Må sei meg eining i at det er utrulig morro når man først kjem i gong med å olje rifla. Då eg var student i Oslo og sakna hjortejakta heime på sunnmøre, satt eg meg skikkelig inn i kunsten å mette trestokk og samtidig sørge for ein skikkelig finish. Eg er framleis ingen ekspert, men lærte meg det grunnleggande. Den tida var "Raudnakke" her på kammeret ein fantastisk god læremester. Las tråden hans kvar einaste dag. Eg brukte godt og vel 3 mnd før eg var heilt ferdig og stokken var ferdig metta og tørka, i tillegg til finishen eg la på til slutt etter mange timer med sandpapir. Har sidan den gong ikkje hatt noko problem med uttørking etter våte regndager. Eg er likevel nøye på å gi han jevnlig med pleie.
Min sako 75 var overhode ikkje ferdig metta frå fabrikk, og det trur eg generelt gjelder dei fleste nye våpen i dag.