Jump to content

Måfåtølleiv

Members
  • Posts

    133
  • Joined

  • Last visited

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

Måfåtølleiv's Achievements

Enthusiast

Enthusiast (6/17)

  • 10 years in
  • First Post
  • Collaborator
  • Conversation Starter
  • Week One Done

Recent Badges

1

Reputation

  1. Her er eit startpunkt: https://www.dfs.no/Skytterlagssider/vik ... rets/oslo/ Dei fleste DFS-lag har utlånsvåpen i .22lr, og no er sesongen for innandørsskyting på 15m. Berre å ta kontakt og møte opp
  2. Finst mange norske forhandlarar og børsemakarar som har papira i orden for å få ting frå USA. Lettvint å spørje slike. Vertebrae hjelpte til dømes meg med nokre litt større deler for ein tid sidan. Andre kan nok og finne på å vera hjelpsame. Eg har opplevd fleire dømer på at butikkar vil ha kunder og er serviceinnstilt.
  3. Intersport Bogstadveien, (i Kirkeveien?) og Norsk Jakt ved Lysaker.
  4. Om erfaring skulle vera eit kriterium for å starte med noko, ville ingen nokon sinne koma i gang med eller finne på noko som helst nytt, (eller i dette høvet gamalt), på korkje eigne eller andre sine vegne. Eg ser det slik at trådstartar no har fått nyte godt av erfaringane og meiningane til andre, og er sett i stand til å gjera eit informert val om å droppe prosjektet eller gå vidare og legge sine eigne erfaringar til og gjere sine vurderingar av det andre har predika.
  5. Her er ei eg synes er pen: http://www.aspeliesvapen.com/317035148/ ... tid=264086 Fins i fleire aktuelle kaliber, men er vel berre 45/70 med flammeherdinga.
  6. Om ikkje Norma DL er å få i .30 har den gått ut. Eg sit vel på om lag 600 .30 i 168grs (trur eg det var) etter innkjøp til jaktfeltbruk som ikkje vart så intensivt som eg hadde tenkt for 15 år sidan. Kan ha skjedd mykje sidan, men den var i alle fall i produksjon då.
  7. Eg er enno av den meining at det ligg fornuftige tankar bak den strategien som er vald av Swenor. Den er heilt sikkert velbalansert ut frå dei rammene som er gjevne og vi ikkje kjenner veldig godt. Medverkande til at folk vel andre våpen kan vera at det er i beste fall 10-20k å spare på ein passeleg brukt eller ny Rimivariant av AR i høve til MR. Tilgjenge kan då vera eit lettvint vikarierande argument å ty til for å forklare at ein ikkje kjøpte det ein hadde informert gjengen om likevel. Så vidt eg veit har ikkje ventetida vore over 4-5 månader for dei mest uheldige. Eit halvt år går fort om ein har litt anna å gjera enn å sitje på ræva. For å sitere Christian S frå ein annan tråd som vart handlande mykje om leveringstid: "Gjorde noko anna medan eg venta". Om marknaden er så stor, er det rart at det ikkje møter meir enn 15 mann til NROF-NM eller 20 til Vårkonkurransen. Er det fordi dei ikkje har fått kjøpt HK? Neppe; er svaret mitt. Dette har vore situasjonen i mange år. Mangelen på nettbutikk har Nicolay forklara med at han på grunnlag av erfaringar frå tidlegare importørar ikkje vil øydelegge marknaden for forhandlarane sine. Eg som bur 4 timars køyring frå næraste forhandlar kan vera litt ueinig , men det er eit argument som inngjev ein viss respekt fordi det syner lojalitet til forhandlarane.
  8. Har berre gode tankar om kundebehandling og service frå Swenor som importør og Norsk Jakt som forhandlarledd. (Stort sett same mann). Det ligg genuin interesse for skyting og våpen i mange former bak, og ei imøtekomande og etter beste evne servicevenleg innstilling i møte med kundane. Slik eg har møtt det i alle fall. Når det gjeld moglegheit for andre til å importere, er det eit eller anna EU-direktiv om paralellimport eller noko slikt som seier at dette er ein god ting for sunn konkurranse og den slags rør. Det er difor ope for den som vil og kan til å finne sine kanalar og ta inn sjølv. Dette vert gjort m.a. av Intersport Bogstadveien, som eg også gjerne handlar med.
