Klipt fra tollvesenet sin side, les her og bruk riktige summer når du planlegger.
Verdigrensa
Meir enn eitt døgn
Dersom du har vore utanfor Noreg i meir enn 24 timar, kan du ta med deg varer for inntil
6 000 norske kroner utan å betale toll og avgifter. Denne verdigrensa er den totale summen på varene du har handla, inkludert kvotevarene.
Mindre enn eitt døgn
Er utanlandsopphaldet kortare, kan du éin gong i løpet av 24 timar ta med deg varer for
3 000 kroner toll- og avgiftsfritt. Denne verdigrensa er den totale summen på varene du har handla, inkludert kvotevarene. Hugs at du berre kan ha med deg alkohol- og tobakkskvota dersom du kan dokumentere at du har betalt avgifter i eit EØS-land. Du kan derfor ikkje handle tax-free.
Toll- og avgifter på våpen du kjøper i utlandet
Nye og brukte våpen som er kjøpt i utlandet og som du tek med som reisegods, kan du innføre toll- og avgiftsfritt. Verdien kan ikkje vere over verdigrensa for reisegods. Er verdien over verdigrensa, må du betale 25 prosent meirverdiavgift. Meirverdiavgifta vert rekna ut frå kjøpesummen i utlandet. Husk å ha med deg løyvet frå politi eller lensmann.
Vert våpenet sendt til deg frå utlandet, må du betale meirverdiavgift på 25 prosent. Meirverdiavgifta vert rekna ut frå kjøpesummen, samt porto og fraktkostnadene. Hugs å ha med deg løyvet frå politi eller lensmann når du hentar og fortollar våpenet.
Gå alltid på raud sone når du har med deg våpen
Du må alltid ta kontakt med Tolletaten på raud sone dersom du skal innføre eller utføre våpen som krev løyve. Det gjeld sjølv om du har eit gyldig løyve frå politiet og det du betalte for våpenet ikkje er over verdigrensa.
Tolletaten kan og vil beslagleggje våpen som blir avdekt i kontroll på grøn sone – uavhengig av om har eit gyldig løyve frå politiet og om det du betalte for våpenet er innanfor toll- og avgiftsfri kvote.
Anders