Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

vest's Achievements

Mentor

Mentor (12/17)

  • 10 years in
  • First Post
  • Collaborator
  • Posting Machine Rare
  • Conversation Starter

Recent Badges

7

Reputation

  1. Eg skulle ikkje ha sett ? teikn etter der eg skreiv om reduksjonen av storviltstammene,men sidan eg antok var eg ikkje sikker, derav ? teikn, Det eg egentlig lurte på er kva du synes om at dei ikkje reduserer tamreinstammen på Filefjell som ligg kloss inntil Nordfjella sone1? Tamreinen der skiller seg frå anna tamrein og har meir til felles med villreinen som no er sanert (iunnateke sone 2) . Eg skjønnar det berre ikkje kvifor den reinen skal vere freda for reduksjon,medan hjort og elg som har meir til felles med amerikansk moose og elk som er mindre utsatt enn andre andre der borte , skal lettare reduserast. Logikken måtte vere å redusere også tamreinen,men det virkar som dette er blitt eit tabu for Mattilsynet å snakka om.
  2. OK, da er forstår eg kva du meiner,men er heilt uenig med deg i definisjonen på smitter ekstremt lett. Det vanlige definisjonen er å sjå på R tallet altså kor mange andre individ eit smitta individ vil smitte til. Og da er det nok mange andre sjukdommar som kjem mykje høgre opp. Inkubasjonstida varierer, kortaste kjente tida fra eit dyr blir smitta til sjukdomstegn blir synlige er 16mnd, lengste er ukjent,men opptil mange år. Og det varierer fra art til art,men ofte ligg det på 1-2 år. Forskarane seier vel ikkje her at sjukdommen er noko anna enn i Nord Amerika ,men at smittevarianten ikkje er lik. Betydningen av det veit dei ikkje. At smitten blir tatt opp i planter er dokumentert,men ikkje at dyr har blitt smitta på denne måten. Det er nok sannsynleg,men dei har altså ikkje klart å dokumentere dette enno. Eg forstår at du er redd for konsekvensane i verste fall, og eg ser at du meiner det burde vore sanering på Hardangervidda. Eg reknar då med at du er einig i reduksjonen av storviltstammene i og rundt Nordfjella og Hardangerviddaområdet? Da har eg lyst til å spørre om kva du synes om at dei ikkje gjer noko reduksjon på tamreinen som er på Filefjell? Dei har gjentatte ganger kome seg over sperregjerdet rundt sone 1, og dei står og sleiker salt på vegen og i veggrøftene på Hemsedalsfjellet. I akkurat samme grøftene gjekk villreinen i sone 1 og sleikte. Dette er altså tilgjengelig for tamrein uten noko hinder. Vinterbestanden er på ca 2700-3000 dyr. Rett nok er det svært lite bukk der,men også simler kan bli smitta. Likevel gjer Mattilsynet ingen ting med dette, da er det er mykje viktigare å redusere elg og hjortestammene sjølv om det ikkje er samme arten som rein. Genetisk sett er tamreinen på Filefjell meir lik villreinen som var i sone 1 , enn anna tamrein i Norge. For mange er denne passiviteten i forhold til tamreinen der merkelig, spesiellt med tanke på dei konsekvensane ein frykter i verste fal
  3. tussehaugen Du skriv at skrantesjuke smitter ekstremt lett mellom dyr, da må eg spørre kva legg du i det? Eg trudde derimot det var full einigheit mellom fagfolka at skrantesjuke smitter veldig langsomt og at smitten utviklar seg langsomt i dyret før det eventuellt blir sjukt. Med 2 påviste reinar med CWD på Hardangervidda gjennom 3 sesongar og tusenvis av prøver så kan vil no eg stille spørsmål om det smitter så ekstremt lett som du seier. Eg vil og minne om at i Nordfjella der dei snakka om at smitten kunne ha vore i 20 år så er ingen hjort eller elg påvist med smitte og det etter prøvetaking i tusenvis sidan 2016. Dette sjølv om det er veldokumentert at rein, elg og hjort har beita i samme område og sleika på samme saltsteinar i årevis, også lenge før 2016. I USA/Canada blir nettopp slike saltsteinar rekna som "hot spots" for smittespreiing. Forskarane er heilt klare på at den smittsomme varianten her er ulik den i Nord Amerika,men men dei veit foreløpig ikkje kva det betyr i praksis. Eg har og snakka med ein sentral norsk forskar som per no følgjer utryddingslinja,men samtidig seier at vi kanskje ikkje bør vere så opptatt av amerikanske forhold.
  4. vest

