gav ein ekspansjon på 2 mm, til 13,6 mm. Den beskjedne ekspansjonen reduserte inntrenging frå 70 til 50 cm. Restvekta var 98% for alle. Soppforma mangla det mykje på så her måtte meir modifisering til: Stakk av kula til 22,7 mm. Bora ein holspiss ø4 x 6 mm. Brekka kanten på holspiss til ø 6 mm med forsenkar. Kulevekt 332 grains. Kula vert då WCFNHP (Welded Core Flat Nose Hollow Point), imponerande... Ved testskyting på 100 m såg kula ut som eit bilete frå ein annonse: Perfekt soppform og med ei restvekt på 94%. Inntrenginga var no nede i 35 cm. På 30 m var restvekta 92 % og inntrenginga var 37 cm. Avslutta med torturtest med 2. katalog tørr. Kula hang framleis fint saman. Restvekt på 86 % og inntrenging på 35 cm. Frå venstre: Umodifisert, FNHP@30m, FNHP@100m, FNHP@30m m/2. katalog tørr. Eg hadde faktisk klart å laga ei perfekt kule til kaliberet. Eg jakta med denne kula i nokre år, men det var eit stress å modda kuler så då Woodleigh kom med 405 grains kule (Cat.no. 30B) tilpassa 45-70 kaliberet gjekk eg over til den. Med til soga høyrer det vel og at eg aldri har gidda å testa ekspansjonen på 405 grains kula. Spørsmålet er vel kanskje og kor stor betydning ekspansjon i eit så grovt kaliber har. Ei uekspandert .45 kule har omtrent same dia som er ekspandert 6,5 kule... For ordens skuld, sidan dette skal vera ein tråd om lading: Kule: Woodleigh .458, 332 grains WCFNHP Krutt: N-135, 56 grains Hette: CCI 200 Hylse: WW Patronlengd: 63,8 mm Lee factory crimp die Våpen: Marlin 1895 m/22" pipe Hastighet: 1740 fps @4m
  11. I følgje ein gamal revejeger i nabobygda, med fleire hundre revar på samvetet, kan ingen ting måla seg med katt som åte.
  12. Speed & service frå Lee: Delene kom i posten i dag, dvs 5 dagars leveringstid. Einaste skår i gleda var at den nye delen ikkje var direkte kompatibel med innfestinga av armen. Så då må eg bestilla eit par deler i tillegg.
  13. @kammerlås: Takker! Deler er bestilt direkte frå Lee si nettside. Var innom den før eg posta, men fann ikkje reservedelslista då.
  14. Den gamle Lee pressa mi rauk i dag. Skulle pressa nokre 45-70 og prøvde for fyrste gang Iosso Case Sizing Lube. Spraya alle hylsene medan dei stod i ladebrettet. Merka at fyrste hylsa gjekk tregt og gav meg før hylsa var heilt i botn. Då eg la litt tyngde på for å få hylsa ut att rauk "toggelen" Som det stod i ein omtale (VJ?): "Lee Challenger er laget av aluminium. Den ser også ut som om den er laget i en tid da det var skrikende mangel på materialet" Skrua ut spennhylsa for hetteutstøytaren og fekk banka ut hylsa med ein messingdor. Den sat godt og det måtte eit kraftig hammarslag til for å få den ut. Hadde ikkje tenkt å kjøpa ny presse så spørsmålet er: Har nokon ei Challenger presse liggande som dei vil kvitta seg med. Om den er deffekt gjer ikkje noko så lenge det ikkje er same delene som på mi som er røken. NB! Eg er ikkje ute etter å starta ein tråd om feil og manglar ved Lee ladeutstyr! Må eg kjøpa ny så vert det ei Lee Classic Cast
  15. Eg har eit Williams 375M #56443, men eg har eit "winged" baksikte som er gjer at baksiktet kjem 2 mm høgare enn montering utan "wing". Baksiktet, ghost ringen, er justert heilt ned i basen slik at om du ikkje har "wing" så kan du justera baksiktet opp tilsvarande. 405 grains kuler @1730 fps går då midt i på 100 m. Etter 3-4 sesongar i vestlandske brakalier og plantefelt så ser siktet ut til å stå for ein støyt.
×
×
  • Create New...