SP, og Jenny Klinge er på saka fortsatt:
--
Senterpartiet inviterer til seminar om EUs våpendirektiv på Stortinget 14. juni
Senterpartiet inviterer til eit kort, tverrpolitisk seminar om dei føreslåtte endringane i EUs våpendirektiv. Vi får besøk av Det Frivillige Skyttervesen, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Norges Skytterforbund og Dynamisk Sportsskyting Norge. Organisasjonane vil fortelje om aktiviteten sin og korleis dei vil kunne påverkast av endringane i våpendirektivet slik forslaget føreligg i dag. I tillegg er temaet kva som må til for at Noreg eventuelt skal kunne akseptere direktivet, og kva slags endringar som vil kunne forbetre den eksisterande norske våpenlova.
Dette er en fin sjanse for å lære meir om temaet og få svar på spørsmål du måtte ha frå eit utval organisasjonar som er engasjert i saka. Media er velkomne, og får høve til å intervjue innleiarane etter seminaret.
Tid: Tysdag 14. juni kl. 13.30 - 15.15
Stad: Stortinget, N303, inngang Løvebakken
Påmelding: Inger-Karin.Arntzen@stortinget.no, innen fredag 10. juni. (OBS: Det er ikkje ubegrensa med plass for tilhøyrarar.)
Program
Velkommen
Jenny Klinge (Sp), stortingsrepresentant og medlem av justiskomiteen
Det Frivillige Skyttervesen
Jarle Tvinnereim, generalsekretær
Norges Skytterforbund
Arild Groven, generalsekretær
Norges Jeger- og Fiskerforbund
Siri Parmann, fagleder, og Vidar Nilsen, jaktskytekonsulent
Dynamisk Sportsskyting Norge
Morten Kløv, president
Spørsmålsrunde
Vel møtt!
Venleg helsing
Jenny Klinge