Det har blitt nokre jaktskot med åra. Ikkje alle har vore perfekte , dei fleste har vore bra. Nokre skot hugsar ein livet ut. Revinga på mandag ettermiddag gav nettopp eit slikt skot.
For mikkel kom klyvande oppi fjellet, jaktkompisane var lengre nede i dalføret, mogeleg dei skremde han oppover i dalen. Eg la meg bak ein stor og bøsen stein , fann og jobba opp eit stabilt anlegg og venta til han skulle krysse over ei rasrenne.
Langt nok opp, vel 200meter tenkte eg, og bratt oppover. Fytti so høgt oppi har kom.Teoretisk kuledropp på 4-5cm.
22-250Rem er ein svært flattskytande og hissig satan.
Reven stoppar på ein knaus. Trådkorset i Zeissen ligg noko høgt i bogen, følelsen er god og eit deilig avtrekk sende avgårde ein 35grains V-MAX .
Som slått av lynet.
Reven klappa saman og kom deisande utfor hamrelaget, som ei flipperspelkule, før han stoppar ferda i skredrenna.
Og der vart han liggande. Vi vurderte det som altfor stor risiko å klatre opp i renna og hente han.
Vi gjorde forsøk same kvelden, men kraftig vind, mørket, og overhengande fare for steinsprang, isnedfall og skred tilsa at det var lurt å snu i tide. Reving er viktig, men ikkje viktigast.
Helse kjem først, alltid.
I dag var hardhausen av ein kompis i klatrehumør og tok seg opp i skredet og henta ned reven. Trass sunn fornuft og det gjekk bra!
Det var eit verdig punktum for ei minnerik reving og eit jaktskot eg aldri gløymer.
Rev nr 8 for sesongen.