Lee sin holdar for 308 etc heiter nr 2. Rilla på 6,5x55 skal eigentleg vera litt større enn 308 og 3006. Sjølv om holdaren ofte passar er det ein som skal passa betre. Lee sin heiter nr. 3.
Edit: RCBS hylseholdar nr 2 er faktisk den som er oppgitt til 6,5x55 og 30-30. Det hender nokre riller er trange, eg hadde ein gong nokre strie hylser i 8x57IS.
To ting som kan hjelpa, lån ein annan hylseholdar og prøv. Eller ta holdaren ut av pressestempelet, ta han i neven og prøv å pressa hylsa inn med handamakt. Ofte går det greitt nok, sjølv om det er tungvint. Du får i alle fall ein indikasjon på kor mykje som manglar. Du vil og sjå kvar det buttar, om det er rilla som er for trang, eller ho ikkje er maskinert brei nok. Viss det er rilla som er for trang så sjå om du finn neste størrelse hylseholdar. Viss det er rilla som ikkje er brei nok ville eg parkert hylsene i denne omgang. Ein siste utveg då kan vera å slipa litt av toppen av hylseholdaren, men det er ein fordel å få han så flat som mogeleg, og det er vanskeleg med berre handverktøy.
Men lykke til, og meld gjerne tilbake kva løysing du finn.