Er so mykkje rare ting hunder spiser ser eg, så eg klarer ikkje dy meg.
Min fyrste Golden Retriver åt ganske mykkje rart. Så fort den trudde den var aleina, eller at ingen såg han, så gjekk da mesta ner på høykant.
Ein gong eg hadde tatt ein gradiosa ut av ovnen og lagt den på eit slikt stråfat, ringte det på døra. Eg gikk ut og snakka med naboen nokon minutt.
Når eg kom tilbake på kjøkkenet hadde hunden slukt både pizzaen og stråfatet. Diverse ting som blei slukt i andre situasjoner: Ein heil vannmelon, ein løk,agurk,paprika, 20pk sigaretter inkl sølvpapir,
tobakkspakke, gråstein, rå fisk, fiskebein, handsfree sett untatt jack pluggen, allslags insekt,mangen plastikk flaskekorker, papir, papp, pluss ein heil del anna!
Da var ikkje mykkje den hunden ikkje slukte om den fekk sjangs. Måtte følge med som ein hauk kvar gong eg høyrte han tyggde på noko. Og da var ikkje sjelden.
Ingen av tinga blei gitt bevisst til han, men ein stor "smart" hund, kommer til det meste både i og utanfor huset.
Da høyrer med til historien at han mangen ganger blei dårlig i magen av alle disse rare tinga han åt, men da stoppa han ikkje i å eta meir og andre ting.....
Han blei berre 7 år gammal, då eg måtte avliva han pga lymfekreft (om dette hadde noko med saken å gjer, er uvisst. Han var alltid ein veldig aktiv og sprek hund)