Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

magnum_mauser last won the day on January 31 2022

magnum_mauser had the most liked content!

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

magnum_mauser's Achievements

Mentor

Mentor (12/17)

  • Reacting Well Rare
  • Dedicated Rare
  • 10 years in
  • First Post
  • Collaborator

Recent Badges

381

Reputation

  1. I 9,3x62 har eg skutt ein del hjort med 250 grns barnes tsx (gamletypen utan plastspiss), heimelada. Eg hugsar ikkje i farten kva ladning og fart eg hadde, men eg begynte på minimum og lada meg ca halvvegs til maks, då fekk eg god presisjon og stoppa der. Eg skaut dyr (hjort) opp mot 200 meter og hadde aldri problem med manglande ekspansjon - men tanken var der kvar gang eg skaut dyr på lengre hold. Eg kjøpte også eit par pakker med Fox fabrikkammo, 220 grns. Eg testa desse først på 10 meters hold på vannkanner med plankebiter mellom, eg synes dei opna i underkant lite. Eg skaut ein hjort med desse i fjor, og det er einaste dyret eg har skutt med 9,3 som hadde meir enn 5 meter fluktstrekning. Dyret kom seg ca 50 meter og på oppsparka der dyret låg, kunne ein sjå at dyret hadde kava ei stund før det var over - lungeskot. Slaktet var naturlegvis ikkje fint, svært mykje blodslag. Eg har skote eit knippe dyr i 9,3 med gamle tsx og nosler partition - og felles for desse har vore kort/ingen flukt og flotte slakt. Eg kjøpte eit par pakker 250 grns naturalis som eg har tenkt å prøve på hjort i haust, men eg kjenner at eg ikkje er heilt overbevist om at det blir bra. Eg har ikkje høyrt om dårlige erfaringar med denne kula i 9,3. Men eg kjenner fleire som har forsøkt den i 6,5 - og det gjekk ikkje bra.
  2. Eg har mest erfaring med å spore skada hjort med hunden i band. Eg har ved nokre tilfeller slept hunden laus og det har resultert i stålos og fall - seinast for få dager sia. Men dette har vore tilfeller der dyra har vore relativt hardt skada, men fortsatt relativt mobile. Dei har ikkje vore villige til å ta ut når dei får hunden etter seg, det har blitt stabil stålos etter maks 200 meter. Nokon som har erfaring med å sleppe hunden etter skada dyr som ikkje nødvendigvis er hardt skada? Til dømes eit dyr som har skade i fot, ryggtagg, streifskudd osv - vil desse dyra stå for hunden på samme måte som eit dyr som er vomskutt?
  3. Egg er blitt veldig glad i anorakker - kenguru-lommen er vanedannende! Eg har anorakker med vanntett membran, hybrid og ein i vadmel. Dei fungerer godt til kalde og våte dager, men eg savner ein anorakk til dei varmare haustdagane - har ein gode alternativer der?
  4. Handle børsa der du får den til 12500.- Ein ting er at selger ikkje forsøker å matche ein konkurrerende pris, nokon han på ein eller anna måte burde gjere. Men det vesentlige her er måten han møter deg på! Folkeskikk burde ikkje vere mangelvare i servicenæringer, og blir du møtt på denne måten i ei forhandlingsrunde, korleis blir det dersom det blir reklamasjon i etterkant av handelen?
  5. Eg har skjeldent vore so sint som eg vart på ein xxl butikk for eit par år sia. Dette var då xxl solgte ut store deler av varelageret sitt og når eg kom innom ein butikk hadde dei nettopp satt ned prisen på ferdigrulla lapua Mega i 9,3x62 til 200 kr eska, samt dei solgte oryx kuler i samme kaliber til ein latterlig lav pris. Eg spurte ein ansatt som jobba der om det var greit at eg kjøpte hvis eg framviste bilde av våpenkortet, som eg hadde på telefonen - i tillegg til legimitasjon. Han konkluderte med at det ville vert godt nok til å kunne kjøpe via nettbutikken og dermed var det godt nok i butikken også. Eg gjekk fornøgd til kassen med 10 pakker Mega og ein haug kuler. I det eg skulle dra kortet kom der ein svenskefaen springande som hadde overhøyrt oss og stoppa handelen. Sjølv om eit bilde var godkjent til kjøp i nettbutikken, kunne eg berre gløyme det i fysisk butikk. Han var både tverr og uforskamma og sjølv ein traust sunnfjording som i utgangspunktet ikkje har for vane å bli sint i forhandlingssituasjonar fekk svært høgt blodtrykk. Eg gjekk derfrå uten handel men med ein formidabel puls!
  6. Slik eg har tolka effekt/bruksområdet til denne, so ville den ha vore eit godt alternativ til dei som har jaktvåpen med mykje rekyl. Eg har sjølv relativt lette jaktrifler i både 338 en, 9,3x62 og 416, og noko som fjerner noko lyd, mykje rekyl og i tillegg er relativt lite/lett - hadde vore ein kandidat til mine våpen. Synd at ein ikkje får desse til f.ex 9,3 eller grovare.
