Tråden er gammal, men eg har hatt ny panne i hus i ein månad, og er storfornøgd.
Som student har eg vore innom det meste som har lagt igjen av tidligare leiebuara, og har hatt eit knippe ikea-panner som funkar greit sjølv. Men eg ville ha noko som både tålte metall, kunne setjast i ovnen, og ikkje var redd for varme.
HBO Nordics støypejernpanne koster 299 på elkjøp! Det måtte jo prøvast. Og den er fantastisk. Å ta vare på støpejernspanner er jo som religion, så eg skal ikkje gå så nøye inn på det, men eg som nybyrjar kan fint lage omelett i mi, så så veldig komplisert treng det ikkje å vere;) Største utfordring er å halda den unna dei andre eg bur med, og å ikkje ta på håndtaken når den kjem ut or ovnen.