    Zodiac Team Pro WP

    Eg kjøpte nylig ein slik radio og lurer på om det finnes noko ekstrautstyr som passer, utover det som finns på Zodiac si heimeside? Tenker da for eksempel på batterikassett for tørrbatteri og teleskopantenne som passer til denne modellen. Eg veit ikkje kva antennekoblingen kalles på denne modellen. Har brukt radioen 1 helg på jakt og må sei meg fornøgd, likte spesiellt godt høgtalarfunksjonen som ein kan bruke sjølv med tilkobla mikroofon og øyreplugg. Det fantes ikkje på forrige radioen eg hadde.
  5. No føl eg ikkje så godt med på disse organisasjonene, men at dei har gått spesiellt ut mot slik ammo har eg ikkje registrert. Ei heller Jenny. Da er nok Jibrag meir inne på saken og då særskilt om Arnemo.
  6. Kven er Jennys forbundsfeller?
  7. Her er utdrag frå skytterens forklaring. Eg saknar det at han blir konfrontert med kvifor han i det heile tenkte å skyte med ein så dårlig bakgrunn sjølv om det faktisk skulle ha vore ein rev eller rådyr. Men det kjem vel fram under rettssaken. https://www.jaktjournalen.se/har-skjuts-joggaren-jagarens-bild-av-skottet/
  8. Ja ein må visst ha abonnement for å sjå dette.Gløymte at ikkje alle ser det samme som meg. Tar berre difor med eit kort utdrag;"No foregår det ei intern høyring blant rettshavarar og fjellstyre. Førebels ligg det an til ei rein bukkejakt, eller i det minste ei kvote med høg andel bukk."
  9. Dette er nok meir enn berre eit rykte sjølv om det formelt ikkje er gjort vedtak enno. https://touch.hallingdolen.no/nyheiter/original-vri-for-hardangervidda-1.2603381?ref=0xe5238da2ec56198449487c9a71407bff117171a6622bd5538b8cb1f3717fffa3
  10. I fjor bomma lokalforvaltningen grovt på kor stor hjortestamma var. Dei forventa å ta ut 820 dyr, mot 785 i 2017. Resultatet vart 438 dyr. Først i oktober gjekk dei ut og erkjente at det var mindre dyr enn dei trudde, og da fortalte dei at svært mange dyr hadde døydd om vinteren og våren. Før 2017 sesongen sa fagfolka at dei måtte redusere bestandene med 20-30%. No når reinen er vekke og smittefaren er kraftig redusert så har dei altså auka talet til 50%. Det blir og sagt ein må forvente veldig små bestander i mange år framover. Mens planen er altså å reintrodusere rein i Sone 1 alt i 2023. 5år etter sanering. Virker ikkje heilt logisk dette. Forresten så kan det godt hende hjorte og elgbestanden alt er redusert 50%. Så lite dyr er det å sjå for tida at det ikkje skulle forundre meg. Den store tamreinbestanden på Filefjell der det er kjent gjennom mange år at tamrein har vore over i villreinsone 1, blir som vanlig ikkje nemnt av Mattilsynet. I siste VKM rapporten vart denne problemstillinga godt beskrive.Desse reinane har hatt meir kontakt med sone 1 enn villreinen i sone 2 dei siste 10-12åra. Ikkje rart ein representant frå Mattilsynet sa dei var under press angående tamreinen, men at dei måtte sjå på det på nytt. Noko dei no altså ikkje har gjort så veldig mykje med .
  11. vest

    Kuiu

    Kanskje du bør ta ein kikk på denne sida, mange flotte jakker der i ull, dei aller fleste med membran. No er det sikkert mange her som har fordommar mot tweed og trur dette berre er for snobben blant oss,men tweed finnes i alle prisklasser. Og det er varme og slitesterke klær. Alan Paine er nok eit ukjent merke for nordmenn,men dette er eit godt og forholdsvis rimelig merke på dei britiske øyer. Spesiellt modellane Combrook, Surrey og Loden burde vera aktuelle her. Sistnemnte er altså av Loden, det er to utgaver av den. Ein med for og membran, og ein uten. Førstnemnte er faktisk billegast. https://www.alanpaine.co.uk/sale/mens Det er forresten mykje salg på tweed jaktklær og andre jaktklær på dei britiske øyer no. Også mange andre gode merker både med og uten tweed og gore tex eller andre membranar. Regn har dei lang erfaring med der borte , så sjølv om merka er ukjente for oss så er det likevel kvalitet. Musto og Schøffel er ei par eksempel i det høgre prisskiktet Sjølv om tweed ikkje kjem i kamuflasje så er ulike farga tweed kanskje forløparen til kamuflasje. Mange av mønstra og fargane er avpassa til terrenget. Denne trur eg for eksempel vil vere godt kamuflert i mange hjorteterreng. Brun ,men ikkje så mørk som mange moderne brunfarga gore-tex klær er. https://www.alanpaine.co.uk/surrey-mens-waterproof-shooting-coat
  12. Riktig! Det er det viktigaste. Men som Nyati sa ;"Med grovt kaliber blir det større hull, raskere blodtrykkfall og død" ifølgje John Barness som skreiv artikkelen så er det ikkje alltid så enkelt. Det er ikkje alltid grovare kaliber gir større hol enn mindre kaliber.
  13. Sidan det ikkje ser ut til at folk les den siste artikkelen eg la ut så skal eg ta med ein setning: "It also occurred to me that an expanding bullet’s initial diameter isn’t what kills big game. Instead it’s the bullet’s “mushroomed” diameter, which punches a much larger hole."
  14. Ser no at dette temaet har engasjert folk. Håper da at denne artikkelen på side 6 kan ha interesse da den diskuterer nokre viktige poeng som ikkje har vore diskutert her eller i artikkelen som var utgangspunkt for tråden; "Does Caliber Affect Killing Power?" https://riflesandrecipes.com/wp-content/uploads/2018/02/RLN37Feb2018.pdf
  15. Ja egentlig hadde dei ikkje trengt å nemnt dette,men når dei kom med "forklaringa" på forskjellen pga rekyl så synes eg , om den skulle vere rett, at det ikkje har noko å bety i dag. Men kunne det vere interessant å visst om jegerar generellt i dag skyt bedre på jakt pga lyddempar.
×
×
  • Create New...