Hei!
Har ein kamerat som i slutten av 2013 kjøpte seg ei bikkje som er blanding av Beagle og Pointer (50/50), og i dag er bikkja 16mnd gammal. Den er utseendemessig lik Beagle, men litt mindre hove og litt spissare snute enn orginalen. Min kamerat har funne ut at han ikkje kan ha hund lenger. Mykje jobbing og mindre jaktinteresse går utover hundestellet. Han har no bestemt seg for å omplassere bikkja, og eg er sjølvsagt innteressert, men skepsisen er tilstades.
Eg bur på vestlandet og det er då hjortejakt som er min hovudjaktform, men pga stigande revestamme er eg gira på ein brukande revehund og. Det som skyldast skepsisen min er først og fremst alderen på bikkja. Er den for gammal til å bli ein brukande drivande hund? Til no har nok ikkje bikkja vore på jakt, men den har hatt turar i skog og mark, og ifølge eigar er den interessert i hjort. Har hatt den med på tur sjølv, og kan sei at den drar godt i bandet då den har hjortelukt i nasa.
Det at hjorteterrenget ikkje er det største er også ei "bekymring". Har forstått det slik at Beagle likar lange losar? Ikkje så stort interessert i ei bikkje som tar ut og eige vald og må hentast på kvelden tre vald vekke.
Reveterrenget er same terrenget, men då er ikkje valdgrensene noko å tenke på lenger. Hjorten trekke vekk på vinteren pga snømengde, og kjem tilbake på våren.
Forstår det slik at Beaglerasen er sta og vanskeleg å få inn. Har eit inntrykk av at bikkja ikkje er så lett å få inn den dag i dag. Er det for seint å gjere noko med det? Evt korleis?
Eg er svært innteressert i jakt, og er gira på å bruke tid på bikkja. Eg har ein kjæreste, samt far og mor, som likar hund og kan bli viktige støttespillarar. Både eg og dei andre som var nemde går mykje i skog og mark, så det skal bli mosjon på bikkja. Har hund den dag i dag, og er vandt med hund, men dog ein heilt anna rase som er mykje rolegare og ikkje fullt så jaktinteressert.
Det eg egentlig vil fram til, er det mulig eller verdt det å gi bikkja eit forsøk til min type jakt?
På førehand, takk for alle svar