Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

joska last won the day on November 11 2022

joska had the most liked content!

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

joska's Achievements

Mentor

Mentor (12/17)

  • 10 years in
  • Reacting Well Rare
  • Very Popular Rare
  • Dedicated Rare
  • First Post

Recent Badges

337

Reputation

  1. "Problemet" er at det aktuelle avsnittet i forskrifta også viser til våpenlovens paragraf 20, som seier at "Under transport eller mellombels oppbevaring skal gjenstandane vere pakka slik at dei ikkje er synlege eller lett tilgjengelege.".
  2. Det har aldri slått meg at det er eit problem å frakte den uladde børsa på ryggen ute i skogen, sjølv om dette var gjort sittande på ein ATV. Forstår framleis ikkje problemet, men det er vel ikkje nødvendig heller så lenge øvrigheita har definert det som eit problem Får ha det i mente om eg nokon gong skulle skaffe meg ATV.
  3. Illustrasjonsbildet i denne saken er frå kontrollen der den omtalte jegeren (og fleire andre) vart anmeldt for ulovleg køyring. Desse anmeldelsane vart alle henlagt.
  4. Det høyrer til historia at denne personen - saman med nokre andre - eigentleg vart stoppa fordi politiet SNO meinte dei køyrde i utmark ulovleg. Dette viste seg å ikkje stemme, og denne saken vart henlagt.
  5. Sogn og Fjordane tingrett har idømt ein jeger 10000 i bot for å ha frakta rifla på ryggen når han køyrde ATV inn i jaktterrenget. Mannen forklarte at våpenet, ei jaktrifle, vart frakta tildekka, med sluttstykket og magasinet ute av våpenet på veg til jakta. Då han sat på ATV'en i utmarka, frakta han våpenet på ryggen med skulderstropp, sluttstykket spent ned, og magasinet i lomma.
  6. Dette er trolling på høgt nivå. Tippar at Röda_Lacket har ei fortid på usenet.
  7. Riktig, men det er ikkje drap i heimen som ligg til grunn for forbodet mot å bære kniv i det offentlege rom. Det er bruken av kniv til ran og truslar som er "syndaren" her.
  8. Amen. Land som tek godt vare på sine innbyggarar - inkludert dei kriminelle - har generelt lite voldskriminalitet.
  9. Brukar "normale folk" normalt å "misbruke" kniv?
  10. Det finns då andre skyteformer enn ISSF, eg er ganske sikker på at .22 short framleis er tillatt til metallsilhuett. Men er enig i at .22 short er eit lite attraktivt kaliber når ein ikkje får brukt det til t.d. hurtigprogramma til ISSF. Du får kjøpt .22 short på våpenkort for .22LR også. Eg brukar short i min 9422, det går 21 short-patroner i rørmagasinet
  11. Min er nok eit år eller to nyare, nummer S74087. Arva den frå min far som brukte den mykje. Lett å halde skarp, og framleis tight og fin i mekanisma. Men *lett* er ikkje eit ord eg ville brukt om den.
  12. Ja, det er vel heile poenget med porting?
  13. Det er eg klar over, men CZ455 er jo eit systemvåpen, så eg lurte meir på om det var råd å få kjøpt ei fiks ferdig heildempa pipe.
  14. Eg gjorde karriere av min hobby (ikkje jakt), det varte i fem år før eg var lei av både jobb og hobby. Når du sjølv ikkje kan styre tempo og retning, må fullføre det som viser seg å vere uinteressant, har tidsfrister hengande over deg etc. forsvinn mykje av gleda. Til slutt sat eg der med ein jobb eg ikkje likte og utan hobby. Gjekk over i eit heilt anna yrke, treivst godt med det og etter nokre år tok eg også opp att min gamle hobby.
  15. I min 455 går det aller meste av standard-ammo i overlydsfart, og den frontmonterte demperen hjelper ikkje noko særleg på det. Vil tru at ein heildemper med porta pipe vil gi eit heilt anna resultat. Finns det heildempa pipe å få kjøpt til 455, eller er dette ein børsemakerjobb?
×
×
  • Create New...