  7. Eg vurderer ein skikkelig oppgradering av min cz 452. Det blir i tilfelle eit nytt avtrekk, ny stokk og optikk. Pr i dag står det ein Nikon stirling mountmaster 3-9x40 på den, med retikkel med kulebanekompensator. Det som plager meg mest med denne kikkerten er at den er av ein slik optisk kvalitet at dersom eg stiller dioptrien slik at retikkelet er skarpt, går det på bekostning av kvaliteten på bildet, er retikkelet skarpt, må paralaksen stå på ‘uendelig’ og då er bildet i beste fall ullent. I tillegg er ikkje klikka heilt nøyaktig på denne. Salongen min er i all hovedsak eit instrument for mengdetrening relatert til jakt, blinkskyting på alt frå fallfigurer til papp. Eg skyter på hold frå 30 til 100 meter - men desidert mest på rundt 60 meter. Eg trenger ikkje ein lyssterk kikkert, men ønsker eit skarpt bilde og pålitelig mekanikk. Kompensator i retikkel eller utvendige tårn vil eg helst ha, men det er ikkje avgjerande. Eg skyter for det meste på x6, og trenger strengt tatt ikkje variabel forstørring, men eg vill ha moglegheiten - 3-9 eller der om kring er perfekt til mitt bruk. Om eg trenger paralaksejustering eller ei, veit eg ikkje? Mesteparten av skudda som går gjennom børsa er mot diverse blinker på 60 meter. Eg har eit dårlig kikkertsikte til ca 1200 kr i dag. Hvis eg tenker maks 5000 kr, men i utgangspunktet ikkje meir enn nødvendig - for noko som er bedre enn det eg har og som innfrir mine krav. Har dykk då nokon gode alternativer?
  8. Får ein kjøpt nedskalert villreinskive tilpassa 50-60 meter? Tenkte og oppgradere 22lr treninga, som stort sett er på vanlige blinker, biter av leirduer osv, til ein viltfigur. Men då bør den vere ein del mindre enn den ein bruker på 100 meter, då eg tenker å ha den på 60 meter.
  9. Korleis er det med skjefter frå boyds, er det berre å flytte over, eller krever det tilpassing - og bør ein bedde?
  10. Husk at det ikkje finnes dumme spørsmål - berre dumme folk! Men kan nokon forklare meg kvifor HV er meir følsom for vind enn SV? Uten at eg nokon gang har grubla over dette, so ville min første tanke vore det motsatte
  11. Eg kombinerte ny kaffekvern og covid. Eg sleit ein del med å bli klok på den nye kverna, fordi lukt og smak var temmelig redusert. Når eg omsider begynte å få tilbake lukt&smak, var det berre å justere kverningsgraden på nytt! Eg enda opp med å kverne veldig fint slik at kaffen vart fryktelig bitter, fordi då kjente eg omsider noko som minna om smak - men det er godt å kunne kose seg med god kaffe igjen! Kvardagsglede er igrunn kraftig undervurdert!
  12. Takk for tips. Veit du om det er norske forhandlere som har boyds på lager? Fekk opp ymse treff på brownells, men ingenting på lager og ingenting som kunne bestillast.
  13. Eg har i dei seinare år vert flink å trent mykje med salongen, kjekk og effektiv trening som eg har hatt stor nytteverdi av som jaktskytter. Salongrifla mi er ein cz 452 med akseptabel presisjon, men skjeftet og avtrekket kunne definitivt vore betre - eg vurderer derfor å oppgradere begge deler. Men det ser ut som einaste skjefte ein kan får tak i her til lands er kkc - gode skjefter, men litt stiv pris til ein gammal cz. Om ein ikkje ynskjer å styre med handel frå utlandet, er det andre alternativer å oppdrive her til lands, som eg ikkje har fått med meg? Kravet til nytt skjefte er strengt tatt eit bedre skjefte enn den lille planken som børsa er levert med
  14. Sia sist eg skreiv her, so har eg oppgradert kvern, eg enda opp med Baratza virtuoso+. Eg er i utgangspunktet godt fornøgd med den, den kverner jevnt og det er god byggekvalitet. Det er eit par småting som irriterer meg, som at den er litt knotete å gjere rein, samt bønner som spretter rundt i beholderen uten at kverna får tak i dei - men jevnt over er dette ei god kvern. Eg kjøpte Hario V60 i haust og forsøkte meg litt på den bryggemetoden, uten at eg følte at eg fekk særlig dreisen på det. Derfor har eg siste vekene konsekvent brukt den, og no når eg har fått innarbeida ei rutine so brygger eg jevnt over veldig god kaffe med den. Eg fekk gjort ein avtale med eit lokalt kaffebrenneri, so eg får kjøpe ein lysbrent bærtørka kaffi i «bulk» til ein hyggelig pris hjå han. I tillegg har vi kaffeabonement hjå Tim Wendelboe og får 3 poser med ulike bønner kvar mnd - slik at vi får variert litt. Livet som kaffedrikker og livet generelt, vart litt betre når interessen for kaffe og brygging vart litt meir en mockamaster og Friele
  15. Eit verksted gjekk gjennom saga og justerte forgasseren, for å sjå om problemet kom seg. So det er dessverre neppe ein quickfix
×
×
  • Create New...