Jump to content

MartinH

Members
  • Posts

    80
  • Joined

  • Last visited

About MartinH

  • Birthday 10/14/1984

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

MartinH's Achievements

Enthusiast

Enthusiast (6/17)

  • First Post
  • Collaborator
  • Conversation Starter
  • Week One Done
  • One Month Later

Recent Badges

0

Reputation

  1. Eit anna alternativ som eg har brukt ein del gongar på tur er å ha med to 5meters snøre, to gåstavar (evt. to tynne bøyelige småtre) og ein jervenduk. Då kan du slå opp jervenduken som ein kukong med glidelåsen opp ved hjelp av gåstavane/trepinnane, snøra festa i kvar endemalje som bardunar og festa til større steinar (evt medbragte pluggar). For å motvirke kondensproblemet som nokon meina oppstend med bruk av jervenduk kan ein åpne glidlåsen litt i kvar ende for å få litt sirkulasjon. Sjølv med delar av glidelåsen åpen vil det komme minimalt med nedbør inn då det sjeldan regnar loddrett på fjellet, den lille fuktigheita som vil oppstå vil bli lufta ut. Med liggeunderlaget inne i duken søv du godt og lunt. Bør settast opp på langs med vinden evt. ha med to ekstra bardunar for å ta opp horisontale krefter frå vinden vist einaste egna plass er på tvers av vindretning.
  2. Her er vel ein lett ein, https://www.xxl.no/haglofs-l-i-m-down-+ ... le#details 473 gram. Ellers har liggeunderlaget mykje å seie.
  3. No kan det vere stor variasjon på rygglengde på folk kontra kroppshøgde. Eg er sjølv 185, men har reconpacken til norrøna innstilt på 175cm hakket. Beste rådet må vere å gå i ein butikk som har gjerne fleire pakkrammesekkar og prøv dei på ryggen med litt vekt oppi.
  4. Mine erfaringa er at tidlig i jaktperioden vil gjerne dyra gå meir spredt og i mindre flokker. Etter kvart vil jaktpresset og stressnivået til dyra auke og då vil dyra gjerne flokke seg i større flokker om dei har muligheit til det. Så dei små flokkane er vanskelige å finne, men sjansen for å få dyr er større da det er mindre sansynleg at det er fleire jegerar om flokken. Større flokkar er lettare å finne og å sjå på avstand, men du er mest sansynleg ikkje den einaste med flokken. På slutten av jakta er det og sannsynlig at mykje av jegerane allereide har fått dyra sina, og det er ikkje så mykje jegerar att i terrenget, i motsettning til første helga i jakta då kan det ver rett "Texas" fleire stader.
  5. Husk å legg deg i fysisk trening i god tid før jaktstart. Villreinjakt inneber fort gåing over lengre avstandar, fleire dagar på rad og er du dyktig ender du opp med ein god kjøtbør i sekken. Gode inngåtte sko, god sekk, god handkikkert, fjellduk, og gjerne gåstaver om det er steinete og bratt terreng. God jakt hilsen ein reinsjeger med 12års erfaring som løyvelaus
  6. Hei Fikk i sommer endelig lyddemper på mi Tikka T3 lite i 308W. Valget falt på å kappe løpet på 45cm, satt på ein Hausken Jakt151 og 14x1mm gjenger. Er meget fornøyd med rifla slik den er no ang demping, vekt og balanse.
  7. Hei og velkommen som fangstmann. Har sjølv brukt firstprice tamponga som har trekt godt og lenge i eit oppkok av honning, rosiner, sviske og anisfrø/olje. Det er raskt og billig å masseprodusere åte for ein heil sesong. Brukar å lage porsjonar der eg frys ned samme antall tampongar som eg har feller. Så tek eg berre opp ein ny pakke annakvar veke eller når forholda tilsei at åte bør skiftast. Dei brukte tampongane heng eg i nærleiken av fella for å tiltrekke mårens oppmerksomheit.
  8. Mest pistolskyting vil eg tru. Er ikkje medlem sjølv.
  9. Hei, det er ei innandørs skytebane i Ålesund sentrum. Prøv å kontakt Ålesund Pistolklubb på facebook eller på 91802494/ 99500294 E-post: lahellan@frisurf.no
  10. Kom gjerne med tilbakemelding om du finn vanlig klikkturret. Helsing meoptaeiger med R1 3-12x56 RD
  11. Eit forelegg er vel fortsatt "berre" eit forelegg, ein relativt uskyldig sak. Eg har fleire forelegg for bla smugling og fartsovertredelse , men eg har fortsatt får godkjent våpensøknad etter dette på våpen og våpendelar som løp.
  12. Hei Eg har fire mårar i fryseren og kunne tenke meg å prøve å flå dei sjølv. Eg er nybegynnar på området om ein ser bort ifrå flåing av hjort, men det en no ikkje heilt d same. Korleis går ein fram og kva skal ein gjere for å ta best mulig vare på skinnet? Kva redskap\verktøy er kjekke å ha under prosessen utanom vanleg jaktkniv? Triks og tips mottakast med stor TAKK Mvh Martin
  13. MartinH

    Kapping av 308

    Hei. Eg har ei Tikka T3 stainless som eg har tenkt å få påmontert ein Hausken JD151. Tenker å kappe løpet i same slengen, org 57cm løp. Har prata med børsemaker om evt ny løpslengde og han anbefalar ikkje under 52 cm. Er det nokon her som har gode erfaringar med å kappe løp under denne lengda? etter det eg har lest meg opp på så er 308 godt egna til kapping, og ser at folk har kappa løp ned til 45cm (min utland) og 40cm (min lovlig i Noreg) Mvh Martin
  14. Ja trekninga til fjellstyrene e no ein vits for seg sjølv. I år blir 11året eg søker på reinsjakt, og mest trulig blir det det 11året på rad utan å få tildelt kort ( kom på reservelista ein gong på slutten av 2000talet ) Eg veit at Nordal Kommune på Sunnmøre oppererar med at dei som fekk kort året før, ikkje har muligheiter for å få tildelt kort året etter. Dette for å fordele korta litt jamnt utover kommunens jegerstand. Fornuftig og rettferdig praksis..
×
×
  • Create New...