  9. Jaktdiopter får mykje skryt av gamlekarane eg har treft på, "Ghostring" blir det vel kalla om ein søkjer på utanlandsk. Det kan fungere å berre ta ut irisblendaren av det gamle banediopteret. Det vil gje eit romsleg siktebilde, eller berre byte ut eller bore opp til ein vesentleg større opning.
  10. Tørrbetong vil vel avgi ein del støv når sekkane har fått hol. Då er vi attende til sekker med pussesand i staden. Eventuelt Leca-kuler. Dei skulle vel vera som det materialet det var lenka til lenger opp, men avgir sikkert noko støv etterkvart som dei blir malne opp. Dei har også begrensa levetid i høve til sand som ikkje blir knust opp på same måten. Sand, (eller Leca), kan også fyllast på kanner og stablast i alle retningar. 20 liters kanner kunne vera greit, men dei blir ein stad ved 32-36 kg/stk. Leca er nok vesentleg lettare. Mindre kanner blir lettare å handtere, men får mange overflater og omlegg som kan gjere at det stoppar dårlegare.
  11. Ruger 10/22 og Remington 597 er vel dei som det finst mest ettermarkedsmagain og den slags til, men om ein ikkje treng 25 skots bananar eller 100 skots tromlar, er det vel fleire med konvensjonelle magasin som er eigna. Marlin er den eg kjem på i farten. Om ein er i bruktmarkedet kan det dukke opp mykje spanande, men då er kanskje deletilgang og reservemagasin ein begrensning. Erma, Brno, Hecler & Koch har vel modellar som er innanfor. På både 10/22 og 597 finst det lange trådar som deler erfaringarar til alle ytterpunkt for båe modellane. Les og bli klok, (eller forvirra). Sjølv har eg 597 som er heilt grei, men kjem vel over på .22lr konvertering på AR-type, (eller MR223), etter kvart. Minimumskravet på 1kg avtrekk er vel ikkje eit problem på nokon av dei aktuelle, med mindre du vil justere ned mot minimum. Moglegheitene for det på dei ulike har eg ikkje erfaring med.
  12. Det er forskjell på "jaktlag" og "grunneigarlag" og det er mange avartar av samrøret mellom desse. Om ein har rett til det eine eller andre er å finne i vedtektene til det aktuelle laget.
  13. Samd med DoctoRoy og Rausheim: Hjå oss er minstearealet 30 daa. Dette er nedfellt i vedtektene til grunneigarlaget.
  14. I vår kommune, (og i dei grannekommunene eg kjenner til), er ikkje OVF sine eigedomar store nok eller godt nok arrondert til at dei på eigen hand kan verke som forvaltningsområde. Dette gjaldt ellers også for ein del Statskog-eigedommar som no er seld til private. Desse eigedomane er med i lokale grunneigarlag som omset jakta på forskjellige vis utfrå sine formål og vedtekter. Gjerne ut frå "marknadsmessige målsettingar". Grunneigarlaga er gjerne i sin tur med i større driftsplanlag som styrer avskytinga på storvilt. I vårt lag er jakta stort sett på femårskontrakter for at jegerane ogå skal ha langsiktige interesser i valda dei disponerer. Skogforvaltninga i kommunen, (skogbrukssjefen/konsulenten), har eit fagleg ansvar i høve driftsplanlaget, og i vårt tilfelle er også oppsynet i den lokale statsallmenninga sterkt involvert i og med dei har utdanning innan viltforvalting og ansvaret for denne i ein stor del av kommunen. OVF sine skogar eksisterer her altså berre som ein deltakar i eit grunneigarlag.
  15. Vestmar PS: http://dssn.no/index.php?doc=klubbliste&region=8 Der er dei.
×
×
  • Create New...