Hei, har akkurat fått min cz 455 synth 22lr. Her presterte forhandler å ikkje sende med magasin. Har snakka med dei, så det skal komme etterkvart. Har i mellomtida prøvd å få tak i 10 skuddsmagasin. Har bestilt to stykk frå to forskjellige plasser, men dei er for smale begge to. Kva må eg sjå etter for å få eit magasin som passer? Begge magasina var til 22lr. Må eg bestille for 17hmr eller 22wmr? "Magasinholet" er på 47.xx mm.