Svarthunden blir fire år. Syns sjølv eg har vore flink med sosialiseringa, men når han nærma seg to år var det full krangel med så godt som alt av hannhunder. Ein kamerat har ein GS hann som han går fint i lag med, og ein anna kamerat har ein IS hann som han går greit i lag med under tilsyn. Andre spisshunder betyr bråk, kvar gang. Har skjønt på folk i elghund miljøet at dette er eit vanleg problem med hannhunder.
Har sett på Vorsteher også, og liker korthårsvarianten godt. Problemet er at vi driv med sau og eg har blitt fraråda å kjøpe Vorseher på grunn av at dei er vanskelegare å få sauereine. Derfor er det Pointer som er mest nærliggande per no, men både Irsk og Engelsk Setter skal vurderast nærmare. Har høyrt at Pointeren skal vere noko enklare å dressere og ikkje treng so mykje repetisjon som ein Setter.